kraftpris-hoppet
Ber om svar på om studentane er straum-prioritert
Regjeringa skal hjelpa grupper som er ekstra hardt ramma av høge straumprisar. Står studentar på denne lista, spør Høgre.
«Stortinget ber regjeringen raskt komme tilbake til Stortinget med mulige tiltak som kan redusere den økonomiske belastningen for husholdningene på kort sikt og spesielt se på tiltak som kan avhjelpe grupper som rammes spesielt hardt av ekstraordinære høye strømpriser.»
Dette forslaget fremja regjeringspartia under finansdebatten i Stortinget 2. desember.
— Men det seier ingenting om studentane. Me ønskjer ei avklaring av om studentane er prioriterte eller ikkje, seier Kari-Anne Jønnes.
Ho representerer Høgre i utdannings- og forskingskomiteen.
Vil ha ei kjapp avklaring
1. desember skreiv VG at Høgre, Venstre og KrF vil gi studentane tusen kroner i ekstra stipend, for å møta dei høge straumprisane.
— Snakkar de då om tusen kroner i månaden eller tusen kroner totalt sett?
— Me snakkar nok ikkje om tusen kroner i månaden. Me må sjå kor lenge dei høge straumprisane varer, og kanskje er det ikkje nok med tusen kroner. Men det som er viktig no, er at ein får ei avklaring slik at studentane veit kva dei har å rutta med når dei kjem attende til studiestadane etter jul, seier Jønnes.
Ho peikar på studentane som ei økonomisk sårbar gruppe.
— Regjeringspartia sine tiltak treff breitt, men me synest dei treff for dårleg.
Vil ikkje avsløra enkelttiltak
— Regjeringa følgjer nøye med på situasjonen og vurderer tiltak fortløpande, seier Marit Knutsdotter Strand.
Ho representerer Senterpartiet og er nestleiar i forskings- og utdanningskomiteen.
— Kva tiltak då?
— Eg kan ikkje gå inn i enkelttiltak no. Men eg kan roa opposisjonen med at regjeringspartia jobbar med dette, seier Strand.
Ho oppmodar studentleiarar, både lokalt og sentralt, om å koma på bana og synleggjera korleis dei høgre straumprisane slær ut dei enkelte stadane i Noreg.
— Det heng mellom anna saman med at studentane har ulik busituasjon ulike stader, seier Strand.
NSO: Steg i rett retning
Tuva Todnem Lund leiar Norsk studentorganisasjon. Ho har etterlyst tiltak:
— Studentar kan ikkje nytta ordninga med bustøtte, som er vald for å styrka straumsituasjonen. Me høyrer om studentar som frys heime, og les til eksamen under tepper og dyner. Det er hårreisande, sa Lund til Khrono tidlegare i veka.
— Dette er kritisk no. Det er rart at Senterpartiet ikkje har skjønt det, seier Lund torsdag ettermiddag.
Ho peikar på at ein ekstra kostnad er ekstra belastande i ein studentøkonomi.
— Kor mykje hastar det?
— Det hastar, og burde vore på plass for fleire veker sidan. Me høyrer om studentar som skrur av varmen og om studentar som ikkje vågar å varma maten sin, seier Lund.
Ho seier at tusen kroner, som forslaget frå dei tre opposisjonspartia er, neppe vil vera nok, og nemner ein generell auke av studiestøtta. Men:
— Tusen kroner viser vilje, og er eit steg i rett retning.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår