kina
Kina avviser påstandar om overvaking. Amnesty-rapport «har ingen kredibilitet»
Kinesiske styresmakter «har aldri overvaka eller på nokon måte trua kinesiske studentar i utlandet», ifølgje ambassaden i Noreg.
Blir kinesiske studentar i Noreg overvaka,
trakasserte og utsette for truslar frå eigne styresmakter for å hindre kritikk
mot regimet?
Det er det grunn til å tru, ifølgje Amnesty Noreg.
Kina avviser dette, og kallar det for «vondsinna» påstandar.
Bakteppet er ein rapport frå Amnesty International som bygger på intervju med kinesiske studentar i Europa og Nord-Amerika. Der går det fram at studentar driv sjølvsensur, kjenner på frykt fordi dei opplever å bli overvaka. Rapporten peikar også på hendingar der familiane i heimlandet er blitt trua og utsett for sanksjonar.
Viserektor ved Universitetet i Oslo, Mette Halskov Hansen, har sagt til Khrono at dei er klar over at overvaking går føre seg.
NTNU har «hatt tilfeller med situasjoner som rapporten omtaler».
Det er i tråd med observasjonane frå tryggleikstenestene i Noreg som åtvarar mot transnasjonal undertrykking frå autoritære statar, blant dei Kina.
«Fabrikkert»
Men ifølgje Kinas ambassade i Noreg — som Khrono har kontakta for kommentar — har Amnestys «såkalla rapport ikkje noko faktagrunnlag og ingen kredibilitet.»
Kina «har aldri overvaka eller på nokon måte trua kinesiske studentar i utlandet», skriv ambassaden.
Og vidare:
«I staden for å tru på den vondsinna, fabrikkerte rapporten av dei som kanskje aldri har sett sin fot på kinesisk grunn, burde ein heller ta kontakt med studentar som er utanlands, i det verkelege livet, og ha meir utveksling med dei som faktisk har vore i og har kunnskap om Kina. Vi ønskjer også norske studentar varmt velkommen til å besøke Kina, slik at dei kan sjå og bli kjent med Kina med sine eigne auge».
1000 studentar i Noreg
Politiets tryggingsteneste (PST) har fast dialog med alle dei store utdanningsinstitusjonane i Noreg.
PST har i si trusselvurdering for 2024 åtvara om at autoritære statar «utøver transnasjonal undertrykkelse i form av press, trusler og i noen tilfeller dødelig vold for å stilne kritikk mot sine regimer».
I februar i år gjekk PST for første gong ut med opplysningar om at kinesiske forskingsleiarar, gjesteforskarar og studentar frå institusjonar knytt til det kinesiske militæret jobbar i Noreg.
Det er i underkant av 1000 kinesiske studentar i Noreg i dag, medrekna dei på doktorgrad. Universitetet i Oslo tar i mot flest, og har 115 i vårsemesteret 2024. Stipendiatar kjem i tillegg.