Arendalsuka 2017: På Studentnach med mellom andre, dåverande studentleiarar Ole Kristian Bratset og Mats Beldo, rektor Curt Rice, prorektor Nina Waaler, rektor Dag Rune Olsen og Marianne Knarud, UiO. Foto: Siri Øverland Eriksen

Akademia hjarteleg tilstades i Arendal

Arendalsuka. Over 200 arrangement med deltakarar frå akademia. Her er ein oversikt.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Sjå lenker til fullstendig program og oversikt over arrangørar nedst i saka).

12.-17. august går nok ein gong Arendalsuka av stabelen – der «aktører innenfor politikk, samfunns- og næringsliv møter hverandre og folk, for debatt og utforming av politikk for nåtid og framtid», som arrangøren sjølv formulerer dmmet. For dei eldste – NTNU, Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Bergen (UiB) – er arrangementet blitt ein fast post. Dei stiller alle med skip til kai i Pollen og omfattande program i tett samarbeid med aktørar frå næringslivet og andre sektorar.

Samla er det over 1200 arrangement i løpet av veka, av desse er grovt rekna rundt 200 med arrangørar frå høgare utdanning og forsking og organisasjonar tilknytta akademia. I fjor var det rundt 100.

Torsdagen er spesielt tettpakka med arrangement for og med universitets- og høgskulesektoren

Fakta

Arendalsuka

Arendalsuka er eit årleg arrangement der representantar frå norsk samfunnsliv møtest til debattar og ulike arrangement.

Blir arrangert for 8. gong i 2019.

Arendalsuka hadde 70 000 besøkande på meir enn 1000 arrangement i 2018. Av desse var rundt 100 i regi av institusjonar i forskings- og utdanningssektoren.

— Effektiv møteplass

For Universitetet i Stavanger (UiS) er det første gong med eige program i Arendal. Dei sender ti medarbeidarar til Arendal.

— Vi ser på det som ein effektiv måte å møte samarbeidspartnarar på og for å ta del i det offentlege ordskiftet, seier kommunikasjonsrådgivar ved UiS, Vibecke Lykke Olsen.

Programmet til UiS spenner frå forsking på leik og læring i barnhage til kunstig intelligens i medisinen. I tillegg er hardangerjekta «Caroline» av Sandnes leigd inn som «smartskute» heile veka som base for presentasjon av smart innovasjon og smarte byar.

Det skal vere kunnskap rett frå kjelda, ikkje leiinga som skal vere i sentrum

Svein Stølen

15 000 kroner må siddisane ut med for å leige båten. Totalt går det vel 70 000 kroner til møtelokale og bevertning i Arendal. I tillegg kjem reise og opphald for eit titals medarbeidarar.

Storebror i Oslo si satsing er omtrent ti gongar større.

Stølen: Ikkje pleie nettverk

Her besøker nyvalde prorektor Gro Bjørnerud Mo og rektor Svein Stølen Arendalsuka for første gong i 2017. Sidan den gongen har dei kome sterkt tilbake både i fjor og i år, med rekorddeltaking frå Universitetet i Oslo. Foto: Siri Øverland Eriksen

UiO sender rundt hundre medarbeidarar til Arendal, i hovudsak forskarar. I år som i fjor har universitetet leigd veteranskipet MS «Sunnhordland» av Bergen. For dei 532 000 kronene det kostar får UiO både scener for arrangement og overnatting for sine.

Rektor Svein Stølen seier han ikkje kjem til å få kapteinslugaren, strukturen er flat.

— Det er såpass trongt på lugaren at du må gå ut for å tenke, seier han, men er ikkje mindre entusiastisk av den grunn.

— Vår strategi er å sleppe fagfolka til. Det skal vere kunnskap rett frå kjelda, ikkje leiinga som skal vere i sentrum, seier Stølen. Han seier han ikkje er i Arendal for å pleie nettverk og drive lobby, ei sentral oppgåve for svært mange tilreisande til Arendalsuka, som også er kjent som årets viktigaste veke for PR-bransjen.

I tillegg til leige av skip kjem reise og opphald for dei rundt hundre på sluttrekninga til universitetet, som dermed må plusse på nokre hundre tusen for å få dei 26 arrangementa i hamn, med tema frå klima og berekraft til einsemd og tannhelse.

Topptungt NTNU

NTNU, Noregs største universitet, vil ha langt færre på Arendalsuka enn oslofolket – og fleirtalet er ikkje forskarar. På reiselista står mellom anna heile rektoratet, tre dekanar og fleire frå kommunikasjonsavdelinga. Totalt reiser 25 personar, dei fleste blir i ei til to netter.

Også NTNU har funne ut at skip er fungerer i den overfylte sørlandsbyen dagane i august, og har same skip til kai som i fjor. MS «Sandnes» er leigd inn for 300 000 kroner, og veteranskipet er både base for arrangement og hotell for trøndarane (også her kjem reiseutgifter i tillegg).

Rektor Dag Rune Olsen og prorektor Margareth Hagen gler seg til tre døgn ombord på Statsraad Lehmkuhl på veg frå Bergen til Arendal. Foto: Tor Farstad

Universitetet i Bergen opplyser at dei kjem til å satse omtrent på same nivå som i 2018. Då budsjetterte UiB med ca. 300 000 kroner, utanom leige av stand, møtelokale, reise- og overnattingsutgifter.

I år skal omlag 30 til Arendal, nokon av desse er eksterne som blir henta inn til UiB-arrangement.

«Statsraad Lemkuhl» kjem til å ligge til kai i Pollen og huse arrangementa. Leige av skipet er gjort i spleiselag med fleire andre aktørar, blant dei energikonsernet BKK. BKK er den nylege avgåtte UiB-lobbyisten Rune Indrøys nye arbeidsgivar.

UiB trappa opp satsinga på Arendalsuka 2018, då budsjettet vart om lag sjudobla i forhold til året før. I fjor reiste 38 medarbeidarar og utgiftene enda på 700 000, av dette 160 000 i reiseutgifter. Dei kjem til å gå noko ned i år.

Rektor i riggen

For nytt av året er at Statsraaden skal seglast frå Bergen til Arendal med rundt 80 passasjerar, blant dei cirka 20 frå universitetet, eit par politikarar og resten frå næringslivet. Det blir fagleg program om bord med tema vind, vatn og klima i regi av Bjerknessenteret for klimaforskning. I tillegg blir det eit ikkje heilt ubetydeleg element av teambuilding. Alle skal vere mannskap på den tre dagars seilasen.

Rektor Dag Rune Olsen seier han er klar for hundevakta. Og for å klatre i riggen.

— Med slips, om nødvendig.

Her er nokre av dei som sender folk og har program

(I lenkene finn du søkefeltet i programmet. Skriv inn namnet på institusjonen så kjem alle arrangement opp. Programmet blir oppdatert kontinuerlig.)

(Tips oss gjerne dersom fleire arrangement bør vere med i oversikten).

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS