folkehelseinstituttet

Ho forskar på farlege bakteriar og pandemi. No leier ho også  Folkehelse­instituttet 

Professoren har vore oppteken av å bygga lag. Difor er ho trygg på at både senteret for framifrå forsking og andre store prosjekt ho leier er i gode hender når ho no vert toppleiar hos Folkehelseinstituttet.

Ein pandemi fører med seg mykje usikkerheit — og det er noko ein vil sjå att når ein får ein ny pandemi, seier Guri Rørtveit. Pandemi er noko av det FHI skal vera førebudd på.
Publisert Oppdatert

— Betring av folkehelsa skjer ikkje automatisk. Det er noko som må jobbast med, seier Guri Rørtveit.

Denne veka er ho på plass i Oslo, som ny direktør for Folkehelseinstituttet (FHI). Rørtveit har i ei årrekkje vore medisinprofessor og instituttleiar ved Universitetet i Bergen. No skal professoren i allmennmedisin få jobba endå breiare med det ho har vore interessert i lenge.

— Allmennmedisin er oftast arbeid på individnivå, medan samfunnsmedisin er overvaking på samfunnsnivå. Men når me snakkar om folkehelsearbeid er ikkje det ei sak berre for medisinarar, seier Rørtveit. 

Ho har forska på giardiautbrotet i Bergen, campylobacterutbrotet på Askøy og på koronapandemien.

— No får eg jobba tettare opp mot styresmaktene enn eg har gjort, og ein får ein sjanse til å påverka. Samstundes er eg oppteken av at FHI skal vera fagleg uavhengige, seier Rørtveit.

Når ein får ein ny pandemi …

Mange nordmenn har sjølvsagt visst at ein har hatt eit eige folkehelseinstitutt. Men frå mars 2020 var dåverande direktør, Camilla Stoltenberg, svært synleg i media. Stoltenberg har no gått motsett veg av Rørtveit, og er direktør i forskingsinstituttet Norce, med hovudkontor i Bergen.

— Eg trur pandemien gjorde at FHI vart tydelegare for folk flest, og fekk ein tydeleg posisjon hos innbyggjarane. Det betyr at dei råda og innspela som kom frå FHI vart meir synlege — ein positiv bieffekt, seier Rørtveit.

Men at det kom ein pandemi var noko FHI var klar over kunne skje, og noko av det dei skal ha beredskap for.

— Eg har heilt fram til no arbeidd innimellom som vikar for fastlege. Noko av det eg ser no, er at mange kjem til fastlegen med vanlege plager som dei lurer på om kan skuldast seinfølgjer etter covid-19. Ein pandemi fører med seg mykje usikkerheit — og det er noko ein vil sjå att når ein får ein ny pandemi.

— Du seier når?

— Ja, eg trur òg at det er noko innbyggjarane er meir medvitne om. Det har vore fleire tilløp til pandemi dette hundreåret enn i førre hundreåret, og det handlar nok mellom anna om at ein lever tettare på kvarandre og naturen enn før.

Ny nestleiar på plass

I 2023 fekk senteret Bergen Centre for Ethics and Priority Setting in Health status som Senter for framifrå forsking (SFF). Ole Frithjof Norheim er leiar, med Rørtveit som nestleiar. Ho har òg leia prosjektet Praksisnett, som har gjort det lettare å forska på pasientar som kjem til fastlegane.

Som direktør for FHI vil Rørtveit framleis forska, og kjem til å halda kontakt med UiB-kollegaene i prosjekt knytt til både covid-19 og campylobacter. Men leiaroppgåvene har ho gitt frå seg.

— SFF-en er i gode hender med ny nestleiar, og både Praksisnett og andre prosjekt er det no andre som leier. Dette har gått knirkefritt, seier Rørtveit, og held fram:

— Eg har vore oppteken av å bygga lag rundt prosjekt, slik at ein ikkje er avhengig av enkeltpersonar.

Då Askøy kommune hadde eit utbrot av campylobacter i drikkevatnet, hadde Rørveit og kollegaene allereie ein forskingsmodell dei kunne bruka. Dei hadde forska på det store giardiautbrotet i Bergen kommune tidlegare. Men då covid 19-pandemien kom til Noreg, kom forskarane inn i etterkant.

— Me fekk sein tilgang til data, seier Rørtveit.

Men hos FHI ligg noko som kan vera ei gullgruve. Den nye direktøren er oppteken av at instituttet både er ein kunnskapsetat, men òg ein infrastruktur. No er alle helseregister flytta inn under FHI. Det gir enorme moglegheiter, seier Rørtveit, og nyttar nettopp pandemien som døme:

— Ein kan sjå på korleis vaksinene verkar, kven som har vore innlagt, kven som har gått til fastlege med covid-19-plager. Og me kan sjå på om det er skilnader mellom dei nordiske landa.

Ikkje så lett å «berre» skjerpa seg

Guri Rørtveit seier at ho vart oppmoda om å søkja direktørstillinga. 

— Eg synest det er bra at dei som skal rekruttera til slike stillingar tek heile landet i bruk. Det er viktig.

Då spørsmålet så kom, måtte ho tenkja seg nøye om. Ho hadde ingen plan om å flytta frå byen der ho vaks opp.

— Men denne jobben var no, og høvet baud seg. No har mannen min fått jobb i Oslo og me har kjøpt leilegheit der, seier ho.

— Kva er dei største folkehelseutfordringane i vår tid?

— Dei store truslane er klimaendringar, nye pandemiar og risikoen for at krig utviklar seg. Psykisk helse hos dei unge er ei stor bekymring. I tillegg har ein dei meir vanlege utfordringane: Overvekt og det å bevega seg nok. Dette er noko ein kan gjera noko med sjølv, men der det òg samfunnsmessig må leggast til rette. Alle kan ikkje berre skjerpa seg, seier Rørtveit.

Ho kjem tilbake til at folkehelse ikkje berre handlar om medisin. Det handlar om å legga til rette for at flest mogleg kan koma seg ut i skogen på tur, det handlar om å legga til rette for at ein kan nytta kollektivtransport, sykkel eller gå dit ein skal.

— Og det handlar om samfunnet skal akseptera at sukkerhaldig drikke er billeg og grønsaker og fersk fisk dyrt. 

Powered by Labrador CMS