Kortnytt
Smått og stort om høyere utdanning og forskning
Aukar prisbeløpet på matematikkpris
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Styret i Det Norske Videnskaps-Akademi har vedtatt at prisbeløpet for Abelprisen skal auke frå 6 til 7,5 millionar kroner.

Prisen blir delt ut kvart år til forskarar som har bidrege med banebrytande arbeid innan matematikk.
Leiar for Abelstyret, John Grue, er glad for auken og meiner dette vil styrke Abelprisen sin status.
— Prisbeløpet har ikkje vore justert sidan Abelprisen vart oppretta i 2002. Dette tiltaket vil bidra til å forsterke Abelprisen sin posisjon og rennommé internasjonalt, seier Grue i ei pressemelding.
Prisbeløpet er auka ved blant anna omfordeling av ressursar mellom arbeidet med prisen og prisbeløpet.
Niels Henrik Abel (1802–1829) var ein norsk matematikar. I hans korte liv gav han viktige bidrag som er verksame i dagens matematikk.
(Ragnhild Vartdal / Khrono)