Rektor Dag Rune Olsen og prorektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen kastet loss fra Bergen torsdag. Foto: Tor Farstad

Legg til havs for å frakta forskarar og næringsliv til Arendal

Bergen-Arendal. I tre døgn skal akademikarar og representantar for næringslivet diskutera, samarbeida og sova saman – om bord på Statsraad Lehmkuhl. Strekninga er Bergen-Arendal.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg er fødd og oppvaksen på svenskegrensa!

Eg har vore ute ei vinternatt før, og det uroar meg.

Margareth Hagen

Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen skrattler. Sommarbrun med caps og shorts har han møtt fram på Statsraad Lehmkuhl. Her skal han vera dei tre neste døgna, og han skal bidra til å få skipet vel fram. Og han har segla litt før, understrekar han.

Skipet er UiB sin base under Arendalsuka, som startar måndag. Men skipet må fraktast til Arendal. Då kunne ein slå to floger i ein smekk, tenkte Tore Furevik. Han er direktør for Bjerknessenteret.

— Statsraad Lehmkuhl var basen vår i Arendal i fjor òg, men då kom skipet frå Nederland. Då eg fekk vita at båten skulle reisa frå Bergen i år, tenkte eg at me måtte få til noko, seier Furevik.

Alle skal gå vakter

Om bord på skipet er alle like. Dei om lag 80 menneska, som til dagleg i hovudsak jobbar anten i akademia eller i næringslivet i Bergen, skal gå vakter om bord. Sova skal dei gjera i ei hengekøye. Og vert nokon sjøsjuke, lovar kaptein Marcus Seidl knekkebrød og vatn – og tilrår ein luftetur ut på dekk.

Statsraad Lehmkuhl

Marcus Seidl er kaptein. Han er van med å ha ulike typar mannskap ombord - sjølv om det òg er nokre med som verkeleg kan segla. Foto: Tor Farstad

— Det trengs masse krefter for å segla denne skuta, som er frå 1914. Uansett kven som er i bord, så må dei bidra. Og alle som har lyst og evne får klatra i riggen, lovar han.

Dei tre vaktlaga går vakter på fire timar kvar, deretter ventar åtte timar pause – med mindre noko særskilt skjer. Men nokre av pausetimane skal brukast til fagleg innhald.

Marcus Seidl er kaptein. Han er van med å ha ulike typar mannskap ombord - sjølv om det òg er nokre med som verkeleg kan segla. Foto: Tor Farstad

— Eg synest dette er ei unik plattform for å kunne setja fokus på klima og klimaomstilling. Her er representantar for næringsliv, politikk og akademia samla, i tillegg til skuleelevar, seier Furevik.

Vil læra meir om havvind

Olsen er oppteken av at havvind og energiomstilling er eitt av temaa. BKK stiller med tjue tilsette om bord på skipet. Andre næringslivsverksemder er mellom andre Multiconsult, Equinor og Sweco. Frå akademia er både UiB, Bjerknessenteret, Høgskulen på Vestlandet og Norce representert.

— Den nye EU-sjefen (Ursula von der Leyen, journ.anm) har kome med ganske ekspansive klimakrav. Sjølv om ho ikkje vedtek desse åleine, og sjølv Noreg ikkje er ein del av EU, kan desse få noko å seia for oss òg, seier Olsen.

Tore Furevik er direktør for Bjerknessenteret, og den som først meinte at det var ein god idé å segla til Arendal. Det er meldt nordavind - godt seglingver - dei første dagane. Foto: Tor Farstad

Han seier at det er næringslivet som må levera tenester og teknologi knytt til nye klimaløysingar.

— Så dersom næringslivet ikkje er med, hjelper det ikkje kva de forskarar finn ut?

— Nettopp. Politikarane må setja rammene, og næringlivet må kunne levera nye løysingar.

Flyr opp - og ned

Frå UiB er i tillegg til rektor også prorektor Margareth Hagen med. Ho er ikkje oppvaksen på svenskegrensa, men derimot i Hustavika – bokstaveleg tala ut mot havet

— Eg har vore ute ei vinternatt før, og det uroar meg, humrar ho, før ho legg til:

— Eg gler meg veldig til å vera tre døgn om bord her. Og eg har aldri sove i hengekøye før!

Det er fleire UiB-tilsette enn dei som er om bord i Statsraaden som skal ta del under Arendalsuka. Mange av dei flyr til Sørlandet. Men både Furevik og Olsen peikar på at ein i alle fall sparar nokre klimautslepp ved å velja sjøvegen – sjølv om Olsen flyr til Bergen for å vera med på studiestart måndag og deretter tilbake til Arendal.

Sol og blå himmel i Bergen. Det er meldt litt meir ymse ver nedover langs kysten. Foto: Tor Farstad
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS