Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) anbefalar nordmenn blant anna å ha passordbeskyttelse på mobilen, som ein del av Sikkerheitsmånaden. Foto: Tommy Alvestad Wiik

Kampanje for betre data-sikkerheit

For tredje år på rad deltek Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) i nasjonal kampanje for å spreie kunnskap om personvern, sikkerheit og beredskap til studentar og tilsette.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kampanjen nasjonal Sikkerheitsmånad, vert arrangert i regi av Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), som er ein del av Regjeringa si heilheitelege satsing på informasjonssikkerheit i Noreg, underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. 

Sikkerheitskurs 

Seniorrådgjevar Jorid Bodin har eit strategisk ansvar for informasjonssikkerheit på Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA).

— Sikkerheit er noko som gjeld alle. I Sikkerheitsmånaden ynskjer vi å auke kunnskapen slik at kvar og ein blir meir medviten om korleis ein i praksis kan medverke til ein god sikkerheitskultur, seier Bodin.

Bodin (biletet under) seier at HiOA gjennom å ta del i Nasjonal Sikkerheitsmånad vil kunne spegle høgskolen si heilheitelege satsing på sikkerheit.

HiOA vil annankvar dag i oktober sende epost til både ansatte og studentar i form av eit ti leksjonars kurs om sikkerheit

Av alle tilsette på HiOA gjennomførte 36 prosent i fjor ti leksjonar av e-læringskurset, det same gjorde sju prosent av studentane. 

Titusen påmelde

Prosjektleiar i Nasjonal Sikkerheismånad og konstituert administrerande direktør i NorSIS, Tone Hoddø Bakås seier det har vore ei dobling av antal bestilte føredrag i år.

— Vi spreiar informasjon gjennom media og Facebook. Den største utfordringa i Sikkerheitsmånaden er at vi skal nå ut til så mange på eit så kort tidsrom, seier Bakås.

Bakås understreker viktigheita av å vere obs med informasjon på internett. Samtidig seier ho at mange manglar ein god del kunnskap på området.

— Vi snakkar om profesjonell kriminalitet. Det er viktig å lære vekk kva som er eit godt passord, og at dei må nytte ulike variantar alle stader, seier Bakås.

Samarbeid med Studentparlamentet

Bodin seier at på HiOA samarbeider administrasjonen med Studentparlamentet for å finne fram til relevante problemstillingar for studentane. Tord Øverland (biletet under), leiar ved Studentparlamentet, seier det alltid er vanskeleg å nå ut til studentane.

— Vi vil bidra gjennom informasjon i våre kanalar og informasjon i sosiale medium, seier Øverland.

Øverland er oppteken av at studentane skal bli klokare på informasjonssikkerheit.

— På HiOA er det mange studentar som i større grad vil nytte seg av teknologi i løpet av studiane og vidare arbeidsliv. Difor er det bra at HiOA tek opp dette temaet. Eg har sjølv lært mykje om e-sikkerhet etter at eg har delteke i tidlegare sikkerheitmånadar, avsluttar Øverland.

Nettkriminalitet

NorSIS anbefaler at ein skal tenkje seg om før ein klikkar seg inn på lenkjer på nett. Deriblant skal ein vere varsam med kven ein chattar med og kva av informasjon ein deler av seg sjølv, at filmsnuttar og bilete kan bli kopiert og distribuert på andre nettstader med andre hensikter, og at ein skal vere obs på å klikke på lenkjer i epostar sendt av framande eller nokon ein ikkje forventar e-post frå.

— Ein bør ikkje berre klikke uhemma på nettstader, mail, facebooklenkjer og liknande. Vi er avhengige av eldsjelene som er informert om sikkerheit og som spreiar bodskapen til dei andre i bedrifta, seier Bakås.

Bakås nemner at kriminelle fiskar etter opplysningar. 

— Du kan få mail som ser ut til å vere frå banken, men som er administrert for å samle opplysingar om deg, seier Bakås.

Bakås fastslår at førebyggande tiltak er nødvendig om uhellet skulle vere ute.

— Eksempel på førebyggande tiltak er å ordne tastelås på mobil og datamaskin. Vidare bør ein nytte ulike passord på ulike tenester, seier Bakås.

Både Studentparlamentet og rektoratet ved høgskolen oppmodar alle studentar til å delta både på e-leksjonane per studentmai, samt arrangement og føredrag 9. og 29. oktober.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS