Hør lydklipp fra arrangementet.

Demonstrerte under homofili-møte

Aksjon. Raud ungdom stilte med stort banner under homofili-arrangementet på NLA Høgskolen i Bergen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saken er oppdatert med lydklipp i videoen over)

— Eg trudde eg berre skulle demonstrera mot same gamle dritten, men dette vart sterkt personleg.

Det seier Sunniva Strønen Rønning, som er på gråten etter møtet på NLA Høgskolen tysdag kveld. Rønning er transperson og med i Raud Ungdom.

Det plar ikkje vera så mange på våre møte, dei plar ikkje vera så unge, og dei plar ikkje vera så usamde i det som vert sagt.

Arve Kjell Uthaug

«Let´s be gay,» stod det på det store banneret dei viste under NLA Høgskolen sitt arrangement om seksualitet og homofili.

— Sjukt drygt, seier Sunniva Andresdottir Vik om arrangementet.

Ho er leiar i Raud Ungdom i Bergen, og initivtakar til demonstrasjonen.

— Me er opptekne av feminisme og likskap for alle seksualitetar. Her vil ein gjera om nokon si legning, seier ho.

Det er synd at me ikkje er invitert med i debatten, seier Vegard Holsås frå Raud Ungdom. Ungdomspartiet hadde sin eigen demonstrasjon under møtet på NLA Høgskolen. Foto: Tor Farstad

Eks-homofil

Raud ungdom var berre nokre av dei som reagerte på det som kom fram under møtet tysdag kveld. Mike Davidson var hovudtalar. Han er frå Storbritannia, kallar seg eks-homofil og driv med konverteringsterapi. Han fortel at han allereie frå 10-årsalder kjente at han likte dei av same kjønn.

— Eg kjente at det var feil, men eg visste ikkje kva det var. Me hadde ikkje noko ord for homofili i Afrika, der eg vaks opp, på den tida, fortel 64 år gamle Davidson.

Han legg ikkje skjul på at han er konservativ kristen.

— Du stiller spørsmål ved identiteten min, sa Elisabeth Meling under møtet.

Meling er transperson, lesbisk - og kristen. Ho seier til Khrono ho kom til arrangementet fordi ho er usamd i det som vert presentert.

— Av nokre vert eg framleis sett på som mann, og eg opplever at eg vert sett på som eit utskot, seier Meling.

Elisabeth Meling og Märtha Elise Jensen meiner at arrangementet ikkje var fullt så kontroversielt som dei trudde. Foto: Tor Farstad

Venninna Märtha Elise Jensen er samd. Ho fortalde under møtet at ho er lesbisk, vaks opp i ein kristen familie, og prøvde å leva som heterofil. Det gjekk ikkje.

— Eg kom til at eg ikkje kan endra den personen Gud skapte. Eg trur han skapte meg slik han vil at eg skal vera, sa ho.

— Eg har ein veldig fin familie, som eg er veldig glad i, og eg veit dei er glade i meg. Men som kristen veks ein opp med ei forventning om at ein skal finna seg ein mann, gifta seg og få barn, seier ho til Khrono.

Mike Davidson frå Nord-Irland fortalde om at han var homofil - men vart heterofil. Han vil gjerne hjelpa andre. Foto: Tor Farstad

Eks-homofil

«Endring eller sølibat – det er spørsmålet. Korleis hjelper vi dei som ønskjer å forlata homoseksuell praksis og kjensler», heitte det på plakaten for arrangementet. Mange hadde møtt fram, men langt frå alle var samde med Davidson.

Davidson fortel òg at han har vore gift i 40 år, men at han etter nokre år som gift framleis hadde uløyste kjensler.

— Eg fekk profesjonell hjelp, og var med i eit treningsprogram som går over fem år. Eg meiner at vaksne må ha rett på profesjonell hjelp dersom det er det dei ønskjer, seier Davidson, som i dag sjølv har klientar som ønskjer å leva eit heterofilt liv.

Han meiner det er i strid med ytringsfridommen at britiske styresmakter ikkje vil lata han ha ein slik praksis. EU-parlamentet har vedtatt at dei er positive til eit forbod mot konverteringsterapi.

Viser til Bibelen

— Det er skildra på poetisk vis at Gud tok eit ribbein frå mannen og skapte kvinna. På engelsk brukar me ordet «rib» om design og form. Det er altså ein komplementaritet mellom mann og kvinne som er heilag for Gud, meiner Davidson.

Eg trudde eg berre skulle demonstrera mot same gamle dritten, men dette vart sterkt personleg.

Sunniva Strønen Rønning

Møtet måtte flyttast til eit større lokale på grunn av stort oppmøte. Allereie lenge før møtestart var det mange tilhøyrarar på plass. Nokre av dei hadde klede med regnbogefargar, andre plakatar.

— Dette er regelrett homofobi, seier Juliane Hamre.

— Me fekk høyra om dette møtet i dag tidleg, me studerer på NLA si avdeling på Breistein.

