Regjeringsadvokat Torje Sunde i dialog med dekan Bente Wold ved Det psykologiske faktultet ved Universitetet i Bergen, like etter at retten vart heva. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Dekan i retten: — ELTE-studentane er lite reflekterte og lite modne

Autorisasjon. Dekan Bente Wold ved Universitetet i Bergen seier fagmiljøet vart overkøyrt då styresmaktene gjekk vekk i frå deira forslag om eit to og eit halvt års kompenserende program for ELTE-studentane. Ho meiner nivået blant studentane er lågt.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei første vitna har i dag forklart seg i sal 227 i Oslo tingrett. Dei vitna i rettssaka der 163 psykologistudentar frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn har saksøkt den norske stat.

På dag fire i rettsaka var det to leiiande fagfolk i psykologi som vitna. Instituttleiar Jarle Eid og dekan Bente Wold ved Det pyskologiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB).

På nokre område har ELTE-studentane god forståing, men i mykje av det kliniske er dei lite nyanserte, reflekterte og modne.

Bente Wold

Dei vitna begge for staten og det var regjeringsadvokat Kaija Bjelland som spurte ut dei to vitna.

Jarle Eid var dekan ved Det psykologiske fakultet i Bergen til august 2017. I perioden som dekan var Eid leiar i det som vert kalla nasjonalt profesjonsråd for psykologiutdanninga, som ligg under universitets- og høgskulerådet. I det forumet møtest alle universiteta og høgskulane som har psykologiutdanning, to gonger i året.

Fakta

Dette skjer i rettsaka dag for dag.

Mandag 14. okt til og med onsdag 16.okt:

Innleiingsforedrag frå saksøkarane og staten

Torsdag 17. oktober:

  • 09.00 - 10.30: Partsforklaring Tor-Arne Haugland, ein av saksøkarane
  • 10:30 - 11:30: Partsforklaring Alexander Lundgreen Flottorp, ein av saksøkarane
  • 12.15 - 13.15: Partsforklaring Håkon S. Nordnes, ein av saksøkarane
  • 13.15 - 14.15: Vitneforklaring Jarle Eid, instituttleiar ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 14.30 - 15.30: Vitneforklaring Bente Wold, dekan ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.

Fredag 18. oktober 2019:

  • 09.00 - 10.00: Vitneforklaring Rasmus Dynna (per telefon), psykologspesialist ved Sjukehuset-Innlandet, DPS Gjøvik. Har vore rettleiar for ELTE-studentar og vitnar for saksøkarane.
  • 10.15 - 11.15: Vitneforklaring Christer Gavén (per telefon), spesialist i klinisk psykologi, Helgelandssykehuset. Har vore rettleiar for ELTE-studentar og vitnar for saksøkarane.
  • 12.00 - 13.15: Vitneforklaring Anne Farseth, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Divisjon helseøkonomi og kompetanse, avdeling autorisasjon. Vitnar for staten.
  • 13.30 - 14.45: Vitneforklaring Zsolt Demetrovics, fakultetsleiar (dekan) for utdanning og psykologi ved ELTE-universitetet. Vitnar for saksøkarane.
  • 14:45 - 15:30: Vitneforklaring Tamás Fehér, advokat ved Jalsovszky law firm, Budapest, Ungarn. Vitnar for staten.

Mandag 21. oktober 2019:

  • 09.00 - 10.30: Vitneforklaring Arne Holte, tidlegare visepresident for Psykologiforbundet. Vitnar for saksøkarane.
  • 10.30 - 11.30: Vitneforklaring Roar Solholm, universitetslektor ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 12.15 - 13.00: Vitneforklaring Christian Zimmermann, forhandlingssjef i Psykologforeningen. Vitnar for staten.
  • 13.15 - 14.15: Vitneforklaring Per-Einar Binder, professor og visedekan for utdanning ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 14.15 - 15.00: Vitneforklaring Per M. Aslaksen (per telefon, muligens frafalles), professor ved UiT-Norges arktiske universitet, forskingsgruppe for kognitiv nevrovitenskap.

Tirsdag 22. okt til og med onsdag 23. okt:

  • Prosedyrer frå saksøkarane og staten.

— Når kom ELTE-utdanninga opp som ei problemstilling? spør Bjelland.

— På eit av møta tok representantar på Universitetet i Oslo opp spørsmålet heilt perifert, og spurte om vi andre hadde vore involverte i å vurdere kandidatane frå ELTE. Dei refererte til ei sak i 2014 der dei hadde gitt råd som ikkje hadde blitt tatt til følgje. Dette gjorde at vi byrja å interessere oss litt for spørsmålet, svarer Eid og legg til:

— I løpet av 2016 vart det klart at det var grunn til å ta opp dette spørsmålet som sak i profesjonsrådet. Det førte så til at vi fekk eit mandat til å gå i dialog med Helsedirektoratet og autorisasjonskontoret om å få ei orientering om korleis dei vurderte søknader frå kandidatane frå ELTE.

Rådet foreslo på bakgrunn av dette at ein burde gjere ei kvalitetsjustering på korleis ein sette saman fagpanela som skulle vurdere kandidatane, forklarer Eid vidare.

Instituttleiar Jarle Eid., UiB. Arkivfoto: Ida W. Bergstrøm

— Vi identifiserte 10 fagpersonar frå dei ulike profesjonsutdanningane i Noreg. Dei sette vi saman i par slik at vi sørga for at det alltid var to universitet representerte i kvart panel og sørga også for at ulik kompetanseprofil på dei to sakkyndige. Så vart søknadane fordelte på ulike panel og vurderingane er ganske like, fortel Eid.

Les også: Bakgrunnen for rettssaka

Manglar i kliniske ferdigheiter

Eid var ikkje sjølv med å vurdere dei ulike kandidatane, men var fagleg koordinator i sekretariatet og var med å sikre at systemet fungerte som det skulle. Han fortel at han var spent på kva slags konklusjonar dei ulike panela ville få ut av vurderingane.

— Vi såg raskt eit bilete teikne seg og forsto at ELTE ikkje tilbydde berre ei einheitleg utdanning. Det kandidatane hadde til felles var at dei hadde ei mastergrad frå ELTE, men under der kunne det ligge bachelorgrader frå ei rekke universitet, også norske. Det var overraskande. Og vi såg at dette var ei utdanning som var svært annleis oppbygd enn dei norske profesjonsutdanningane i psykologi, fortel Eid.

Eid fortel at dei tok utgangspunkt i nasjonal plan for profesjonsutdanning i psykologi som ein minimumsstandard då dei skulle vurdere ELTE-kandidatane. I både dei basale faga, metodiske fag og i klinisk teori oppfylte kandidatane krava etter den nasjonale planen.

— Der vi identifiserte manglar var i samband med kliniske ferdigheiter, rettleia praksis og skikkaheitsvurderingar i løpet av studieløpet. Samstundes såg vi manglande systematisk progresjon i utdanninga, fortel Eid og legg til:

— Når vi oppsummerte dette, så vart konklusjonen at her var det ei utdanning som ikkje kunne seiast å tilsvare ei norsk profesjonsutdanning. Den liknar meir på dei norske disiplin-modellane, mastergrada vi har ved UiB som heiter helsefremjande arbeid og helsepsykologi kan likne på den masteren dei har frå ELTE.

Ingen direkte kontakt med ELTE-universitetet

Advokaten til saksøkarane, Per Andreas Bjørgan, ynskte å vite meir om kva slags dokumentasjon dei sakkyndige hadde brukt i si vurdering av ELTE-kandidatane. Eid forklarer at dei her tok i bruk attestar, studieplanar og emnebeskrivingar. Han seier at dei sakkyndige hadde utfordringar med å oversetje dei ungarske beskrivingane og hadde vanskeleg for å vite kva som var eit introduksjonskurs og eit påbyggingskurs.

— Kva slags kontakt hadde de med ELTE-universitetet? spør Bjørgan.

— Vi hadde ingen direkte kontakt med ELTE-universitetet. Vi fekk det materialet vi trengte for å vurdere det faglege. Det fekk vi frå søknadane til kandidatane via autorisasjonskontoret i Helsedirektoratet, svarer Eid.

Usemje kring EU-direktiv

Ein stor del av usemja mellom partane går i tolkinga av EU-direktivet om yrkeskvalifikasjonar, som Noreg er forplikta til å følgje gjennom EØS-avtalen. Difor ynskte Bjørgan å setje fokus på Bologna-prosessen og korleis den har endra det europeiske utdanningsystemet. Med opprettinga av bachelor og mastergrader, ynskte den å legge til rette for ei harmonisering av kvalifikasjonar og for mobilitet på tvers av EU og EØS-landa.

Bjørgan trakk fram at det knapt er nokon andre land som har ei profesjonsutdanning i psykologi med integrert praksis på same måten som i Noreg. Han viste også til EuroPsy-samarbeidet, eit initiativ frå alle psykologforeiningane i EU og EØS, inkludert den norske, som har laga ein standard for kva ei europeisk psykologutdanning skal innehalde for å kunne drive sjølvstendig. Der legg ein opp til at ein må ha ein bachelor og ein mastergrad, i tillegg til eit år rettleia praksis etter endt studium.

— Ein ELTE-kandidat kvalifiserer til å få eit EuroPsy-sertifikat etter å jobba under rettleiing på lisens i eitt år, opplyser Bjørgan.

For argumentet til saksøkarsida har heile vegen vore at ein kan kompensere for manglande praksis i utdanninga ved å arbeide eit til to år på lisens, slik ELTE-kandidatar i 13 år før studentane som no sit som saksøkarar, har gjort.

Regjeringsadvokatane Kaija Bjelland og Torje Sunde som representerer Helse- og omsorgsdepartementet i saka. Her i dialog med dekan Bente Wold. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Kompenserande program

Etter Helsedirektoratet si praksisendring i 2016, må ELTE-kandidatane no gjennom eit kompenserande program.

Dette vart det mykje fokus på i Bente Wold, noverande dekan ved Det psykologiske faktultet ved UiB, si vitneforklaring. Ho har vore sentral i prosessen med å utvikle det kompenserande programmet i sin leiarposisjon.

Det kompenserande programmet er no på 14 månader, men det faglege rådet var at dei som framleis ikkje hadde fått inngvilga lisens skulle ta eit program på to og eit halvt år. Dette fordi ELTE-kandidatane hadde store manglar med tanke på kliniske ferdigheiter, praksis og kontakt med pasientar, samanlikna med profesjonsstudiet i Noreg, ifølgje Wold.

— Men så fekk vi beskjed frå styresmaktene om at det var eit 12 månader langt program som var aktuelt. Vi reagerte med sjokk og vantru. Vi følte oss heilt overkøyrte som fagmiljø. Men vi følte oss pålagde til å utvikle eit program som var kortare og følte vi måtte gjere det beste ut av det, fortel Wold og legg til:

— Vi har ikkje hatt moglegheit til å evaluere dette enno, så å gi eit godt svar på om kandidatane kan fungere som psykologar i det norske helsevesenet, det kan eg ikkje. Men det er stor grad av bekymring for om dei kan det, ifølgje dei eg har kontakt med som har undervist i programmet. Dei har så ulik bakgrunn og har ikkje same grad av refleksjon og modning som norske kandidatar.

— Lite nyanserte, reflekterte og modne

Wold har sjølv ikkje vore direkte involvert i undervisninga i det kompenserande programmet, men ho har vore i kontakt med fleire som har undervist.

— På nokre område har ELTE-studentane god forståing, men i mykje av det kliniske er dei lite nyanserte, reflekterte og lite modne. Det er akkurat gjennomført sensur på eksamen frå første kull og dei som har vurdert kandidatane seier nivået er lågt. Men det sit langt inne å stryke studentar, seier Wold.

Kva skal de gjere med det som du beskriv som ei stor grad av uro kring desse studentane? spør Bjørgan.

— Vi må gjere programmet betre. Det var utfordrande rammer som låg til grunn då vi skulle utvikle det. Vi hadde kort tid og vanlegvis har ein grundige prosessar for å kvalitetssikre. Med med eitt års erfaring så må vi sjå på kva som kan gjerast for å imøtekome mangelen på betre integrasjon mellom klinisk teori og praksis, seier Wold.

Fleire av ELTE-studentane Khrono prata med etter rettssaka var svært provoserte over det dei hadde høyrt frå dei to vitna denne dagen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS