God sommar med Khrono!

Korleis bør relasjonen universitet, stat og næringsliv ideelt vere? Denne debatten bør vere ein viktig debatt i akademia, meiner Svein Tuastad frå Universitetet i Stavanger. Foto: Selfie
Korleis bør relasjonen universitet, stat og næringsliv ideelt vere? Denne debatten bør vere ein viktig debatt i akademia, meiner Svein Tuastad frå Universitetet i Stavanger. Foto: Selfie

Tuastad: Har den eksterne styringa av akademia gått for langt?

Min sommarselfie. Førsteamanuensis Svein Tuastad tar gjerne ein sommarprat med statsråd Iselin Nybø om kva liberal politisk teori seier om samfunnsrolla til universiteta.

Publisert   Sist oppdatert

Kva håper du aller mest å sleppe unna i ferien, og kvifor?

— Arbeid og plikter utanom arbeidstida, mens fristklokka går. Ferie er å sleppe dårleg samvit når nyttefaktoren er låg.

Kva er det beste klimatiltaket ditt i år?

— Har ikkje all verdas tiltak å slå i bordet med, men prøver no å følgje med. Eg er generelt meir for institusjonalisering enn moralisering. Heller flyskatt enn flyskam.

Kva ville du brukt ein robot til, dersom du fekk ein?

Fakta

Svein Tuastad

Alder: 56

Bustad: Stavanger

Stilling: Førsteamanuensis i statsvitskap

— Ein rydde-robot. Mulig andre i heimen også hadde sett pris på «Rydderoboten S. T.»

Viss du kunne velge karriere heilt på nytt, kva ville du ha valt?

— Journalist kanskje. Eller manusforfattar til TV-seriar med eit intelligent politisk tilsnitt. Det hadde vore noko! Der er det jo eit visst behov i landet, vil eg påstå.

Kva er du mest nøgd med å ha oppnådd siste året?

— Fått ferdig eit par fagartiklar og gjort mitt beste i undervisninga, likevel bare sånn passe nøgd med arbeidet. Mye jobbing utan synlege resultat. På privaten oppnådd å gifte meg omsider, og jentelaga eg trener i fotball kom greit i mål. Det var store pluss.

Kva skal du la deg underhalde av i sommar?

— Fiske, fotball og spel med barna. Og så bøker og TV-seriar.

Nokre saker avslører for mykje krenkingssensitivitet og eit misforstått ytringsfridomsomgrep.
Svein Tuastad
Førsteamanuensis, Universitetet i Stavanger

Du får Iselin Nybø på overraskande sommarbesøk. Kva ville du snakka med henne om?

— Ho er jo med i det mest liberale partiet i Noreg, og eg ville snakka med henne om kva liberal politisk teori seier om samfunnsrolla til universiteta. Kva er basisverdiane til universitetet? Korleis bør relasjonen universitet, stat og næringsliv ideelt vere – bør eit universitet kunne styrast som ein pølsefabrikk?

Bør vi ha fleire eller færre universitet om 10 år?

— Vi bør ha eit par fleire fordi vi over tid vert flinkare. Men det bør ikkje innebere drift i kvalitetskrava.

Kva tenker du er dei viktigaste debattane i akademia dei neste åra?

— For det første om den eksterne styringa har gått for langt. Har næringslivet og politikarar kome for tett på? Kva er konsekvensen av gradvis svekka universitetsautonomi? For det andre om indikatorar og måltal fører til ei slags robotstyring i staden for ein meir tillitsbasert debatt om kvar vi vil.

I kor stor grad er det ytringsmot på norske universitet og høgskular?

— Det er todelt. Mange har ikkje så mykje ytringsmot. Nokre saker avslører for mykje krenkingssensitivitet og eit misforstått ytringsfridomsomgrep, jamfør til dømes Eikrem-saka ved NTNU. Men samstundes opplever eg som styrerepresentant at mange vitskapleg tilsette er medvitne om vårt særlege ansvar som forsvararar av eit vidt ytringsrom. Dei har det i seg som ein del av danninga si.

Kva gler du deg mest til i sommar?

— Å vere med familien, utan kvardagsstresset. Og å lese fagbøker. Fellesskap eller aleinetid – ja, takk, begge deler.