Høgskulen i Volda

Går hardt ut mot rektor i lokalavisa

Spesialrådgivar Unni Hagen går hardt ut mot eigen rektor i eit ope brev i lokalavisa Mørenytt. — Næringslivet hadde ikkje godteke dette, seier redaktør Magne Lerø.

— Kva kan du bidra med som rektor og styreleiar for at me saman skal finna dei beste svara, er eitt av spørsmåla rektor Odd Helge Mjellem Tonheim får i det opne brevet.
Publisert Oppdatert

Høgskulen i Volda skal måndag ha det åttande ekstraordinære styremøtet så langt i 2024. Til samanlikning har det vore eitt ordinært møte i høgskulestyret. 

Saka som har vore handsama på dei fleste av desse møta er den same. Ho har tittelen «klagesak», og handlar om kritikken høgskuledirektøren har fått for å prøva å stoppa eit forskingsprosjekt.

Høgskuledirektøren har òg fått kritikk for å tilsetja tidlegare dekan Unni Hagen i ei spesialrådgivarstilling. Hagen fekk retrettstillinga etter at det vart kjent at ho ikkje fekk nytt åremål som dekan.

No går Unni Hagen ut mot rektor Odd Helge Mjellem Tonheim i eit lesarinnlegg i lokalavisa Mørenytt.

Ho har underteikna innlegget som medlem i Utdanningsforbundet, tidlegare dekan og no spesialrådgjevar i leiinga ved høgskulen.

I innlegget, som har tittelen «Åpent brev til rektor», skriv ho at «noe av det som for tiden preger HVO oppleves både internt og eksternt som en eskalerende krise, preget av helseskadelig 'støy' både for organisasjonen og for den enkelte ansatte. Flere forhold knyttet til den kriselignende tilstanden er allerede gjort kjent for offentligheten, bl.a gjennom rektor og tillitsvalgtes uttalslser til Khrono — uttalelser plukket opp av den regionale pressen».

Meiner rektor ikkje bør svara

I innlegget stiller Hagen fleire konkrete spørsmål til Tonheim, mellom anna om hans kommunikasjonsstil og kva som kjenneteiknar han som samarbeidspartnar, og om korleis han konkret har teke vare på arbeidsmiljøet sidan han vart rektor i august i fjor.

— Veldig spesielt, seier Magne Lerø, redaktør i Ukeavisen Ledelse, om lesarinnlegget.

— Tilsette har ytringsfridom. Men dersom dette hadde skjedd i næringslivet … Slikt godtek ein ikkje der!

Khrono har tidegare mellom anna skrive at fagforeiningane ved høgskulen har brote samarbeidet med høgskuledirektøren

Lerø seier på generelt grunnlag at tillitsvalde er blant dei som kan ha ei interesse av at ein konflikt vert spelt ut offentleg.

— Men ein hovudregel er at ein løyser konflikter internt, med så få som mogleg involvert.

— Er det annleis at ei lokalavis no skriv om konflikta enn at ei nasjonal avis gjer det?

— Ja, då vert det noko endå fleire må forholda seg til, noko som kan gjera at konflikta vert forsterka. No kan politikarar, andre innbyggjarar, nokon som kjenner nokon verta engasjerte. Då kan konflikta veksa, seier Lerø.

— Bør rektor svara i lokalavisa?

— Dersom det hadde vorte stilt nokre prinsipielle spørsmål kunne han gjort det. Det er ikkje lurt å gå ut og forsvara seg, det kan gjera det verre.

Spesialrådgivar Unni Hagen har skrive eit innlegg i lokalavisa Mørenytt. Ho får kritikk frå Forskerforbundet.

Fagforeining er kritisk

— Dette er både uheldig og kritikkverdig, meiner leiar i Forskerforbundet ved Høgskulen i Volda, Torill Engeset.

Ho seier vidare at det er svært mange tilsette som synest at utspelet til Hagen både er rystande og illojalt, når ho på denne måten går ut i media mot sin næraste leiar.

— Utspelet til Hagen bidreg til å eskalera den vanskelege situasjonen sett i høve til varslingssakene mot høgskuledirektør, seier Engeset.

Rektor, som òg er styreleiar ved høgskulen, er inhabil i klagesaka mot direktøren. Det er difor professor Silje Louise Dahl som fungerer som styreleiar og som uttaler seg til media.

— Me er opptekne av å halda saka i dei fora ho skal diskuterast, seier Dahl, og ønskjer ikkje å seia noko om innlegget i Mørenytt.

Unni Hagen skriv i ein sms til Khrono at ho ikkje har nokon kommentar.

Rektor Tonheim seier fredag at han jobbar med eit svar til Mørenytt og ikkje ønskjer å seia noko før han har skrive det.

Må vera til ulempe

Måndag ettermiddag skal altså høgskulestyret ha endå eit møte. Det er det tredje etter påske. 

Kor mange møte styret vil trenga for å koma til eit vedtak, kan ikkje fungerande styreleiar Silje Louise Dahl svara på.

— Me brukar den tida me treng, og me har så mange møte som me vurderer er naudsynt, seier ho.

Alle sakspapira til styremøtet er unnatekne offentlegheit med heimel i paragraf 23.1 i  offentleglova. Der heiter det at «det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi-, lønns- eller personalforvaltninga til organet».

— Dette handlar truleg om ei arbeidskonflikt, og dei skal ein få løysa utan at det er for mange røyster som vert involvert, seier Johan Aulstad, jussprofessor og tilsett ved UiT Noregs arktiske universitet. Han har mellom anna gitt ut boka «Innsynsrett».

— Men for at ein skal kunne unnta opplysningar etter denne heimelen, må unntaket vera naudsynt for å verna interessene til organet der konflikta har oppstått. Heimelen til unntak kan i utgangspunktet ikkje brukast til å unnta opplysningar som berre vil skada andre sine interesser, til dømes interessene til ein tilsett eller ei fagforeining som er involvert i arbeidskonflikta, seier han.

— Det ser ut til å ha teke tid å finna ei løysing på denne saka, legg han til.

Powered by Labrador CMS