Tidlegare matminister Bård Hoksrud likar forslaget om kjøtfritt julebord svært dårleg. Foto: Torbjørn Tandberg
Tidlegare matminister Bård Hoksrud likar forslaget om kjøtfritt julebord svært dårleg. Foto: Torbjørn Tandberg

Frp-Hoksrud om kjøtfritt julebord: Utruleg dårleg forslag

Julebord. — Politisk korrektheit på sitt verste, seier Frp-politikar Bård Hoksrud om at Universitetet i Bergen skal ha kjøtfritt julebord.

Publisert   Sist oppdatert

1700 tilsette ved Universitetet i Bergen vert invitert til julebord utan tradisjonell julemat i år, har Khrono tidlegare skrive. Det vert i staden servert fisk og vegetarrettar. Saka har skapt engasjement, og var tema i NRKs Dagsnytt18 tysdag.

— Håplaust dårleg forslag, var Bård Hoksrud si tilbakemelding.

Han sit på Stortinget for Framstegspartiet, og er i tillegg tidlegare matminister. Hoksrud møtte Synnøve Myhre til debatt. Ho er fakultetsdirektør for Fakultet for kunst, musikk og design, som i år har ansvar for UiB-adminsitrasjonen sitt julebord.

— Dette er politisk korrektheit på sitt verste, sa Hoksrud.

Dette er politisk korrektheit på sitt verste.
Bård Hoksrud
Frp-politikar
Fakta

Klima i akademia

Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og NTNU har publisert detaljerte klimarekneskap i 2019. Indirekte klimagassutslepp frå fly er kring 20 prosent ved alle institusjonane.

NTNU har lansert Reiseløftet, som blir kalla «tidenes reiseutfordring» for å få heile universitetet til å reise mindre og meir miljøvennleg.

Både ved UiB og UiO har fleire hundre tilsette skrive under på opprop for å få leiinga til å regulere og kutte flyreiser.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) har tatt initiativ til ein konkurranse mellom institusjonane i universitets- og høgskulesektoren om å kutte mest i sine klimagassutslepp.

— Det er eit utruleg dårleg forslag. Det er snakk om ein gong i året. Ein skal få eta alt anna, og då meiner eg at dei som ønskjer norsk tradisjonsmat skal få lov til å eta det.

Eigeninnsats

Ideen om det kjøtfrie julebordet vart presentert då UiB arrangerte klimadebatt førre veke.

— Me er ein sektor i endring, og eit universitet som tek klima på alvor. Det krev ein liten ekstrainnsats, sa Myhre, og viste til at noko av det studentane seier at dei er villige til å endra på for å gjera noko med klimautsleppa, er nettopp mat og kjøt.

— Me ønska eit annleis julebord for våre tilsette, og eg trur nok dei vil få servert tradisjonell julemat i andre samanhengar. Ein treng ikkje eta julemat tre gongar før jul, det er noko med å gle seg ekstra til den julemiddagen, sa Myhre.

Kjøt på lager

— Ein kan eta to måltider med kjøtkaker dagleg i 18 år og få det same utsleppet som dersom ein fly tur-retur Thailand, hevda Hoksrud.

Han sa at han ikkje likar haldninga om at dei som vil ha kjøt ikkje skal få det.

— Som tidlegare matminister veit eg at det er mykje kjøt på lager som me gjerne skulle fått ete opp, sa Hoksrud.

Julebordet er 13. desember, og spørsmålet er om det kjem ein ekstra gjest frå aust. Myhre inviterte nemleg Hoksrud til UiB-julebordet.