36 søkarar vil bli studentombod
36 vil bli studentombud på Høgskulen på Vestlandet. Sjå søkarlista her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fleire av søkarane til stillinga som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er kjende namn frå Vestlandets utdanningsinstitusjonar, skriv På Høyden.
Ifølge stillingsutlysinga bør søkarar til stillinga har utdanning på masternivå, juridisk kompetanse, og erfaring frå arbeid med studentrettar. Det er også ønskjeleg med erfaring frå universitets-og høgskulesektoren, står det i utlysingsteksten.
I alt hadde 36 søkarar meldt seg då søknadsfristen gjekk ut 4. desember. Ein mannleg søkar er unntatt offentlegheit.
Skal vere uavhengig
Studentombodet skal vere uavhengig, og har som har som oppgåve å gje studentane råd og hjelp i saker knytt til studiesituasjonen. Studentombodet skal også sørge for at studentane sine retta vert ivaretekne.
Søkarar til stillinga bør ha utdanning på masternivå, juridisk kompetanse, og erfaring frå arbeid med
studentrettar.
Stillingsutlysinga,
Den som blir tilsett, kan sjølv velje ein av studiestadene som hovudkontor, men må rekne med å reise mellom dei tre nærregionane Bergen, Stord/Haugesund og Førde/Sogndal.
Stillinga vert løna som rådgjevar, noko som ifølge stillingsteksten betyr ei årleg løn på 500.000 - 600.000 kroner per år.
Tidlegaree UiB-studentpolitikar søker
Sindre Dueland er ein av søkarane til den utlyste stillinga som studentombod ved HVL. Han har tidligere vært nestleder ved Studentparlamentet ved Høgskulen i Bergen, og har vært medlem av Studentparlamentet UiB og Velferdstinget i Bergen. Han har vore student ved UiB og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Dueland tok tidlegare i haust til orde for at ei samanslåing mellom Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SiSOF) og Studentskipnaden i Bergen SiB kunne slå positivt ut for studentane.
Sigbjørn Råsberg er utdannet jurist fra Universitetet i Bergen. Han har bakgrunn frå stillinga som studentombod ved NHH.
Også søkarar frå Stord/Haugesund har meldt seg. Stian Golden er i dag trainee for Studentsamskipnaden Stord/Haugesund, og busett i Haugesund.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!