Sommar i Khrono

Ber leiinga høyra meir på dei tilsette

Professor Hilde Gunn Slottemo meiner mangel på medverknad frå dei tilsette og svakt interndemokrati er dei største utfordringane til Nord universitet framover.

Hilde Gunn Skottemo har permisjon frå Nord universitet medan ho skriv historia til Stiftinga Fritt Ord.
Publisert Oppdatert

— Kva er det viktigaste du har gjort dette studieåret?

Fakta

Sommar i Khrono

I sommar kan du bli kjend med ulike folk som er knytte til universitets- og høgskuleverda.

Khrono har stilt alle dei same spørsmåla om politikk og kvardag, utfordringar og ferie.

  • I dag møter du Hilde Gunn Slottemo, som er professor ved fakultet for lærerutdanning, kunst og kultur ved Nord universitet.
    For tida har ho permisjon for å skriva historia til Fritt ord.

— For tida har eg permisjon frå Nord universitet for å skriva historia til Stiftelsen Fritt Ord. Det er eit arbeid eg opplever som særs viktig og meiningsfylt – kvar einaste dag! Prosjektet skal enda opp i ei bok som kjem ut til 50-årsjubileet til Fritt Ord våren 2024. Det blir ei bok om stiftinga i seg sjølv, men òg om ytringsfridommen som idé og praksis i Noreg i de siste femti åra.

— Kva er dei største utfordringane på arbeidsplassen din neste studieår?

— Nord universitet bør jobba med å styrkja det interne demokratiet og medråderetten til dei tilsette i verksemda. Ei undersøking frå OsloMet viser korleis makt jamt og sikkert er flytt frå fag og grunneiningar, og frå fakulteta og dekanane opp til fellesadministrasjon og rektorat. Rapporten viser òg at Nord universitet kjem på jumboplass når det gjeld universitetsdemokrati. Vi manglar viktige formelle organ for innverknad frå dei tilsette.

— Eg ynskjer meg at leiinga på ulike nivå skjønar at det er ein styrke å høyra mange stemmer – det gjev grunnlag for å ta best moglege avgjerder. Tilsette må lyttast til i mykje større grad enn i dag. Den formelle og uformelle makta som tidlegare låg i faglege, kollegiale avgjerdsorgan må styrkjast – i dag er universitetet prega av for mykje einvegsinformasjon og styring frå leiing og administrasjon.

— Kor mykje er du på heimekontor no etter pandemien?

— Nesten ingen ting, berre nokre veker no i sommar. Då er campus likevel roleg og nesten tom for folk. Eg har såpass mykje sjølvdisiplin at det ikkje er noko problem å sitja heime og skriva.

— Kva er dei største utfordringane i akademia framover, slik du ser det?

— Eg trur vi kjem til å merka kraftige økonomiske innstrammingar, er eg redd. Vi har alt sett teikn til det, med kutt på fleire frontar. Eg fryktar at det vil merkast særleg hardt i humaniora og i samfunnsvitskapane. Det er kortsiktig tenking – samfunnet treng desse faga. Dei gjev viktig kunnskapsberedskap, og dei trengst for å løysa samfunnsutfordringar vi står overfor, til dømes når det gjeld miljø, demokrati, likestilling og velferd.

— I tillegg har det alt i fleire år vore ei stor utfordring å skaffa nok søkjarar til studieplassane innanfor lærarutdanningane. Her finst det ingen kvikk fiks, diverre – eg har han i alle fall ikkje.

— Kva var det første du ville ha gjort om du var forskings- og høgare utdanningsminister for ein dag?

— Eg ville hatt bruk for mykje meir enn éin dag, for dette er ein sektor som treng langsiktig planlegging og styring. Forsking og utdanning er langsame prosessar som tek mykje tid. Det har vore altfor mykje jojo-politikk i den politiske styringa av UH-sektoren dei siste åra.

— Men dersom eg måtte ha valt noko, så ville eg konsentrert meg om tre ting: Eg ville styrkt studiefinansieringa og bygd fleire studentbustader. Studentane treng å konsentrera seg om å studera på heiltid. Det kan dei ikkje i dag, dei må rett og slett jobba ved sida. Lån og stipend strekkjer ikkje til.

— For det andre ville eg gjort noko med tilsetjingspraksisen i akademia. Det er ei stadig kjelde til, kranglar og konfliktar. Utlysings- og tilsetjingsprosessar må vera opne og føreseielege.

— For det tredje ville eg fylgt opp tankane frå Kierulf-utvalet om å styrkja formidlingsdelen i arbeidsinstruksen til universitetstilsette. Eg veit ikkje heilt med kva grep, men statusen til formidling og deltaking i den offentlege samtalen må bli betre.

- Kva skal du gjera sommar?

— Eg skal på konsert i Göteborg saman med gode vener. Og så håpar eg på sol og god sommarvarme, slik at eg kan liggja og sløva i hengjekøya, gjerne med ei god bok og eit glas kvitvin.

— Kva bør Khrono verta betre til?

— Eg er stor fan av Khrono. Det er heilt imponerande korleis Tove Lie og redaksjonen på få år har bygd opp avisa til å bli ei viktig stemme i og for akademia. De er kritiske, informative og skaper mange interessante debattar. Veldig godt jobba!

— Men av og til synest eg de er litt for hastige, unyanserte og forenklande. Då forsvinn kompleksiteten i sakene. Kan henda skal de dekkja litt færre saker, men då gå litt djupare inn i dei de dekkjer?

Intervjuet er gjort via e-post.

Powered by Labrador CMS