Debatt ● kåre heggen og tor-johan ekeland

Maktkamp på høgskulen

God leiing føreset god rolleforståing. Leiarkonfliktane ved HVO dei siste åra handlar om det motsette, skriv to tidlegare tilsette ved Høgskulen i Volda.

Det er ein maktkamp ved Høgskulen i Volda, skriv innleggsforfattarane.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Møre-Nytt hadde fredag 19. april eit regissert angrep på Høgskulen i Volda (HVO) sin faglege leiar, rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. 

Utgangspunktet er eit lesarinnlegg frå ein tidlegare dekan, Unni Hagen, der ho ber rektor stå skulerett for henne i all offentlegheit for det ho implisitt hevdar er dårleg leiarskap. Det er stygt, men også kjepphøgt frå ei som nettopp ikkje fekk fornya tillit til sitt leiarskap som dekan. No går ho i striden (tydelegvis) for direktøren ved HVO, Ann-Kristin Emblem, direktøren som på omstridt vis tilsette henne som «spesialrådgjevar» etter vrakinga som dekan. 

Redaktøren i Møre-Nytt løftar dette pinlege lesarinnlegget med eit intervju, og i tillegg ein leiar der hypotesen tydelegvis er at «bråket» ved HVO skuldast leiarmodellen. Han opplyser korrekt nok at han tidlegare har vore tilsett ved HVO, men ikkje at han er gift med den tidlegare mediedekanen som etter omfattande uro trekte seg frå stillinga før saka var konkludert. Regien er tydeleg, den presseetiske svakheita likeså.

Det som er rett i saka er at det er ein maktkamp ved HVO, men forholdet mellom personane Odd Helge Mjellem Tonheim og Ann-Kristin Emblem er i denne samanhengen irrelevant. 

Redaktøren prøver på å belære HVO i demokratiforståing, og syns utilslørt å meine at «krise og maktkamp» skuldast at HVO held fast ved modellen om vald, og ikkje tilsett rektor. Han gløymer å nemne at på avdelingsnivå praktiserer HVO tilsetting av dekanar. Det har gitt meir, ikkje mindre konfliktar.

Gjennom mange tiår har det i offentleg sektor vore ei forskyving av makt frå fag til styring og administrasjon. Maktkampen som no spelar seg ut ved HVO har sin bakgrunn i dette, og er ikkje ulik tilsvarande «kampar» frå andre sektorar, t.d. helsevesenet og skulen. HVO har halde fast ved den gamle styringsmodellen med vald fagleg leiing, slik det har vore i mange hundreår i vår vestlege akademiske tradisjon. I tillegg til HVO, held framleis dei «gamle» universiteta i Oslo og Bergen fast ved denne modellen. NTNU, som har den nye modellen, har gjennom mange år hatt eit høgt konfliktnivå, og ein rektor som nyleg måtte gå for å ha snubla i dei akademiske verdiane. 

Det redaktøren underslår er at denne modellen har vore heilt avgjerande for utvikling av vestlege demokrati. Den har sikra at dei som skaper kunnskap skal kunne gjere det uavhengig av ytre makters interesse, anten det gjeld Staten, næringsliv eller andre. Akademisk fridom har denne forankringa. Leiarmodellen er difor: Den fremste blant likemenn/kvinner. Inntil Kristin Clemet fekk det for seg at universiteta skulle leiast som andre bedrifter, heitte til dømes styret ved Universitetet i Bergen «Kollegiet».

God leiing føreset god rolleforståing. Leiarkonfliktane ved HVO dei siste åra handlar om det motsette. Konflikten mellom direktør og rektor er eigentleg ei konflikt mellom direktør og fagmiljøet. Den har utgangspunkt i at direktøren har forsøkt å gripe inn i den akademiske fridomen ved å ville stoppe eit forskingsprosjekt ho ikkje likte. Det er manglande rolleforståing, og har resultert i at ho har «mista garderoben» hos dei fagleg tilsette. Det tener HVO sine faglege tilsette og rektor til ære at dei har teke til motmæle mot denne urette direktørstyringa, og stått opp for dei akademiske verdiane. 

Og til slutt, gode redaktør, den modellen du harselerer over er ikkje så ulik den som norske kommunar blir styrt etter, ein vald ordførar og tilsett rådmann/administrasjonssjef. Ein kan håpe at redaktøren hadde kvest sin penn om ein rådmann brukte stillinga si politisk.

Powered by Labrador CMS