Denne vitsen stod på trykk i den satiriske avsia TVIST-dotten. Foto: Faksimile
Denne vitsen stod på trykk i den satiriske avsia TVIST-dotten. Foto: Faksimile

Legg seg flat etter vits i 17. maiavis

Reagerer. HVL-rektor Berit Rokne reagerer sterkt etter at studentar ved høgskulen presenterte ein usmakleg vits i årets 17. maiavis.

Publisert   Sist oppdatert

TVIST-dotten er ei satirisk avis som heilt sidan 1936 har vorte gitt ut 17. mai i Bergen. Det er Bergen Teknikersamfund (BTS), ein studentorganisasjon ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), som gir ut avisa.

Det er ei heilt uakseptabel form for humor.
Berit Rokne
Rektor ved HVL

I år var det fleire som reagerte kraftig på innhaldet, melder NRK Hordaland. Ein av vitsane handlar om valdtekt av ei døvstum jente.

HVL-rektor Berit Rokne reagerer sterkt.

— Det er ei heilt uakseptabel form for humor og vil verta tatt opp med BTS. Eg kjem sjølvsagt til å følgja dette opp, seier Rokne til NRK.

Berit Rokne er rektor ved HVL og reagerer sterkt. Foto: Tor Farstad
Berit Rokne er rektor ved HVL og reagerer sterkt. Foto: Tor Farstad

Erik Næsgaard, som er leiar i 17. maikomiteen i Bergen, reagerer òg, og seier at dette er langt over streken.

Redaktøren for TVIST-dotten seier til NRK at redaksjonen legg seg paddeflate, og forklarar dette med svikt i rutinane.

— Her har det kome noko på trykk som aldri skulle vore på trykk, seier han.