Ho møtte fram med fleire andre, som ikkje ville ha namn og bilete på trykk, men som seier at dei støttar Hamre.

— Me reagerer sterkt på arrangementet. Me veit at NLA er ein kristen høgskule, men dette er sentrert hat mot ei gruppe. Det er ikkje greitt, seier Hamre.

Provosert

Alexander Castillo er godt over studentalder, men hadde møtt fram likevel.

Homofile har vorte drepne i tusen år, sa Alexander Castillo engasjert. Foto: Tor Farstad

— Eg vart provosert, seier han.

— Dette er respektlaust. Dersom ein er homofil i dette miljøet får ein med dette beskjed om at ein har ein sjukdom. Eg er stolt av å vera homofil, slær han fast.

Studentparlamentet ved NLA er også på plass. Dei reagerer på at skulen sine lokale vert brukt til eit slikt møte.

— Det synest me er ugreitt. Eit slikt tema kan òg gå utover ei sårbar gruppe, seier leiar Marte Haugen.

— Det må vera greitt å vera student her uavhengig av kven ein er, legg ho til.

— Det er bevist at homofile har høgare sjølvmordsrate enn andre, seier Sindre Marthinussen. Han er politisk nestleiar i Studentparlamentet.

Også studentane ved NLA Høgskolen Oslo reagerer. Leiar for Pedagogstudentane der, Samir Rahbi, skriv i ein epost til Khrono at Pedagogstudentane tek sterk avstand frå at NLA Høgskolen tillet slike arrangement.

— Me er kritiske til at ein høgskule som òg skal vera for alle, opererer med ein slik praksis, seier han.

Rahbi seier òg at Pedagogstudetane forventar at det kjem tydelege retningslinjer på plass.

Mot likekjønna ekteskap

Arrangør av møtet er Frimodig Kirke og Til Helhet.

Til Helhet har som formål «å bistå dei som har ei uønska seksuell orientering eller følelsar, og som sjølv ønskjer hjelp i prosessen med å finne ein annan veg i dette», står det på nettsidene.

Frimodig kirke skriv om seg sjølv at dei vart danna i 2017, etter vedtaka som vart gjort på Kyrkjemøta i 2016 og 2017 om ei ny ekteskapslære. Frimodig kirke er eit nettverk som «vil gi støtte, veiledning og frimodighet til ansatte og frivillige medarbeidere som vil stå fast på kirkens klassiske tro».

Arve Kjell Uthaug, som i yrkeslivet er administrasjonssjef ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen, leia møtet. Han er vara til styret i Frimodig Kirke. Uthaug seier at arrangementet ikkje var eit arrangement retta mot studentar.

— Me låner alltid lokale til møta våre. Her på NLA er det god plass. Dette møtet med Davidson var noko me fekk spørsmål om me ville arrangera, det var ikkje noko me tok initiativ til, seier Uthaug.

Før kaffipausen takka han alle dei frammøtte, særleg dei som var usamde med Davidson.

— Meinte du det?

— Ja. Me treffer alle folk som er samde med oss sjølve. Eg har stor respekt for dei som er usamde, og som møter fram her, seier Uthaug.

Han medgir at møtet ikkje vart slik som tenkt.

— Det plar ikkje vera så mange på våre møte, dei plar ikkje vera så unge, og dei plar ikkje vera så usamde i det som vert sagt. Men eg meiner at ein òg skal ta Davidson si historie på alvor, seier Uthaug.

Parlamentsleiar reagerer

Det var TV2 som først skreiv om saka. Dei har vore i kontakt med NLA, som ikkje meiner det er problematisk at eit slikt arrangement vert halde ved skulen.

— Universitet og høgskular har mange arrangement som er initiert og arrangert av privatpersoner eller organisasjoner. Dette gjeld også hos oss. Både studenter og andre nyttar fasilitetar ved universitet og høgskular til møte av ulik karakter. Når det gjeld den opne dialogen, høyrer den til i den akademiske kulturen, seier kommunikasjonsleiar Solfrid Ebbesen.

TV2 har òg intervjua Ola Gimse Estenstad, som er leiar for studentparlamentet ved OsloMet, og sjølv homofil. Han meiner at slike arrangement kan vera skadeleg for det homofile miljøet ved skulen.

— Det skal vera ope for ulike meiningar, men ein må tenkja over kven ein inviterer. Ein får høyra at homofili er eit val og at det finst ei løysing på problemet, det meiner eg er utruleg feil, seier Estenstad.

(Saka er oppdatert kl 21.50 med kommentarar frå NLA og Ola Gimse Estenstad. Oppdatert faktaboks kl 01.21 med at Arve Kjell Uthaug uttalar seg som kveldens møteleiar og ikkje som tilsett ved Universitetet i Bergen, slik det først sto. Oppdatert 16.10 kl 09.02 med kommentarar frå Pedagogstudentene ved NLA Oslo )

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS