Her er klassen med best kjønnsbalanse på HiOA: Bachelorkullet på Facility Management som starta opp denne hausten. Foto: Oda Lykke Sandvig

50/50 jenter og gutar

Høgskolen i Oslo og Akershus er kvinnedominert, men ikkje over alt. Khrono har besøkt det mest «likestilte» studiet, der det starta 42 kvinner og 43 menn i haust.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er kvinnedominert på fag, institutt og fakultet. Blant studentane er det over 70 prosent kvinner totalt. Blant dei tilsette er kvinneandelen høg. HiOA bærer namnet «kvinnehøgskolen» med rette.

Men på campus Kjeller i Akershus finn vi høgskolen sitt  mest «likestilte» fag for tida;  bachelorstudier i Facility Management. Likestilt fordi dei har nesten like mange kvinner som menn blant studentane. Khrono har besøkt bachelorklassen med best kjønnsbalanse.

Les også: Studentene velger fortsatt tradisjonelt

God stemning med like mange menn som kvinner

Håvard Arne Hodne er førelesar i forkurs for rekneskap og bokføring. Han teiknar rette linjer med svart tusj på ei kvit tavle. Ein tabell der studentane saman skal gå gjennom ulike tal, balansepost og resultatpost.

Den gode blandinga av menneske-relaterte fag som jentene søker, og harde talfag som eg trur gutar likar best, skapar nok ein balanse her.

Håvard Arne Hodne

— Miljøet blir betre av den gode blandinga av menn og kvinner. Det blir betre kvalitet i utdanninga, seier Johanna Åhrberg (biletet under). Ho er vara-tillitsvald blant studentane.

Åhrberg søkte Facility Management fordi ho ville utvikle leiarkompetansen sin. Då blir det ifølgje ho god stemning av å ha tilnærma like mange kvinner som menn i klassa.

Glad for sosiale kvinner

Student Kristoffer Andreas Larsen sit ei seterad framfor Åhrberg, ved sida av tre andre gutar. 

— Ein merkar at det er tilnærma «fifty-fifty» kjønnsfordeling her. Jentene er opptekne av at alle skal kjenne kvarandre  og då er det lettare å bli kjente med kvarandre, seier student Larsen (biletet under).

Han fortel at studentane gjerne sit i gut- og jentegjengar, som han sjølv, men at balanse mellom kjønn skapar betre samhald.

Fancy studietittel

Forelesar og høgskolelektor Håvard Arne Hodne ved forkurs for rekneskap og bokføring har jobba med undervisning i to år, og i Facility Management sida utdanninga starta i fjor. Han held  boka «Grunnleggende regnskap» opp og peiker på tavla mens han forklarar omgrep som IB, UB, balansepost og resultatpost. Både student Åhrberg og Andreas Larsen følgjer nøye med, teiknar tabellar og skriv inn tal.

— Den nokså jamne kjønnsfordelinga skapar ein positiv dynamikk. Den gode blandinga av menneskerelaterte fag som jentene søker, og harde talfag som eg trur gutar likar best, skapar nok ein balanse her, seier Hodne. Han trur ikkje at den engelske studietittelen Facility Management har noko å seie på rekrutteringa av begge kjønn.

Les også: Er høgskolen språkfattig? 

— Studienamnet Facility Management såg litt fancy ut. Så bur eg ti minutt frå her. Så det har med det å gjere også. Eg ser ei framtid innanfor leiing, seier student Andreas Larsen.

Jenter sosialiserer

Facility Management-student Elisabeth Joj meiner jentene veg opp for gutane ved å vere munnleg aktive i timen. Ho peiker på at det framleis er fleire jenter enn gutar. Ho valde utdanninga fordi ho såg på det som ei utdanning med stor betyding ute i arbeidslivet.

Joj meiner jentene sosialiserer kvarandre betre enn gutane.

— Då det var fadderveke var det flest jenter att for å grille. Det kan sjå ut som om jentene omtrent må tvinge gutane med på det sosiale, seier Joj og ler forsiktig.

Endrar seg i takt med verdsindustrien

Studieleiar ved Facility Management, Knut Boge, (biletet under) ser på den gode kjønnsbalansen som ei postiv utvikling, for bachelor i Facility Management har fått langt fleire mannlege søkarar og studentar enn kva dei hadde før dei endra studiet og skifta namn.  Bachelor i Facility Management har erstatta to bachelorstudier i Kostøkonomi, ernæring og leiing og Husøkonomi og serviceleiing. 

Han seier at den betra kjønnsbalansen kan ha noko med det engelske studienamnet å gjere, men siktar mest til framtidsmoglegheitene utdanninga ber med seg. HiOAs bachelor i Facility Management gir gode moglegheiter for jobb og opnar dessutan dørene til mange velrenommerte masterprogram.   

— Faget Facility Management er veldig breitt. Dei to første åra inneheld i hovudsak grunnleggande økonomi- og metodefag.  I andre- og tredje studieår blir økonomi- og metodefaga kobla til dei ulike leiar- og FM-fagene. Etableringa av bachelor i Facility Management har skjedd i samarbeid med bransjeorganisasjonane og store arbeidsgivarar i offentleg og privat sektor, fortel Boge.

— Facility Management er ein global bransje og du kan jobbe kvar du vil i verda. Ein bachelor kvalifiserar deg til juniorleiarstilling eller vidare studier på masternivå. Eit godt lærings- og arbeidsmiljø har ei god blanding av menn og kvinner, meiner Knut Boge.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS