nhh

Vil ikkje svare på spørsmål om advokatutgifter

Noregs handelshøgskole har brukt nær ein million kroner på innkjøp av advokatar i 2024. Ingen kommentar, er meldinga frå styreleiar.

Karen Helene Ulltveit-Moe er styrleiar ved NHH. Her i styremøte saman med rektor Øystein Thøgersen.

«Vi oppfatter at vi på nytt har fått omtrent identiske henvendelser fra dere», skriv leiar for styret ved Noregs handelshøgskole (NHH), Karen Helene Ulltveit-Moe, i ein e-post til Khrono.

Styreleiaren skriv at ho har «ingen ytterligere kommentarar» enn dei rektor Øystein Thøgersen gav «på vegne av oss begge» 24. november 2023. Khrono skreiv den gongen om Thøgersens advokatutgifter på om lag 1.8 millionar kroner, ei firedobling frå året før.

Ekstra million

Sidan den tid har endå ein million blitt fakturert frå dei eksterne advokatane som NHH brukar.

  • NHH har i løpet av dei siste 15 månadene brukt 195.000 kroner kvar månad (i snitt) på eksterne advokatar. Så langt i år har utgiftene kome opp i 910.00 (fram til og med mars).
  • I 2023 brukte NHH nesten 600.000 kroner meir på eksterne advokattenester enn i heile perioden 2014—2022 til saman.
  • Samla for 2023 og så langt i 2024 er utgiftene nær 3 millionar. Det meste av utgiftene knyter seg til varslingssaka knytt til professor og tidlegare instituttleiar Leif Egil Hem. 

Blant dei dyraste sakene

Med det er Hem-saka blitt ei av dei dyraste personalsakene i NHHs historie, og truleg ei av dei i norsk akademia der de er brukt mest pengar til advokatbistand.

I 2021 kom det fram at NTNU hadde brukt 3 millionar kroner på den såkalla Eikrem-saka. Dåverande organisasjonsdirektør Roar Tobro uttalte den gongen at dette truleg var den mest kostbare personalsaka i NTNUs historie.

Khrono har mellom anna spurt Ulltveit-Moe om det bør vere eit tak på utgiftene når det gjeld NHHs bruk av eksterne advokatar. Ho viser til svaret Thøgersen gav i Khrono i november 2023, der han forklarer utgiftene med at dei «reflekterer en kompleksitet i saksforholdene som for oss er unik».

Ho skriv også: 

«Om vi hadde sett en mulighet for å håndtere saken på en god måte på rimeligere vis, hadde vi, det vil si både NHHs administrasjon og styre, selvfølgelig gjort det».

Skulle kutte konsulentbruk

Kunnskapsdepartementet (KD) har instruert universitet og høgskular om å redusere konsulentbruken. 

På spørsmål frå Khrono om korleis departementet stiller seg til utgiftene på NHH svarer KD:

«Med stor fridom til sjølve å disponere eigne midlar, kjem òg eit ansvar. Kunnskapsdepartementet har tillit til at NHH og dei andre institusjonane gjer gode vurderingar av kva som er viktig å prioritere».

Powered by Labrador CMS