Varslingssak

Brukte 195.000 kroner i månaden på advokat

Noregs handelshøgskole (NHH) har betalt ut nær ein million kroner til eksterne advokatar dei første tre månadene i 2024.

Rektor ved NHH Øystein Thøgersen har hatt mange møte med advokatar i 2023 og 2024. Han har hatt høgare månadlege utgifter til juristar enn si eiga månadsløn.

Personaltrøbbel på handelshøgskolen er framleis god butikk for advokatbransjen. Rekningane sendt til NHH så langt i 2024 nærmar seg ein million kroner.

Fakturaer Khrono har fått innsyn i, viser at høgskulen har betalt ut 910.000 kroner i januar, mars og april. I 2023 brukte NHH to millionar kroner på ekstern juridisk bistand. 

I løpet av dei 15 siste månadane har NHH dermed brukt nesten tre millionar kroner — 195. 000 i månaden — på advokatar. 

Det meste har NHH-leiinga brukt til å betale for hjelp i varslingssaka knytt til professor og tidlegare instituttleiar Leif Egil Hem. Men også klagesaker frå studentar drar opp utgiftene.

316.000 er ført opp under posten «klagenemnd studenter» i 2023.

Eksplosiv auke

Leif Hem vart i januar 2024 pålagd ordensstraff og fråteken stillinga som instituttleiar. Bakgrunnen var ei varsling mot han hausten 2022 frå ein stipendiat han var rettleiar for.

NHH brukte allereie hausten 2022 kring 400.000 kroner på advokatar som skulle undersøke varselet mot Hem. Dette kjem i tillegg til advokatutgiftene i 2023 og 2024. 

Totalt er det dermed gått med om lag tre millionar kroner i advokatutgifter i denne saka åleine.

Pengane har i hovudsak gått til advokatbyråa Simonsen Vogt Wiig, som NHH har rammeavtale med, og Thommessen.

Sett over tid har utgiftene til eksterne advokatar nærast eksplodert:

I 2023 brukte høgskulen i Sandviken nesten 600.000 meir enn i heile perioden 2014—2022 til saman. 

NHH-leiinga ønskjer ikkje å kommentere saka.

Varsling og ordensstraff

Hem varsla tilbake mot leiinga ved NHH og leverte hausten 2023 eit 113 sider langt brev til Kunnskapsdepartementet. Advokatrekningane som NHH-leiinga har betalt i 2024 har samanheng med dette.

I motvarselet skulda Hem rektor Øystein Thøgersen for utfrysing og fryktkultur, og NHH-leiinga for å ha konstruert varselet mot han.

Hem hevda også at rektor unngikk å invitere til dialog i saka og i staden leverte saka rett til advokatbyrået.

Thøgersen har avvist skuldingane. 

«Reflekterer kompleksitet»

Thøgersen har tidlegare argumentert med at utgiftene til advokathjelp har vore nødvendige. I ein e-post til Khrono i november 2023 forklarte han at utgiftene «reflekterer ein kompleksitet i sakstilhøva, som for oss er unik, ettersom det initiale varselet utløyste fleire nye varsel og spørsmål knytt til habilitet».

— I denne saka var det av den grunn heilt naudsynt å hente inn ekstern ekspertise, har Thøgersen tidlegare uttalt til Khrono, då han også varsla at utgiftene ville auke

Leif Egil Hem har vore av ei anna oppfatning. 

— Det har bidratt til å eskalere saka, uttalte Hem til Khrono etter at NHH-styret i januar følgde opp Thøgersens innstilling om ordensstraff.



Powered by Labrador CMS