Sommar i Khrono
Ber regjeringa satse på høgt akademisk nivå i utdanning av sjukepleiarar
Rektor ved Høgskolen i Molde vil minne statsråd Hoel om at det trengst eiga forsking på sjukepleiefeltet.
— Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb? Eventuelt korleis?
— Vi er i 2024 førebels skåna for dei mest drastiske verknadane, men med full effekt av tilbaketrekkinga av utdanningsløftet i tillegg til betydeleg husleigeauke frå hausten 2024, er vi førebudde på ein meir krevjande økonomisk situasjon i nær framtid.
— Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takke ja dersom du får tilbodet? Om ja: Kva ville du gjort i staden? Om nei: Kvifor ikkje?
— Dette er vanskeleg å svare på. Årsaka til ein eventuell sluttpakke vil vere meir avgjerande enn storleiken på pakken. Skulle eg gjort noko anna, ville eg søkt jobb i klinikken.
— Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkje akademia framover?
— Eg har fleire råd:
Stå på for å sikre betre økonomiske rammevilkår i akademia i ei uroleg tid.
Oppretthald eit tydeleg skilje mellom fagskular og universitet/høgskular.
Sats på framleis høgt akademisk nivå i sjukepleiarutdanningane. Det er trengst eiga forsking på feltet og vurder kor stor del av utdanninga som skal vere praksis.
— Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk uhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endre på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggje betre til rette for studentar som slit?
— Utdanningsinstitusjonane må leggje til rette for at det er meiningsfullt og attraktivt å vere på campus. Det inkluderer også tilbod utanom det reint faglege. Trivsel og god helse er viktig for læring.
— To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering — og saka kjem opp i september. Blir plagiering/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia?
— Vi ser at det er nokre ulikskapar her i dag, og det blir arbeidd med dette samla i sektoren. Det er særleg viktig for små institusjonar.
— ChatGPT og kunstig intelligens er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter / trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?
— Det er uendeleg med moglegheiter og utfordringar, men det er også svært vanskeleg å sjå inn i glaskula. Dette vil mellom anna påverke arbeidskvardagen til tilsette, innhaldet i studia, læringsmiljøet og måten vi vurderer studentane på. Det gjev større krav til etikk og kritisk tenking både for studentar og vitskapleg tilsette. KI kan vidareføre eller forsterke eksisterande skeivheiter, noko som kan føre til urettferdige avgjerder og resultat. KI kan både verke utjamnande ved at KI-drivne chatbotar kan gje alle studentane hjelp utanfor undervisningstida og forverre eksisterande ulikskapar på grunn av ulik tilgang til KI-teknologi. Høgskolen i Molde må både jobbe med KI internt og sjå til andre institusjonar for å dele erfaringar og lære.
5 kjappe:
1. Vald eller tilsett rektor?
– Vald
2. Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen?
– Munnleg
3. Forskingstermin i Paris eller Svalbard?
– Paris
4. Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt?
– Protesterer
5. Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse?
– Ellen Blix og Inga Strümke. Eg kjenner ingen av dei, men dei har på ulike måtar vore pionerar og sett sine fagfelt på kartet. Det er svært interessant, og det kunne eg lære mykje av.
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut