høgskulen i volda

Fem fagforeiningar har levert felles varsel mot direktør

Det er brot i samarbeidet mellom høgskuledirektøren og fagforeiningane ved Høgskulen i Volda. Høgskulestyret er no orientert om to varslingssaker.

bildet viser et styremøte, mennesker rundt et bord i hesteskoformasjon
Per Halse (lengst til venstre) er mediekontakt i saka styret handsamar om varsel mot høgskuledirektøren. Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er inhabil i saka. Halse seier at styret har vorte munnleg orientert om at fagforeiningane har levert noko som kan vera eit varsel eller ein klage.
Publisert Oppdatert

Volda/Bergen (Khrono): Dei store samarbeidsproblema ved Høgskulen i Volda held fram. 

Fem fagforeiningar ved høgskulen; Forskarforbundet, Parat, Akademikerne, NTL og Utdanningforbundet, har levert eit felles varsel mot både høgskuledirektør og mot studiedirektør.

Dei tillitsvalde seier at dei har vorte kontakta av medlemmer som sjølve har hatt lyst til å varsla, men som ikkje har ønska å ha namnet sitt på eit varsel. Difor har dei tillitsvalde gjort det samla.

Fagforeiningane ønskjer ikkje å gå i detalj om varsla, men det handlar om både leiarstil, korleis ein handterer personalansvar og om sakshandsaming. Lønsforhandlingar, særleg etter paragraf 2.5.3, lønsforhandlingar på særskild grunnlag, er ei av fleire konkrete saker dei tillitsvalde seier at dei ikkje har fått gjennomført.

Etter det Khrono kjenner til har det vore snakk om dårleg samarbeidstilhøve mellom fagforeingar og direktøren i fleire månader.

Vil ikkje sitja i same utval

Varselet frå fagforeiningane betyr at det no er to varsel mot høgskuledirektøren. 

Khrono skreiv før helga at styret ved Høgskulen i Volda har eit varsel mot høgskuledirektør Ann Kristin Emblem til handsaming. I ei konkret sak som handla om forsøk på å stoppa eit forskingsprosjekt, har eit eksternt advokatfirma konkludert med at høgskuledirektøren har handla på ein kritikkverdig måte.

Khrono har intervjua fleire representantar for fagforeiningane, og vore i kontakt med ei rekke tilsette ved høgskulen. Fagforeiningane opplever det som no skjer som svært uheldig og skadeleg for den daglege drifta ved høgskulen.

Fleire Khrono har snakka med, opplever arbeidsmiljøet ved Høgskulen i Volda som godt, og mange tilsette kjenner truleg ikkje til at det er dårleg samarbeidsklima mellom høgskuledirektøren og fagforeiningane.

Ville trekkje intervju

Ei tid etter at Khrono snakka med fagforeiningane, ønskte dei tillitvalde å trekkja seg frå intervjuet, som dei hadde lese og godkjent. Dei seier no at dei ikkje ønskjer å stilla til ope intervju likevel, eller uttala seg med namn så lenge saka er under handsaming.

I staden har dei sendt ein felles e-post til Khrono der dei skriv at dei ikkje har brote samarbeidet med høgskulen, men at ein konsekvens av varselet mot høgskuledirektør er at dei ikkje kan stilla i informasjons- og drøftingsutvalsmøte med den høgskuledirektøren dei har varsla på, før saka er greidd ut og konkludert. 

Sjukmeld direktør

Høgskuledirektør Emblem har vore sjukmeld ei tid. Ho seier via høgskulen sin kommunikasjonsdirektør at ho ikkje ønskjer å kommentera saka. Heller ikkje fungerande høgskuledirektør Kjell Einar Dagfinrud ønskjer å kommentera varselet.

— Eg er beden om å fungera ein kort periode, fram til påske, og har ingen langtidsplan, seier Dagfinrud.

Etter det Khrono kjenner til skal det også vere varsla om uforsvarleg arbeidsmiljø i studieadministrasjonen ved høgskulen. Dette varselet skal handla om korleis studiedirektøren handterer studieadministrative arbeidsoppgåver og personalansvaret for knappe 30 medarbeidarar.

Khrono har prøvd å koma i kontakt med studiedirektør Gerd-Mette Vatne Drabløs utan å lukkast.

Etter at denne saka var publisert fekk Khrono vita at Emblem er tilbake i full stilling frå 18. mars. Dagfinrud går tilbake til si administrasjonssjefstilling.

Styret har fått orientering

Som Khrono har omtalt tidlegare, hadde høgskulestyret eit ekstraordinært styremøte 6. mars. Der vart det første varselet mot Emblem handsama. Styremedlem Per Halse, som er peika ut som mediekontakt i styret, sa til Khrono at saka ikkje er ferdighandsama, og at det kan koma fleire møte.

I vedtaket frå styremøtet kjem det fram at styret ber arbeidsutvalet, som er sett ned for å handtera saka der både rektor og direktør er involvert, førebu ei sak der ein får vurdert sakskomplekset. Dette skal skje med bistand frå Advokatfirmaet Judicia.

Styret vedtok òg at rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord er inhabile i den vidare handsaminga. Tafjord er, i tillegg til å vera styremedlem, òg hovudtillitsvald i Forskarforbundet. Han er difor ein del av det siste varselet mot Emblem.

— Halse, er styret orientert om varselet frå dei tillitsvalde?

— Styret har munnleg fått høyra at det er levert noko som kan vera eit varsel eller ein klage. Tidleg i ein prosess er det ikkje alltid lett å vita kva som er formelle varsel. Men styret har ikkje fått dette til handsaming, seier Halse.

Rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim vil verken avkrefta eller stadfesta at det har kome varsel frå fagforeningane mot høgskuledirektør og studiedirektør.

Ordknapp rektor

Khrono veit at rektoratet har vorte orientert om at det har vore eit krevjande samarbeid mellom fagforeiningane og høgskuledirektøren. Men rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er ordknapp når Khrono ringjer.

— Eg vil verken stadfesta eller avkrefta noko varsel, seier han.

I rapporten frå Judicia kjem det fram at rektor og høgskuledirektør ikkje var samde i saka om forskingsprosjektet som vart stoppa. På eit tidspunkt sende rektor ein e-post til direktør der han skreiv at han ønska ein samtale om korleis dei tenkjer om leiinga ved høgskulen og korleis dei vil ha dette framover.

Khrono har òg skrive at det var usemje mellom rektor og direktør i ei sak som var til handsaming i styret, og der økonomidirektøren, som møtte for direktør, hamna i oppheita ordskifte med prorektor Eirik Søvik.

No er det ikkje økonomidirektøren som er peika ut som fungerande direktør.

— Er det ein grunn til at ein valde å setja inn ein direktør som ikkje kom frå fellesadministrasjonen i høgskuledirektør sitt fråver?

— Høgskuledirektøren har ikkje vara. Då det vart kjent at fråveret hennar vart langvarig, måtte ein finna ei berekraftig løysing. Det har styret gjort, seier Tonheim.

Endringslogg: Lagt inn at direktør er tilbake frå sjukmelding. Denne endringa vart gjort 18.mars kl 12.27

Powered by Labrador CMS