Debatt ● 15 tilsette ved Høgskulen i Volda

Vi har full tillit til vår valde og sitjande rektor

— Vi har vanskeleg for å sjå at ein tilsett rektor, der tilsetjingsprosessen ligg til styret og ikkje til dei tilsette og studentane, skulle vere ei meir demokratisk ordning, skriv 15 tilsette ved Høgskulen i Volda.

Bildet viser tre menn, prorektor, rektor og fungerende direktør, på styremøte ved høgskulen i volda
Odd Helge Mjellem Tonheim er vald rektor, og slik òg styreleiar, ved Høgskulen i Volda. Her saman med prorektor Eirik Søvik og Kjell Einar Dagfinrud, som då var konstituert høgskuledirektør.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

«Leiarmodell til besvær» skriv redaktør Tormod Utne på leiarplass i Møre-Nytt 19.4.24, før han kjem med ei rekke meiningar om leiarmodellen ved Høgskulen i Volda. Mellom anna hevdar han at ordninga med vald rektor svekker institusjonen og styret sin legitimitet. 

Ut frå det Utne skriv kan ein få inntrykk av at ordninga med vald rektor er ei særordning ved Høgskulen i Volda, medan det i røynda er ei ordning med lange tradisjonar i universitets- og høgskulesektoren i Noreg. Universitet i Oslo, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Molde er berre nokre av fleire andre institusjonar som også har vald rektor i dag, som tidlegare rektor og medieprofessor Johann Roppen peikar på i eit anna lesarbrev i Møre-Nytt.

I forkant av valet av leiarmodell som Utne refererer til, var det gjennomført breie og gode prosessar på Høgskulen i Volda, der tilsette og studentar blei inviterte med til å høyre på Universitetet i Bergen (med vald rektor) og Høgskulen på Vestlandet (med tilsett rektor) sine erfaringar. I forlenginga av dette hadde vi breie og gode diskusjonar om føremoner og ulemper ved dei ulike ordningane, noko som til slutt enda med at eit fleirtal i styret valde å halde fram med vald rektor for perioden 2023—2027. 

Eit argument som vog tungt for dei som stemde for vald rektor, var at ein ved ordninga med tilsett rektor blir styreleiar utpeikt av departementet, medan tilsette og studentar får høve til røyste på den kandidaten ein føretrekkjer ved ordninga med vald rektor, som då også blir styreleiar. Det siste er etter vår meining langt meir demokratisk enn det første.

Etter at høgskulestyret hadde fatta vedtak om vald rektor, blei det sett i gong ein brei og open prosess med å finne rektorkandidatar. Det blei sett ned ein eigen komité som arbeidde aktivt for å få fram aktuelle kandidatar, og i den prosessen var det fleire aktuelle kandidatar. Av ulike årsaker var det til slutt likevel berre éin kandidat som stilte til val, og han blei røysta fram av svært mange tilsette og studentar ved høgskulen. 

Vi skulle gjerne ha sett at det var fleire som stilte til val, men etter vårt syn er det mykje betre å ha ein vald rektor enn at departementet skal peike ut styreleiar, og at styret skal tilsetje ein rektor gjennom meir eller mindre lukka prosessar. Utne argumenterer for at vald rektor med berre éin kandidat er problematisk frå eit demokratiperspektiv. Vi har vanskeleg for å sjå at ein tilsett rektor, der tilsetjingsprosessen ligg til styret og ikkje til dei tilsette og studentane, skulle vere ei meir demokratisk ordning.

I ordninga med vald rektor er det dessutan gjerne slik at rektorkandidatane er fagleg tilsette ved eigen institusjon, og etter vår vurdering er det ein stor føremon at den som skal leie ein høgskule eller eit universitet, har god innsikt i undervisninga og forskinga sitt verdigrunnlag. 

Det er også ein føremon at rektor gjerne skal tilbake til «sine eigne» etter at rektorperioden er over, då dette typisk vil føre til at rektor har ein meir aktiv dialog med tilsette og studentar under rektorperioden enn kva tilfellet vil vere med ein tilsett rektor. Med ein slik leiingsmodell kunne ein kanskje tenke seg at innføringa av Helseplattforma hadde blitt avlyst eller i det minste utsett i Møre og Romsdal?

Sist, men ikkje minst, vil vi streke under at vi har full tillit til vår valde og sitjande rektor, trass i den subtile kritikken av han som ein kan lese andre stader i Møre-Nytt same dag som redaktøren publiserte den nemnde leiarartikkelen.

Underteikna av:
Stig J. Helset, professor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Eivind Patrick Hanevik, studieleiar for grunnskulelærarutdanninga
Erik Cyrus Fooladi, professor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Finn Ove Båtevik, professor ved Avdeling for samfunnsfag og historie
Arne Kåre Topphol, dosent ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Birgitte Fondevik, dosent ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Hjalmar Eiksund, førsteamanuensis ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Ole Frank Bakken, seniorrådgjevar ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
Karen Brenne, professor ved Avdeling for kulturfag
Marit Ulvund, førsteamanuensis ved Avdeling for kulturfag
Ingeborg Skogen, førsteamanuensis ved Avdeling for kulturfag
Elisabeth Welle, studieleiar for barnehagelærarutdanningane
Janne Heggvoll, førstelektor ved Avdeling for kulturfag
Hildegunn Hovde, høgskulelektor ved Avdeling for kulturfag

Powered by Labrador CMS