Det tyske forskingsskipet Polarstern skal frysa fast i isen. Foto: Alfred-Wegener-Institut / Mario Hoppmann

Internasjonal ekspedisjon i Nansen sine fotspor

Arktis. I dag, fredag 20. september, reiser verdas største arktis-ekspedisjon frå Tromsø. Forskarane skal driva i isen, slik Fridtjof Nansen gjorde.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er 126 år sidan Fridtjof Nansen let skipet sitt, Fram, frysa fat i isen og driva mot polpunktet på Nordpolen. Som kjent lukkast han ikkje. Fredag reiser det tyske forskingsskipet Polarstern frå Tromsø. Målet er å få til det Nansen ikkje klarte.

Fakta

Dei norske deltakarane på MOSAiC

Rolf Gradinger, UiT, prosjektstyremedlem

Gunnar Bratbak, UiB, fjerndeltakelse

Pedro de la Torre, NTNU, fjerndeltakelse

Polona Itkin, UiT, pulje 2

Zoe König, UiB/Bjerknessenteret, pulje 6

Benjamin Lange, Polarinstituttet, pulje 5

Eva Leu, Akvaplan-NIVA, fjerndeltakelse

Rosalie McKay, NTNU, Akademik Federov Icebreaker

Morven Muilwijk, UiB/Polarinstituttet, pulje 5

Oliver Müller, UiB, pulje 5

Evgenii Salganik, NTNU, pulje 4

Carl Martin Schönning, UNIS, isbjørnvakt, pulje 2 mm

Lars H. Smedsrud, UiB og Bjerknessenteret, fjerndeltakelse

Christian Zoelly, Polarinstituttet, Akademik Federov Icebreaker

Mats Granskog, Polarinstituttet

Philipp Assmy, Polarinstituttet

Dmitry Divine, Polarinstituttet, pulje 2

Lasse Mørk Olsen, UiB, pulje 2

Kilde: Mosaic – The team

Forskingsforum skriv at skipet skal reisa til den sibirske sida av Nordpolen. Her er planen å frysa fast i eit stort isflak og koma ut i Framstredet mellom Grønland og Svalbard om eit år. På isflaket skal det byggast forskingsstasjonar og verta gjort målingar.

UiB, UiT og NTNU

Prosjektet heiter Multidisciplinary drifting Observatory for the Study of Arctic Climate (Mosaic), og er leia frå Tyskland. Det er det tyske forskingsskipet Polarstern som skal nyttast. Totalt 600 forskarar frå 70 forskingsinstitusjonar i 15 land deltek.

Dette er ein historisk augneblink for meg.

Rolf Gardinger

Det handlar om klima. Målet er å sjå Arktis som episenter for global oppvarming på nært hald, og å få innsikter som gir ein betre nøkkel til å forstå dei globale klimaendringane, heiter det på ekspedisjonen si nettside.

Data som vert samla inn skal verta brukt av forskarar globalt, for å kunne ta klimaforsking til eit nytt nivå.

Frå Noreg deltek forskarar frå Nansen-senteret NERSC, Norsk polarinstitutt, NTNU, Universitetet i Bergen (UiB) og UiT-Norges arktiske universitet.

— Dette er ein historisk augneblink for meg. Eg skal definitivt vera der, seier Rolf Gardinger til Forskerforum.

Gardinger er professor i arktisk marinbiologi, og har vore med på å planlegga toktet. Men han skal ikkje sjølv vera om bord.

Helikopter i beredskap

Ulikt Nansen skal ikkje forskarane vera ombord i skipet i eit heilt år. Nettavisa High North News skiv om korleis det heile skal vera organisert: Det skal vera mintst tre forskingsfly involvert.

I tillegg skal det vera fire isbrytarar, frå Russland, Kina og Sverige, som står for forsyningar og bytte av personell. Langdistansehelikopter skal vera i beredskap.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS