adventskalender

Ber om eit mirakel

Å innføra skulepengar frå studentar som kjem frå område utanfor EU og EØS er både usolidarisk, og det svekkjer norsk akademia, meiner NSO-leiar Maika Marie Godal Dam.

Peiskos og bok står på gjeremålslista til NSO-leiaren når julefreden senkjer seg.
Publisert Sist oppdatert

FAKTA

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Maika Marie Godal Dam, som er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO).

Ho er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), og i Khronos adventskalender gøymer ho seg bak luke nummer 12.

— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— Det har vore eit spanande år! Me har vonleg rista av oss siste resten av pandemien, og samstundes har me sett fylgjene av han utspela seg. Studentane har nok særleg merka at prisane har auka på varer som mat, straum og bustad. På den andre sida er det godt å sjå at studentfrivilligheita er i gang igjen og at me har hatt det første «normale» semesteret på lenge. Det siste året har me tydeleg sett ei fersk regjering staka ut ei ny retning, også for høgre utdanning. Studentane har nok framleis til gode å sjå at regjeringa prioriterer å innfri ynska våre.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Som NSO-leiar så må det vera statsbudsjettprosessen. Det å få vera med på både lekkasjar, ulike framlegg til budsjett, høyringar og forhandlingar og ikkje minst framlegginga av budsjettforliket. Det har vore mest spennande og nervepirrande.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— For oss studentar kjem me ikkje unna at dei økonomiske føresetnadene for å ha tid til å prioritera studia er ei utfordring. I år har me både fått ei ny levekårsundersøking for studentar og ny helse- og trivselsundersøking. Begge viser at studentar brukar mykje tid på jobb, og at mange slit med psykiske plager. I NSO trur me at me må sjå desse to utfordringane i samanheng. Studentar må jobba meir og meir ved sida av fulltidsstudium, og då får dei mindre tid til å ta ein pust i bakken og ta vare på eiga helse.

— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?

— Eg ynskjer meg at regjeringa droppar framlegget om å innføra skulepengar for internasjonale studentar. Framlegget er både usolidarisk og det svekkjer norsk akademia. Det er kan henda å be om eit mirakel, men det er lov å prøva seg!

— Kva skal du gjera i jula?

— Eg skal ta det heilt med ro, vera saman med nære og kjære, sitja framfor peisen og koma meg ut i snøen. Og eg skal prøva å få lese ei bok. Det hadde vore fint.

Powered by Labrador CMS