Kortnytt

40 i karantene i Agder

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein student ved Fakultet for kunstfag ved Universitetet i Agder bur saman med ein person som har fått påvist covid-19. Difor er omlag 40 tilsette og studentar ved fakultetet i karantene til studenten har fått svar på sin koronatest.

Ein student ved UiA kan vera smitta av koronaviruset.

— Me er så godt budd som me kan vera på denne situasjonen, og har inntrykk av at studentane og dei tilsette er flinke med handspriting og stort sett følgjer smittevernreglane, seier universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen til UiA sine nettsider.

Det vert ekstra reinhald på UiA etter at beskjeden om at ein student kan vera smitta kom.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS