Første møte for nytt styre ved Høgskulen på Vestlandet
Direkte. Styret ved Høgskulen på Vestlandet byrjar haustens første møte med å konstituera seg. Sjå møtet her torsdag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
FØLG MØTET DIREKTE VIA DENNE LENKEN
Høgskulen fekk nytt styre 1. august i år. Arvid Hallén held fram som styreleiar, og både Aina Berg og Trond Ueland held fram som eksterne representantar. Gunnar Yttri går inn i sin andre periode som representant frå dei i undervisnings-eller forskarstillingar.
Sjå møtet direkte
Møtestart for ordinært møte er klokka 13, og du kan sjå det direkte her.
Blant sakene som skal handsamast er forskingsmelding, ein tilsynsrapport frå Nokut og orientering om haustens opptak.
Her er heile sakslista
- 57/19 - Godkjenning av innkalling, saksliste og protokoll
- 58/19 - Konstituering - Høgskulestyret 01.08.2019-31.07.2023
- 59/19 - Styrets forretningsorden
- 60/19 - Møteplan for Høgskulestyret 2020
- 61/19 - Endringsforskrift: Forskrift om studier og eksamen ved HVL
- 62/19 - Innspel til stortingsmelding om arbeidsrelevans i høgare utdanning
- 63/19 - Forskingsmelding HVL 2018
- 64/19 - Opptak 2019 - orientering om status ved studiestart
- 65/19 - Rapport NOKUT tilsyn med kvalitetsarbeidet ved HVL
- O-5/19 - Orienteringar til styremøte 05/19
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!