historie

Pandemien skulle brukast til å skriva vitskapelege artiklar. Men så vart førsteamanuensis Pål Berg Svenungsen beden om å henta barndommens legoklossar.

Bildet viser en voksen mann med briller som bygger med legoklosser
Eg har kjøpt meg eit sånt lys som dei som skal selja noko har, seier Pål Berg Svenungsen. Mange av bakgrunnane på bileta av dei historiske legohendingane er rett og slett henta frå PC-en hans.

Historikaren formidlar historie gjennom lego

Sogndal (Khrono): Det går føre seg slag i Sogndal. Ei lang rekkje av menn, med våpen, er klare til dyst.

Men. Nei. Dei er ikkje ekte. Å framstilla historiske hendingar i lego er rett og slett både ein hobby og eit formidlingsprosjekt for førsteamanuensis Pål Berg Svenungsen.

38-åringen hadde lego som barn. Og det var denne legoen som vart utgangspunkt for heile prosjektet.

Harald Hardråde reiste austover og deltok på fyrst Jaroslav si side i Kyiv. Ifølgje skaldedikt var han blant dei som leia an mot polakkane, medan andre kjelder ikkje seier noko om dette, skriv Pål Berg Svenungsen i Instagram-posten om dette slaget i 1031.

Kongar og borger

Om ein spolar fire år tilbake i tid kjem ein til. Nettopp, ja. Pandemien. Svenungsen hadde eigentleg tenkt at han skulle nytta tida til å skriva vitskapelege artiklar og slikt.

— Men så ringte muttern.

Mor til Svenungsen hadde, som så mange andre, funne ut at pandemien var tida for å pussa opp huset. Og no var det rett og slett noko lego som var i vegen. Kunne sonen tenkja seg å henta denne?

Same Harald Hardråde sette fyr på den danske byen Hedeby, danskane sin viktigaste handelsby, i 1049. Han prøvde å få makta over Danmark tilbake til norskekongen Magnus 1.

Med vestover frå Telemark vart difor ei original legoborg og ei sjørøvarskute, begge frå tidleg 1990-tal. I seinare tid har Lego gitt ut ei ny borg og ein vikinglandsby.

— Det er dei som var barn i legokatalogane frå 1980-talet som no kjøper desse, seier Svenungsen og humrar.

Men i staden for å berre byggja lego, fann historikaren ut at han kunne bruka interessa til noko fagleg: Han byggjer opp historiske hendingar, så nøyaktig som mogleg.

— No har eg laga ein modell av korleis det kan ha sett ut då landslova vart laga, seier Svenungsen, og viser fram ei del av ei borg. Han skal nemleg ha eit føredrag på det lokale biblioteket, og då tek han med seg lego.

Inni borga er det ein del figurar, ein av dei med ein slags papirrull i handa.

— Det ser ut som Håkonshallen i Bergen?

— Ja! Det skal vera kjellaren i Håkonshallen.

Mannen med papira er sjølvsagt kong Magnus Lagabøte. Men det er ikkje papir med lover, det er strengt teke ein rekvisitt henta frå Lego Castle frå tidleg 1990-tal.

Bildet viser en modell av Håkonshallen, i lego
Magnus Lagabøte var konge og i førarsetet då Noreg fekk landslova i 1274. Her har Pål Berg Svenungsen laga ein kopi av kjellaren av Håkonshallen. Hallen var første gong brukt då nettopp Magnus Lagabøte gifta seg i 1261.

Rett modell av vikinghjelm

Det er nemleg ikkje så lett å finna dei korrekte effektane når ein skal laga historiske slag. I hylla på det som skulle vera eit gjesterom og kontor, står det legofigurar på rekkje og rad. Det er det som er til overs. Svenungsen har nemleg kjøpt mange, mange av dei små posane med enkeltfigurar i håp om å finna noko han treng.

— Det har vore ein del bomkjøp, seier han.

Men etter kvart har det vorte mogleg å kjøpa falsk lego, særleg frå Kina, med delar som passar til førsteamanuensen sine prosjekt. Det finst òg ein nettbutikk der det er mogleg å kjøpa enkeltdelar.

— Kjærasten min er litt sur. Ho er glad i Harry Potter og meiner eg har øydelagt nokre sett, fordi eg har tatt dei delane eg treng.

— Kor historisk korrekt er det du lagar i lego?

— Så historisk korrekt som lego eller falsk lego tillèt, seier Svenungsen.

— Ein trur at ein har funne mange originale vikinghjelmar i Noreg. Men forskarar har faktisk berre funne ein heil, den såkalla Gjermundbu-hjelmen. Og det er ein modell av den lego har laga!

Bildet viser to legofigurer og et høgt tre
Nei, norske vikingar hadde ikkje horn på hjelmen, slik ein kan tru når ein ser norske fotballtilhengjarar. Denne legofiguren har ein modell av den såkalla Gjermundbu-hjelmen, den einaste heile norske vikinghjelmen som er funnen.

Nyttar i undervisninga

Historikaren tek altså gjerne med seg ein legomodell når han skal halda føredrag. Han nyttar òg tidvis legomodellar i undervisninga. Årseininga i historie ved Høgskulen på Vestlandet er heildigital. I tillegg til vanlege førelesingar legg Svenungsen opp til nokre studentaktive økter.

Det tok ei stund før kjærasten til Pål Berg Svenungsen forstod at vegen han føreslo frå vest til aust ikkje var den kjappaste, men han ville innom ei stavkyrkje eller to. Her er ein tidsriktig legomann plassert utanfor Hopperstad stavkyrkje. Kjeldene seier at kyrkja er bygd før 1340.

— Eg tenkjer at det er lettare for studentane å stilla spørsmål dersom førelesaren faktisk slenger på ein slide eller to med lego, seier han.

Men elles er det stort sett på Instagram han formidlar historisk lego. Under den opne profilen The Lego Medivalist (@the_lego_medivalist) viser han både hendingar og enkeltpersonar.

— Eg tek med nokre aspekt frå forskinga, seier Svenungsen, som har korstog og mellomalder som nokre av sine forskingsområde.

Han fortel at han byrja med kongerekka, frå Harald Hårfagre og fram til Harald Hardråde i 1066. Han har òg laga ein adventskalender med kongar, og deretter ein med historiske dronningar.

— Korleis fekk du det til?

— Det finst jo ein del Disney-prinsesser i lego, som kjem med kjole. Elles har kapper frå rumpeldunk i Harry Potter vore redninga til mellom anna korstoga.

NRK har òg fortalt om Pål Berg Svenungsen.

Gåve frå Pål til Pål

Bildet viser en liten skuffe med legodeler
I eit sirlig system finst det ein treng av delar. Mat, reiskapar, dyr — eller hovud, som ligg i ei anna skuff.

Den store sjørøvarinstallasjonen som står oppå ei hylle, var 35-årsgåve til Pål — frå Pål. Han fortel at han har kjøpt lego i gåve til nieser og nevøar opp gjennom åra, men no har dei byrja å verta så store at det ikkje er like spanande lenger.

— Får dei leika med legoen din når dei kjem på besøk?

— Ja … Men det du ser her, er legoen til eit einebarn. Det var difor alle delane framleis var der.

I gangen står Darth Vader sitt hovud, og i stova ei Harry Potter-borg. Det går litt pengar, innrømmer Pål Svenungsen.

— Dersom eg ymtar frampå til kjærasten min om at eg synest det har kome litt vel mange nye vesker og sko inn i heimen, får eg kjapt svar. Var det ikkje du som betalte tusen kroner for tre legofigurar, spør ho då.

Bildet viser to sjørøverskuter i lego
Skuta til venstre er det nok mange barn av 1990-talet som kjem til å kjenna att. Til høgre nyare sjørøvarlego. Her er det, som ein ser, rigga til kamp.
Powered by Labrador CMS