Kortnytt
Smått og stort om høyere utdanning og forskning
Arbeid med nytt mediebygg i Volda er i gang
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I august varsla statsråd Iselin Nybø at Høgskulen i Volda kunne starta bygginga av nytt mediebygg. Statsbygg skal bygga og eiga, høgskulen skal leiga nybygget, som er på 3900 kvadratmeter. No er arbeidet i gang. Omlegging, stengde vegar og tidvis stengt vatn, sa rektor Johann Roppen då han orienterte høgskulestyret om status i saka. Framleis ventar høgskulen på nasjonale tilskot til utstyr i bygget.
Innflytting skulle først vera tidleg i første kvartal 2021, men no er planen å kunne flytta inn i slutten av mai. Då har ein ikkje meir enn tid og veg, sa høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen i møtet. — Det er vanskeleg å flytta midt i eit semester, så me håpar me kan bruka sommaren til dette. Dersom det vert store forseinkingar er det vanskeleg. Dersom grunnarbeidet går greitt er me tryggare, det er då me kan finna røyr me ikkje visste fanst, sa Jacobsen.
(Hilde Kristin Strand / Khrono)
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!