Høgskulen i Volda

Advokatrapport: Høgskule­direktøren handla kritikkverdig

Høgskuledirektøren handla i strid med akademisk fridom og på ein måte som kan gi grunnlag for administrativ eller arbeidsrettsleg konsekvens. Det er konklusjonen i ein advokatrapport til styret ved Høgskulen i Volda.

Bildet viser to bygg ved høgskulen i volda
Høgskuledirektøren har handla kritikkverdig og ho har gjort eit inngrep i ein enkeltforskar sin akademiske fridom. Det er konklusjonen i ein rapport høgskulestyret har fått. Rapporten er ein del av handsaminga av ei varslingssak, som endå ikkje er avslutta i styret.
Publisert Oppdatert

Like før jul hadde høgskulestyret ved Høgskulen i Volda fleire ekstraordinære møte. 

Som Khrono har skrive, var det eit varsel mot høgskuledirektør Ann Kristin Emblem som vart handsama: Hadde ho gripe inn og motarbeidd eit forskingsprosjekt? Og vidare: Hadde direktøren, i kraft av stillinga si, høve til å handla som ho gjorde? Handla direktøren i strid med lover/forskrifter/reglar/rutinar, eller på ein annan måte som var kritikkverdig?

Dette var spørsmål advokatfirmaet Judicia fekk i oppgåve å sjå nærare på. No har dei levert ein rapport til høgskulestyret som Khrono har fått innsyn i.

«Direktør ved sin handlemåte har foretatt et urettmessig inngrep i forskerens akademiske frihet. Granskerne konkluderer i forlengelsen av dette med at direktør har handlet kritikkverdig ved at hun, etter at nødvendige avklaringer var gitt, likevel fasthold at spørreundersøkelsen skulle pauses», skriv Judicia, og vidare: 

«At direktør, etter en samlet vurdering, anses å ha handlet i strid med forskerens akademiske frihet, er objektivt sett egnet til å gi grunnlag for en administrativ og/eller arbeidsrettslig konsekvens».

Ikkje naudsynt å orientera

At saka hamna i høgskulestyret, skuldast at førsteamanuensis Stein Conradsen høyrde om saka og sende inn eit formelt varsel.

— Eg synest dette var meir enn drygt. Dette er eit klart angrep på den akademiske fridommen, sa Conradsen til Khrono.

Det var førstelektor Leif Longvanes som var prosjektleiar for undersøkinga. Han har tidlegare sagt til Khrono at det ikkje var naudsynt for han å be om løye til å gjennomføra ei spørjeundersøking ved eigen institusjon.

— Men eg bad om løyve frå rektor av lojalitet til høgskulen. For det første er eg temmeleg nytilsett, og for det andre meiner eg det er rett at det er transparens når ein skal driva forsking på eigen institusjon, sa Longvanes.

I rapporten frå advokatfirmaet kjem det fram at forskaren var i kontakt med rektor om å senda ut ei spørjeundersøking til tilsette ved høgskulen. Rektor var så i kontakt med både prorektor og forskingssjef, som gav tommel opp. Forskingsprosjektet var òg godkjent hos Sikt.

Rapporten viser at Longvanes hadde rett: Ingen av høgskulen sine rutineskildringar inneheld krav om at rektor eller direktør skal verta orienterte i forkant av at eit forskingsprosjekt vert sett i gang. Direktør har heller ikkje ei rolle i samband med forsking i eigen organisasjon.

Men direktør kan ha hatt ei velgrunna forventing om at ho vart orientert i forkant av planlagde forskingsprosjekt, heiter det.

Ok, sa rektor. Stopp, sa direktør

Etter at forskaren hadde sendt ut e-post med spørjeundersøkinga til tilsette ved høgskulen, sende høgskuledirektøren e-post til forskaren der ho bad om dokumentasjon på at forskargruppa hadde vore i kontakt med leiinga. Deretter var det møte mellom direktør og rektor morgonen etter. Dette møtet enda med at rektor sende ein e-post til forskaren og bad om at undersøkinga mellombels vart stansa.

Etter mange e-postar og avklaringar denne fredagen sende rektor ein e-post til Longvanes fredag ettermiddag, der han gav klarsignal til å halda fram med forskingsprosjektet. Eit par timar etter dette sende direktør ein e-post til forskaren, der ho bad om at undersøkinga vart låst, slik at det ikkje var mogleg å svara, og bad om eit møte måndagen etter.

Advokatfirmaet skriv av granskarane legg til grunn som bevist at direktør var avgjerande for at det fredag morgon vart sendt ein e-post til forskaren med oppmoding om å mellombels stansa forskingsprosjektet.

— Direktøren har ikkje stansa eit forskingsprosjekt, men ved to høve initiert krav om det, heiter det i rapporten.

I saka Khrono skreiv i januar, vart det vist til meldingar frå administrative leiarar ved høgskulen, som bad sine tilsette om ikkje å svara på undersøkinga. Dei viste til at direktør ikkje hadde godkjent undersøkinga. Men granskarane kan ikkje bevisa at det var høgskuledirektøren som oppmoda leiarane om å senda ut desse meldingane, så ein kan ikkje seia at ho aktivt motarbeidde forskingsprosjektet, heiter det i rapporten.

Styret får ny sak

Khrono har prøvd å koma i kontakt med høgskuledirektør Ann Kristin Emblem. Gjennom høgskulen sin kommunikasjonsdirektør seier ho at ho ikkje ønskjer å kommentera.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er inhabil i saka, og det er for tida styremedlem Per Halse som fungerer som møteleiar og mediekontakt for den aktuelle saka.

— Vanlegvis er det dei øvste leiarane ved ein institusjon som styrer med slike saker, men nettopp fordi toppleiinga er involvert, er det styret sjølv som handterer saka — gjennom eit arbeidsutval på tre medlemer, seier Halse til Khrono.

Han fortel at styret raskt skjøna at det ville vera naudsynt å henta inn ekstern hjelp.

Saka var sist oppe på eit ekstraordinært styremøte 6. mars. Der er vedtaket at styret tek rapporten frå advokatfirmaet til vitande, og at styret ber arbeidsutvalet, med bistand frå Advokatfirmaet Judicia DA, førebu ei sak der ein får vurdert sakskomplekset.

— Korleis handterer styret denne saka vidare?

— Eg kan ikkje seia noko om konkrete konsekvensar no, saka er ikkje ferdighandsama, seier Halse.

— Det må vera ein balanse her. Saka bør ikkje dra for langt ut i tid, men samstundes må me ikkje gjera noko forhasta.

Styret har neste ordinære møte 7. mai.

— Kan det verta aktuelt med ekstraordinære styremøte før det?

— Ein skal ikkje sjå vekk frå at det kan verta fleire møte.

Bildet viser tre menn, prorektor, rektor og fungerende direktør, på styremøte ved høgskulen i volda
Prorektor Eirik Søvik er sekretær for styret i varslingssaka. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er inhabil. Til høgre her Kjell Einar Dagfinrud, som er konstituert som høgskuledirektør i Ann Kristin Emblem sitt fråver.

Gjekk frå møte

I advokatrapporten kjem det tydeleg fram at det er ulike syn på saka. Det vert mellom anna skildra eit møte mellom forskar, dekan, rektor og direktør. I forskar, dekan og rektor si forklaring til granskarane kjem det fram at dei oppfatta direktør som irritert, og dei har skildra at ho skal ha reist seg brått, teke tinga sine med seg og gått mot døra. «Eg trudde me hadde kome lenger enn dette», skal direktør ha sagt.

Dette skal ha skjedd etter at forskaren viste ei utskrift frå høgskulen si nettside, der rektor var plassert under «leiing». Direktøren har sagt at ho oppfatta at forskaren meinte at ho ikkje var ein del av leiinga. Ho opplevde møtet som trakasserande, og valde difor å gå.

I rapporten heiter det òg at høgskuledirektøren har forklart at ho oppfattar at både forskaren, dekanen og rektor meiner at direktøren ikkje har mynde til å bestemma om ein skal gå vidare med forskingsprosjektet, og at det er fleire styremedlemmer som har gitt uttrykk for tilsvarande haldning i Khrono. Ho seier at ho har halde stilt, for å unngå meir trøbbel.

Veit ikkje om dataa kan nyttast

Mann ståande med briller ståande, lys brun dressjakke og lyseblå skjorte
Eg har tillit til at saka vert handsama på ein god måte, seier Leif Longvanes

Stein Conradsen, som altså varsla, skriv i ein e-post til Khrono at han er nøgd med granskinga og med konklusjonane i rapporten. 

Førstelektor Leif Longvanes seier at han ikkje kjenner til innhaldet i advokatrapporten, og han har heller ikkje kunnskap om styret ved Høgskulen i Volda si vidare handsaming av saka, skriv han i ein e-post til Khrono.

— Men eg har stor tillit til at dette vert handsama på ein god måte, skriv han.

I rapporten er han sitert på at det er usikkert om dataa frå undersøkinga vil kunne brukast, sidan det vart støy rundt utsendinga, og dette var noko som kjapt ryktast ved høgskulen.

— Det er for tidleg å seia noko om dataa som vart sama inn har ein kvalitet som gjer at dei kan nyttast, seier Longvanes.

Endringslogg: Lagt inn sitat frå Stein Conradsen 15.mars kl 15.29

Powered by Labrador CMS