Adventskalender

— Aldri har akademia kjenst mindre som eit elfenbeins­tårn

Nils Hallvard Korsvoll fryktar skepsisen og den tidvise fiendskapen til kunnskap og forsking som stadig breier om seg både i Noreg og internasjonalt.

Snø og regn på same tid er nok til å gje vestlendingar ekte julestemning, seier Nils Hallvard Korsvoll.
Publisert Sist oppdatert

FAKTA

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Nils Hallvard Korsvoll, som er leiar i Akademiet for yngre forskarar og førsteamanuensis i religionsvitskap ved Universitetet i Agder.

Nils Hallvard Korsvoll er leiar for Akademiet for yngre forskarar, og gøymde seg bak den 5. luka i Khronos adventskalender.

— Nils Halvard Korsvoll, korleis vil du oppsummere 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— Turbulent! Frå nye kostar i politisk leiing til internasjonal storpolitikk som gjer seg gjeldande på mange plan og arenaer. Aldri har akademia kjenst mindre som eit elfenbeinstårn.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Haustsamlinga vår i Tromsø no i oktober! Endeleg kunne me ha ei samling utan smittevernrestriksjonar, og det var veldig viktig å kunne samle medlemmane ordentleg igjen for å få til dei samtalane og ideutvekslingane som er kjernen for Akademiet for yngre forskarar. I tillegg hadde me eit godt møte med rektoratet ved UiT Noregs arktiske universitet og ei framifrå, lærerik økt med Senter for samiske studium.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— For meg er den mørkaste skya i horisonten skepsisen og tidvis fiendskapen til kunnskap og forsking som stadig breier om seg, i Noreg og internasjonalt. Det har som nemnd vore turbulens omkring fleire ting i år, men overordna og på lengre sikt meiner eg dette er ei større grunn til uro.

— Kva er ditt juleynske for universiteta- og høgskulane?

— Ei tillitsreform som gir institusjonane rom for og tru på å gi trygge, føreseielege rammer vidare til alle sine tilsette, noko som vantar særleg for yngre forskarar.

— Kva skal du gjere i jula?

— Det blir tradisjonell jul med foreldra og søsken med familie på Vestlandet, men så noko litt meir uvand med nyttår hjå familien til kjærasten i Polen. Eg har høyrt gjetord om høg aspik-føring, så forventingane er store.

Powered by Labrador CMS