I retten
Beit, lugga og slo medstudentar. Her er dommen
Den unge kvinna erkjente ikkje straffskuld etter at festen gjekk ut av kontroll.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ein 23 år gammal student ved Høgskulen i Molde er i Romsdal tingrett dømt til 90 dagar i fengsel for vald mot medstudentar.
Den unge kvinna er også dømt til å betale skadeerstatning og oppreisning på over 13 000 kroner til ein av medstudentane.
Den tiltalte 23-åringen møtte fleire medstudentar i retten torsdag i førre veke. Ho erkjente ikkje straffskuld. Det skriv Panorama.
— Min klient er usamd i retten si bevisvurdering. Vi vil saman gå gjennom dommen nøye for å vurdere eventuell anke, skriv 23-åringen sin forsvarar, Ole Marius Leirvåg i ein SMS til Khrono.
— Det var mobbing. Dei lo av meg.
Det var på den siste festdagen under faddeveka i fjor at studentane barka saman.
Den tiltalte 23-åringen skal ha dansa framfor andre medstudentar som sat ved nokre bord utanfor studentbustadane på campus i Molde. Så skal ein av studentane ha byrja å flire av seansen, ifølgje tiltalte.
Det skulle få dramatiske konsekvensar.
Ein av dei fornærma skal deretter ha prøvd å blande seg inn i situasjonen. Tiltalte meiner ho prøvde å helle væske frå ei flaske på hovudet til den fornærma som braut inn.
Fornærma seier på si side at ho også vart slått i hovudet med flaska og at det heile utvikla seg til eit basketak der ho også vart lugga i håret av den tiltalte 23-åringen.
Den fornærma 20-åringen sa i retten at mykje hår hadde blitt rive av og at ho hadde fått ein kul i hovudet som følgje av flaskeslaget.
Den tiltalte meiner på si side at lugginga kom som eit resultat av at den fornærma skal ha slått og lagt ho i bakken.
— Eg ville ikkje ha konflikt. Eg vart sint når ho slo meg i ansiktet mange gonger. Det var mobbing. Dei lo av meg. Dei kunne ha sagt unnskyld, sa 23-åringen i retten ifølgje Panorama.
Ifølgje hennar forklaring, så følte ho sjølv at ho skulle døy under basketaket, og at ho gjorde alt saman for å kjempe for livet.
23-åringen sa også at ho skal ha informert faddergruppa si om at ho sleit med depresjon og kunne vere ustabil.
Beit ein annan i leggen
Men basketaket enda ikkje der.
Medan den eine fornærma og den tiltalte låg på bakken, skal tiltalte også ha bitt ein av faddrane i leggen.
— Det var eit alvorleg bitt, sa den 21 år gamle fadderen i retten torsdag.
Fadderen sa likevel at han hadde sympati for tiltalte og at ho etter hans meining hadde blitt mobba.
La ned påstand om 90 dagar i fengsel
I rettssaka spelte aktor, politiadvokat Janne Woie, fleire videosnuttar som viste delar av valdshandlingane, filma av medstudentar på staden.
I si avsluttande prosedyre la Woie vekt på at tiltalte erkjente mykje av det som stod i tiltalen, blant anna biting og lugging. Vidare meinte Woie at videosnuttane også var bevis på at 23-åringen slo den eine fornærma i saka med flaske.
«Lett krenkbar, hadde problemer med sinnemeistring og ho var full» sa politiadvokaten om 23-åringen i si prosedyre, før ho la ned påstand om 90 dagar i fengsel utan vilkår.
23-åringen sin forsvarar, Ole Marius Leirvåg, meinte på si side at den tiltalte måtte frifinnast, subsidiært at retten burde vurdere samfunnsstraff.