Tage Båtsvik, Arvid Hallèn. Styremøte HVL 24.11.2016. Høgskulen på Vestlandet. Foto: Marthe Njåstad

Tilsetting av rektor på Vestlandet splitta styret

Innstillinga blei snudd om på, styret delt på midten, og både livstru og homofilt ekteskap kom opp i debatten om kven som skulle bli den første rektoren ved Høgskulen på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var eit nervepirrande drama i fleire akter då interimstyret for Høgskulen på Vestlandet (HVL) på førre møte, 24.november, skulle avgjere kven som skulle bli rektor for den nye høgskulen dei neste fire åra, skriv På Høyden.

Geir Anton Johansen, Ole-Gunnar Søgnen og Berit Rokne var innstilt av utvalet som stod for intervju av kandidatane, og desse tre kom difor med i finalen.

Les også: Fire er med i rektorfinalen i vest

Debatten om kven av dei tre som skulle bli rektor enda som kjent med at Berit Rokne vann, men det tok fire og ein halv time før styret blei einige. Alt skjedde bak lukka dører

— Etter mi meining blei det ein veldig grei diskusjon. Det var eit rådgivande innstillingsutval, og vi hadde lagt opp til at styret skulle få gjennomføre ein brei diskusjon, fortel styreleiar Arvid Hallén.

Sjølv om vi kløyvde oss så godt det var muleg i ei viktig sak, så må vi no gjere det vi kan for å ta vidare Høgskulen på Vestlandet med dei aller høgste ambi-sjonar.

Arvid Hallén

Bytta rekkefølge

Tilsetjinga av den nye rektoren er truleg den viktigaste avgjerda styret kjem til å ta i løpet av dei neste åra. Og diskusjonen i styret blei alt anna enn enkel: Først etter fire og ein halv time hadde styret klart å bli einige, og Berit Rokne fekk tilbod om jobben, med Ole-Gunnar Søgnen som nummer to.

Men På Høyden er kjent med at innstillinga frå utvalet, som mellom anna hadde intervjua kandidatane, blei gjort om på i løpet av møtet. Rokne var altså ikkje den kandidaten som blei vurdert høgast av utvalet, som var leia av Hallén.

Tru og homoekteskap

Han understrekar at innstillingsutvalet berre var rådgivande.

— Vi hadde lagt opp til at styret skulle få gjennomføre ein brei diskusjon. Derfor spilte vi inn ei rekke vurderingar til styret, fortel Hallén.

På Høyden kjenner òg til at den tredje kandidaten, dekan ved avdeling for ingeniørutdanning og økonomifag, Geir Anton Johansen, blei grundig diskutert på møtet. Også livssynet hans blei diskutert, og medlemskapen i det frikyrkjelege trussamfunnet Kristkirken i Bergen var eit tema. Johansen sit  i eldsterådet, som er leiargruppa i kyrkjelyden.

Under denne delen av debatten blei det mellom annet sagt at det var lite ønskeleg med ein rektor som kunne vere imot likekjønna ekteskap.

– Alt var sakleg

Det er eit rettsleg krav at offentlege avgjerder skal vere saklege, men det skal ikkje ha blitt presentert argument for korleis ein kandidats eventuelle syn på likekjønna ekteskap skulle kunne virke inn på korleis ein utøver rektorgjerninga.

— Eg vil ikkje kommentere sjølve diskusjonen om rektorkandidatane i styret, men eg oppfattar det slik at alt som var oppe i møtet var sakleg, seier Hallén til På Høyden.

– Kløyvd så godt som muleg

Deretter skal Berit Rokne og Ole-Gunnar Søgnen ha blitt diskutert. Men sjølv etter lange diskusjonar klarte ikkje styret å bli einige om kven av dei som skulle få tilbodet om å bli rektor, og dei 13 styremedlemmane var delt i seks mot sju.

Slik oppsummerte Hallén debatten rett etter møtet:

– Sjølv om vi kløyvde oss så godt det var muleg i ei viktig sak, så må vi no gjere det vi kan for å ta vidare Høgskulen på Vestlandet med dei aller høgste ambisjonar. Og vi har fått ein rektor som vi skal gi stor tillit, og som skal ta det oppdraget saman med eit leiarteam, og med alle tilsette og studentar, og med styret.

Berre to rangert

Men etter at det blei klart at eit knapt fleirtal ville ha Rokne, støtta styret opp om ho, og plasserte Søgnen på andreplass. Johansen blei ikkje innstilt på nokon tredjeplass.

– Vi såg ikkje behov for noka lengre rangering. Vi måtte ha minst to på lista, og trong ikkje fleire, fortel Hallén.

Lukka tilsettingssak

Trass i at tilsetjinga var vanskeleg, og endte opp med eit anna resultat enn det til innstillingsutvalet, som var leia av styreleiaren, understreker ei rekkje styremedlemmer at det var ein god prosess.

— Vi hadde ein god, krevjande og lang diskusjon i forkant av vedtaket, seier eksternrepresentant Trond Ueland.

— Er du trygg på at argumenta som førte fram til vedtaket var overveiande saklege?

– Eg vil ikkje uttale meg nærmare om diskusjonen vi hadde i denne saka, som var ei lukka tilsettingssak. Det ville ikkje vore riktig av meg.

Tom Skauge, som representerer dei vitskapleg tilsette ved Høgskolen i Bergen, karakteriserer rektoravgjerda slik:

— Eg synest prosessen har vore god og sakleg.

Heilt og fullt bak avgjerda

Det blir òg understreka at kandidatane i finalen alle var svært gode.

— Vi er svært nøgde med det valet vi har gjort. Mange vert involvert når styret skal ta avgjerda, og vi må gjennomføre ein grundig diskusjon. Mi oppgåve som styreleiar var å gjennomføre ein prosess alle kan vere fornøgde med, og eg står heilt og fullt bak prosessen og avgjerda, seier Arvid Hallén.  

Onsdag 21. og torsdag 22. desember er det igjen møte i interimstyret, for sakene står i kø for Høgskulen på Vestlandet. 

Her finn du innkalling og saksliste til styremøtet i desember. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS