Vil rekruttere fleire jenter til ingeniørfag
Silje «ElektroSilje » Wennesland bloggar og legg ut videoar om korleis det er å vere jente på elektrofag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I morgon, onsdag, blir konferansen «Jenter og teknologi» arrangert ved Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).
Målet med arrangementet er primært å vekkje interesse for teknologi- og realfag hjå jenter ved ungdomsskolar og vidaregåande skolar. Det er første gongen dette blir arrangert ved HiOA.
Silje «ElektroSilje» Wennesland er elektronikk- og informasjonsteknologistudent ved høgskolen. Ho bloggar for HiOA.
— Dei potensielt nye studentane finst i sosiale medium. Vidare snakker vi om elektrofag på ungdomsskolar. Når ein er ung koplar ein ofte ingeniørfag med programmering, men faget handlar om mykje meir enn det, seier Wennesland til Khrono.
Ho meiner konferansen er eit godt verkemiddel knytt til denne problemstillinga.
Video av Julie som snakkar om korleis det er å vere dataingeniør ved HiOA, henta frå bloggen til ElektroSilje, video ved Viggo Tellefsen Wivestad.
Suksess i Agder
Konferansen «Jenter og teknologi» har mellom anna vore arrangert ved Universitetet i Agder (UiA) fleire gongar. Talet på jenter som studerer teknologi ved UiA har auka med 236 kvinnelege studentar mellom 2005 og 2013, ifølgje NHO.
Dei peiker på at mykje av suksessen kjem frå konferansesatsinga retta mot jenter og teknologi.
Ved HiOA er ikkje denne konferansen det første initiativet for rekruttering av jenter ved HiOA. Mellom anna blei det oppretta ei undergruppe i Oslo Tekniker Samfund (OTS) kalla «OTS Jentegruppa». Dette blei oppretta grunna behovet for eit jentefellesskap.
Leiar i undergruppa og nestleiar håpa på at Jentegruppa på sikt kunne hjelpe med rekruttering av kvinnelege studentar til realfaga.
Prosjektleiar er positiv
Anders-Petter Andersson er førsteamanuensis ved Institutt for estetiske fag, og prosjektleiar for konferansen. Han har jobba med prosjektet saman med kollegaer i Eining for innovasjon og kompetanseutvikling (EIK). Arbeidet har gått føre seg med fem ulike samarbeidspartnarar, då mellom andre UiA. Wennesland har tett kontakt med Andersson.
Som prosjektleiar har Andersson ansvar for å kommunisere med alle som skal halde føredrag på konferansen, ordne studentgrupper, få inn rollemodeller og studentar som viser fram prosjekt. Ein av rollemodellane som kjem er rosabloggar Sunniva Rose som vil fortelje om kvifor realfag burde vere meir rosa.
Andersson rekner med at konferansen også vil bli arrangert i åra som kjem, men at han og studentane må jobbe med rekruttering i mellomtida. Han er også klar på at det ikkje berre må bli satsa på denne rekrutteringa, men også informasjonsformidling retta mot personar med innvandrarbakgrunn.
— Treng fleire fag
Han understreker viktigheita av å tenkje breidt om satsinga. På spørsmål om konferansen er eit nyttig verkty for å få fleire jenter inn til Fakultet for teknologi, kunst og design svarer Andersson at det er viktig å vere klar over at marknaden innafor IKT handlar om meir enn berre data.
— Det har skjedd ein revolusjon med applikasjonar, Skype, mobilteknologi med nye tenester, nye økonomiske modellar som krev teknisk kunnskap og som særleg kan interessere dei med ein miksa bakgrunn og interesser utover dei tradisjonelle ingeniørfag, skriv Andersson i ein epost til Khrono.
Meiner medvite tel mest
Bloggar Wennesland påpeiker at det viktigaste er at fleire elevar ved ungdomsskole og vidaregåande veit om at høgare utdanning innafor teknologiske fag er meir enn det fordommane kanskje seier.
Ho søkte seg inn på elektronikk- og informasjonsteknologistudiet først og fremst fordi sambuaren hennar var elektrikar.
Ho synst vidare at det er spennande å kombinere programmering og det å lage ting som ho kan få i rørsle. Ho tenkte ikkje over kor stor del kvinner eller menn det var på studiet då ho søkte.
Dårleg informasjon
Wennesland meiner at årsaka ti låg rekruttering av jenter kan vere dårleg informasjon frå HiOA si side.
Det er prosjektleiar Andersson samd i, som også peiker på mangelen av felles kulturar og møteplassar for jenter.
— Det finst mange unge kvinner som er interesserte i teknologi og realfag, men som ikkje kjenner seg heime i glansbiletet av den mannlege ingeniøren som jobbar med olje og betong, eller nerdar som programmerar. Dette er eit forelda bilete som ikkje stemmer med røyndomen. Marknaden er mykje meir mangfaldig, skriv Andersson.
Han peiker på at rekrutteringa skjer gjennom annonser på Facebook og gjennom kontakt med lærarar og rådgivarar ved ungdomsskolar og vidaregåande skolar gjennom epost, telefon, rådgivardag eller liknande.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!