Uniforum legg ned papirutgåve
5-1 i styret og Uniforum ved UiO blir berre å finne digitalt frå nyttår.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Den uavhengige avisa ved Universitetet i Oslo legg ned papirutgåva frå nyttår.
Det var styrerepresentanten for dei tilsette, Yngve Vogt, som stemte imot å leggja ned papiravisa no. Han ville ha ei grundigare utgreiing av konsekvensane, før det skulle vedtakast å leggja ned papiravisa, skriv Uniforum sjølv.
Dei som stemte for å leggja ned papiravisa var styreleiar Fanny Duckert, styremedlemane Einar Lie og Belinda Eikås Skjøstad, og dei eksterne styremedlemane Tormod Haugstad og Hilde Sandvik.
Yngve Vogt forsvarar avgjerda si om å stemma imot å leggja ned papiravisa no.
— Eg ville gjerne også at det hadde blitt gjennomført ei ekstern lesarundersøking, som var statistisk haldbar, før ei avgjerd om papiravisa si framtid hadde blitt tatt. Eg er overraska over at styreleiar Fanny Duckert og resten av styret har hatt slik hast med å leggja ned papiravisa, før dei veit om lesarane føretrekkjer avisa i papir eller i nettutgåve, seier Yngve Vogt til Uniforum. - Det er ein tankekross at det framleis lønner seg for IT-avisa Computerworld å bli gitt ut i papir, legg han til.
Fleirtalet i styret for Uniforum ynskjer med dette å auka satsinga på nettutgåva i kombinasjon med større bruk av sosiale media noko som igjen kan føra til at avisa blir ei endå viktigare debatt- og nyhendearena for heile Universitetet i Oslo.
Innsparinga i trykkingsutgifter vil styret investera i det redaksjonelle arbeidet i avisa. Avgjerda fører ikkje til endringar i staben for avisa.
Vedtaket inneber at styret for Uniforum ber om at Universitetsstyret ved UiO godkjenner dagens avgjerd.
Tekst og foto: Redaktør i Uniforum, Martin Toft
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!