Volda-rektor Johann Roppen og høgskuledirektør Jakob Kjøde fotografert saman med statssekretær Bjørn Haugstad. Høgskulen i Volda kjenner seg trygge på at dei kjem til å få halda fram åleine. Rektor ved Kunsthøgskolen i Bergen, Gerd Tinglum forevigar òg trioen. Foto: Tor Farstad

Roppen seier Volda lever godt aleine

Høgskulen i Volda vert truleg åleine etter at nabohøgskulen takka nei til frieriet. Rektor Johann Roppen trur det kan vera ein fordel med sjølvstende.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Torsdag vedtok Høgskulen i Volda at dei ville be leiinga ta initiativ overfor Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) med tanke på forhandlingar om fusjon.

I naborommet hadde Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt styremøte. I ein pause kryssa Johann Roppen hotellgangen, og ga Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) eit tilbod om fusjon. Det blei avvist av Stokke og HiSF-styret.

— Kvifor takka de nei til frieriet, Rasmus Stokke?

— Det botna i at vi var kome langt i prosessen med høgskulane Stord/Haugesund og Bergen. Styret vurderte potensialet ved gå vidare i forhandlingar med desse høgskulane som større enn potensialet ved å gå vidare aleine med Volda, på dette tidspunktet, seier rektor på HiSF, Rasmus Stokke til På Høyden.

Ein studiestad

Volda-rektor Johann Roppen ser ikkje mørkt på å verta ståande åleine att. Han gjekk til val på at høgskulen framleis skulle vera sjølvstendig.

— Me er ein tydeleg nynorskhøgskule med ein studiestad i ei tid der dei fleste andre høgskulane skal endra namn og finna seg sjølv på nytt. Me kan konsentrera oss om å driva med god forsking og utdanning, seier Roppen til På Høyden.

Volda har vore tydelege så langt: Dei vil stå åleine. Tanken om ein vestlandshøgskule var lite diskutert i gårsdagens styremøte, og vart avvist av dei som i det heile nemnde det.

— Kom de for seint på bana?

— Me kom til møtet med ein tryggleik om at me kan klara oss åleine, seier Roppen, og viser til brevet frå Nokut om grunnskuleopplæring på masternivå.

— Men me kom òg til møtet med eit ope sinn og med nyfikne og interesse. Eg opplevde at styret ikkje hadde ei «uff, me må finna nokon»-haldning.

Styremøtedagen starta med at dei to høgskulane hadde eit felles seminar. Roppen seier at dette var nyttig.

HiSF kom med eit vedtak frå førre møte der dei ville ha utgreidd grunnlaget for å starta fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. Men samstundes skulle høgskulen i Volda inviterast til eigne sonderingar.

— Det er sagt at HiSF var kome så langt i prosessen. Men det er viktig å vita at det var først i går dei faktisk vedtok å starta fursjonsforhandlingar, seier Roppen.

Meir å henta i sør

Stokke var ikkje overraska over tilbodet frå Roppen.

— Volda satsa i utgangspunktet på alliansemodellen, men dei har hatt linja open mot oss. Høgskulen i Sogn og Fjordane var ikkje ein førsteprioritet, og dei var klare på at dei ikkje ønskja å gå inn i forhandlingar om Vestlandshøgskulen.

Stokke seier dei har meir å henta sørpå.

— Vi har store fellesflater mot Høgskulen i Volda. Men vi har større fellesflater mot Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund. Til saman vil dette verta ein meir kraftfull institusjon.

Stokke seier at dette også handlar om modning.

— Vi har vore gjennom ein lenger utgreiingsprosess med dei andre høgskulane.

— Det var usemje i styret om det var riktig å berre ha ein prosess gåande, mot Vestlandshøgskulen. Er de komfortable med å ha lukka døra mot Volda?

— Vi ser kvar dette sporet fører oss. Vi har etablert eit forhandlingsutval og ein møteplan. Vi tek sikte på å kome fram til ein fusjonsplattform som kan verte vedteke 9.juni.

— Er du optimist?

— Vi satsar på å kome fram til ein sameint plan. Vi må berre sjå om vegen fører fram.

Skulle gjera enkelt vedtak

Roppen hadde vore i kontakt med HiSF-styreleiar Trond Ueland før styremøtet og spurt kva HiSF trengte. Svaret var eit enkelt og greitt vedtak med invitasjon til å starta forhandlingar. Det fekk dei – men takka altså nei.

— Kva tenkjer du om det?

— Mi rolle som styreleiar er å forholda meg til det vedtaket som vart fatta. Eg har inga aning om kva som vart sagt i styremøtet, men eg oppfatta på førehand at det var både tvil og usikkerheit i HiSF-styret, og oppfatta òg at dei ikkje var heilt samde, seier Roppen.

No er det Høgskulen i Molde att på Vestlandet som heller ikkje har funne ein partnar. Dei ser både sørover og nordover.

— Me held oss orienterte om det som skjer i Molde, seier Roppen.

— Men det dei gjer no, er det me har avslutta for lenge sidan: Dei ser mot ein større by langt borte. Det er det me har vore mest redde for, ved å verta styrt frå ein by langt unna er det lett for at ein vert ein enkel salderingspost.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS