Debatt ● Øygunn Skodvin Prestegård

Endå eit innlegg om lærarar, yrke og utdanning

Dei som i desse dagar sit og skal velje utdanningsretning, har i tretten år hatt orkesterplass til å sjå kva læraryrket kan innebere. Dei ser kva yrkeskvardagen krev av lærarar.

— Så lenge fokuset ligg på utdanninga, risikerer vi å ikkje sjå elefanten i rommet: Kva yrkeskvardagen krev av lærarar, skriv kronikkforfattaren. Her vert ein elefant rulla vekk i Bergen.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Søkartala til lærarutdanningane går ned, fråfallet frå studiet og yrket er stort, og misnøyet med studiet er betydeleg. Løysinga for alle desse problema vert plassert i utdanninga. 

Men kanskje burde ein også sjå på yrket sjølv, lærarrolla og på skulen? 

Dei færraste vaksne eg møter, fortel at det var utdanningsvegen som var utslagsgjevande for valet av yrke eller for viljen til å stå i det. Derimot står utdanning fram som ein inngangsbillett til eit ønskt yrke for dei fleste. Eg kan vanskeleg førestille meg at det ser så annleis ut for dei som vurderer å søke lærarutdanning. 

Skulle tru at det er tanken på det å vere lærar som avgjer valet, så kanskje vi kan utvide perspektivet i debatten om lærarutdanninga?

Så lenge fokuset ligg på utdanninga, risikerer vi å ikkje sjå elefanten i rommet: Kva yrkeskvardagen krev av lærarar. Dei som i desse dagar sit og skal velje utdanningsretning, har i tretten år hatt orkesterplass til å sjå kva læraryrket kan innebere. Dei har sett at ein lærar skal handtere stadig fleire aspekt ved barne- og ungdomslivet som lærarutdanninga ikkje kan ruste han til — fordi dette er arbeidsoppgåver som andre yrkesgrupper er spesialiserte inn mot.

I Noreg har vi gått for felles tiårig grunnskule for alle, som er bra for mykje. Men det er ikkje lagt opp til at elevar skal få dyrke eigne interesser innanfor skuletida, og det skortar på faktiske val for dei før ungdomstrinnet. I eit førsteklasserom sit gjerne ein elev som alt les heile bøker og ein annan elev som ikkje meistrar å lese samanhengande tekst etter mellomtrinnet: Det vert ikkje alltid «utjamning» i klasserommet, og det er ikkje til å undrast på at både elevar og lærarar kan oppleve frustrasjon. 

Kvardagsrøyndomen konfronterer praksisstudentar og nyutdanna lærarar med ei rekke spørsmål: I kva grad er det reelt høve til å gje tilpassa opplæring til alle som har behov for det? Kan ein stole at ein får hjelp til å handtere grenseoverskridande åtferd i klasserommet, og at ein får tid og rom til å hjelpe alle elevar til reell offentlegheitsdeltaking? Korleis kan ein handtere grenseoverskridande åtferd frå føresette på ein måte som sikrar godt samarbeid framover? Kva med utgreiingane som ikkje kjem i gang fordi ein «ventar og ser» i staden for å finne ut og setje inn tiltak tidleg? 

Og kva med at mange kommunar må prioritere så hardt mellom lovpålagde oppgåver, at skulen igjen og igjen vert sett i skvis? Kva med læreplanreformene og -revisjonane som stadig har kome og kravd merksemd som elles kunne vorte brukt på å utforske mogelegheitsrommet i planverket og å skape lokalt eigarskap til planen?

Det er mange aspekt i lærarkvardagen som kanskje er viktigare for kommande og eksisterande studentar enn sjølve utdanningsmodellen.

Øygunn Skodvin Prestegård

Desse utvalde punkta bidreg til å illustrere at det er mange aspekt i lærarkvardagen som kanskje er viktigare for kommande og eksisterande studentar enn sjølve utdanningsmodellen.

Så var det den lønna. Mange av dei som vel utdanning no, hadde lærarar som var i streik etter pandemien og såg konflikten gå til tvungen lønnsnemnd. Det er ikkje urimeleg om potensielle søkarar til lærarutdanninga fekk inntrykk av at arbeidsgjevar nedprioriterte lærarane. Elevar står kvar einaste dag i eit skeivt maktforhold: Maktutøving er noko dei er fullt i stand til å identifisere, og ein skal ikkje undervurdere trongen til fridom og subjektivitet. 

Det er nesten slik at vi må håpe at dette er ei delforklaring på dei låge søkartala, for då vil dei kohortane som var i stand til å forstå kva som skjedde i 2022, snart vere forbi «val-alder», erstatta av yngre kohortar som ikkje mistenker staten eller KS for å mangle respekt for dei som ansvarlege yrkesutøvarar.

Sjølv arbeider eg i lærarutdanning og synest at det å vere lærar, er verdas finaste yrke. Det er berre det at mange yrke er verdas finaste yrke. Vi lever i eit høgspesialisert samfunn der vi er fullstendig avhengige av at andre gjer jobbar vi sjølv ikkje kan, klarer eller har tid til. Vi er avhengige av å stole på at alle har den rette kompetansen til å fylle funksjonane dei har ansvar for. 

Då må vi kanskje også akseptere at ein lærar ikkje kan vere «alt» det ein lærar kanskje kunne «før», rett og slett fordi verda har forandra seg.

Diskusjonen om lærarutdanninga dreier seg mellom anna om trinndelinga, obligatorisk master og om kor mange fag ein lærar skal ha. Det er behov for at lærarar har god kompetanse i fleire fag, men det er også behov for tilstrekkeleg fagleg fordjuping: Allereie store fag har vakse seg større etter kvart som verda har endra seg — medan studiepoeng og rammer for undervisning ikkje har gjort det i same grad. 

Diverre finst det ingen garanti for at brei eller god orientering i eit fag, vil ha overføringsverdi til eit anna. Ei heller gjev høg pedagogisk kompetanse automatisk god undervisningskompetanse. Lærarar treng fagleg, pedagogisk og metodisk kompetanse. Har dei alle tre, er sjansen større for at dei har fleksibilitet nok til å drive det ein kunne kalle breispektra undervisning i staden for å måtte ty til standardiserte løysingar som effektivt sett sorterer elevar ut i kategoriar som «skulesterk» og «skulesvak». 

Nei, stryk det, for med typisk norsk reformtakt, vil den fjerde reforma ta oss før vi veit korleis det gjekk med den tredje.

Utdanninga må tilby studentar ballast nok til forstå, vurdere og delta i praksisfellesskapane dei skal verte ein del av. (Men då må studenten også ha tid til å studere: Det er eit problem at dei fleste studentane er avhengige av inntektsgjevande arbeid for finansiere studiet.)

Studenten skal i framtida kunne delta i utviklinga av faga dei sjølv utøver. Ein fagleg sterk og pedagogisk klok lærar vil kanskje også ha pondus nok til å leggje bort kartleggingsprøver i alle utviklingssamtalar og fokusere heilskapleg på elevens utvikling i dialog med elev og føresette. Ein fagleg og pedagogisk klok lærar veit at læring må skje med fleire sansar og legg til rette for at det kan skje. Lærarar er ikkje funksjonærar, men kaospilotar og tryllekunstnarar — så framt dei har kunnskap nok, dugleik nok og tid/rom nok.

Det er sjølvsagt alltid viktig å evaluere innhaldet i, organiseringa av og strukturen på ei utdanning. Men i reformiveren som lett oppstår i slike diskusjonar, må ein ikkje sjå bort frå argumenta for reformene som gjekk føre. Ei eventuell ny reform vil også generere nye — og ukjende — utfordringar. (Vi er berre på tredje ordinære uteksaminering i den siste reforma, og har ikkje hatt mykje tid til evalueringar og optimalisering av eksisterande kursmodellar.) 

Om ei eventuell tredje lærarutdanningsreform vil vere særleg saliggjerande, vil tida vise. Nei, stryk det, for med typisk norsk reformtakt, vil den fjerde reforma ta oss før vi veit korleis det gjekk med den tredje.

Powered by Labrador CMS