Tor-Arne Haugland (t.v.) og Alexander Lundgreen Flattorp i dialog med advokat og rettsleg medhjelpar Hilde Kristin Ellingsen under rettssaka i sal 227 i Oslo tingrett. Advokat

ELTE-student i retten: — Eg har aldri blitt vurdert ikkje skikka til å jobbe som psykolog

Autorisasjon. På dag fire i rettssaka mellom staten og 163 psykologistudentar frå ELTE-universitetet, var det klart for partsforklaringane til tre av saksøkarane. Dette var deira bodskap.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er dag fire i Oslo tingrett. Dei tre føregåande dagane har advokatane til partane halde sine innleiingsforedrag. I dag startar partsforklaringane til tre av dei totalt 163 psykologistudentane frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn som har saksøkt staten.

Fakta

Dette skjer i rettsaka dag for dag.

Mandag 14. okt til og med onsdag 16.okt:

Innleiingsforedrag frå saksøkarane og staten

Torsdag 17. oktober:

  • 09.00 - 10.30: Partsforklaring Tor-Arne Haugland, ein av saksøkarane
  • 10:30 - 11:30: Partsforklaring Alexander Lundgreen Flottorp, ein av saksøkarane
  • 12.15 - 13.15: Partsforklaring Håkon S. Nordnes, ein av saksøkarane
  • 13.15 - 14.15: Vitneforklaring Jarle Eid, instituttleiar ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 14.30 - 15.30: Vitneforklaring Bente Wold, dekan ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.

Fredag 18. oktober 2019:

  • 09.00 - 10.00: Vitneforklaring Rasmus Dynna (per telefon), psykologspesialist ved Sjukehuset-Innlandet, DPS Gjøvik. Har vore rettleiar for ELTE-studentar og vitnar for saksøkarane.
  • 10.15 - 11.15: Vitneforklaring Christer Gavén (per telefon), spesialist i klinisk psykologi, Helgelandssykehuset. Har vore rettleiar for ELTE-studentar og vitnar for saksøkarane.
  • 12.00 - 13.15: Vitneforklaring Anne Farseth, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Divisjon helseøkonomi og kompetanse, avdeling autorisasjon. Vitnar for staten.
  • 13.30 - 14.45: Vitneforklaring Zsolt Demetrovics, fakultetsleiar (dekan) for utdanning og psykologi ved ELTE-universitetet. Vitnar for saksøkarane.
  • 14:45 - 15:30: Vitneforklaring Tamás Fehér, advokat ved Jalsovszky law firm, Budapest, Ungarn. Vitnar for staten.

Mandag 21. oktober 2019:

  • 09.00 - 10.30: Vitneforklaring Arne Holte, tidlegare visepresident for Psykologiforbundet. Vitnar for saksøkarane.
  • 10.30 - 11.30: Vitneforklaring Roar Solholm, universitetslektor ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 12.15 - 13.00: Vitneforklaring Christian Zimmermann, forhandlingssjef i Psykologforeningen. Vitnar for staten.
  • 13.15 - 14.15: Vitneforklaring Per-Einar Binder, professor og visedekan for utdanning ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vitnar for staten.
  • 14.15 - 15.00: Vitneforklaring Per M. Aslaksen (per telefon, muligens frafalles), professor ved UiT-Norges arktiske universitet, forskingsgruppe for kognitiv nevrovitenskap.

Tirsdag 22. okt til og med onsdag 23. okt:

  • Prosedyrer frå saksøkarane og staten.

Dei tre som skal forklare seg er Tor-Arne Haugland og Alexander Lundgreen Flattorp som begge representerer gruppa av studentar som har fått avslag på lisens. Håkon S. Nordnes representerer gruppa som har fått lisens, men fått avslag på autorisasjon.

Når ein har brukt så lang tid på utdanninga, så blir den plutseleg ikkje godkjent? Det var heilt uverkeleg.

Tor-Arne Haugland

I ryggen, på tilhøyrar-benkane i sal 227 i tinghuset i Oslo, har dei fleire av medstudentane som også står oppførte på saksøkarsida.

Det vart ein lattermild start på dagen. Då dommaren spurte om faktaopplysingar om Haugland, blant anna yrkestittel, så satt latteren laust blant tilhøyrarane. For Haugland svarte:

— Ja, det er vel det vi skal finne ut av her, men eg må vel seie at eg er psykologkandidat.

Partsforklaringane føregjekk slik at advokaten til studentane, Per Andreas Bjørgan, stilte dei spørsmål om deira motivasjon til å studere psykologi, tidsløpet i studieløpet, kvifor dei valte å studere ved ELTE og kva dei lærte gjennom studiet.

Tor-Arne Haugland like før han sette seg i vitnestolen. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Gjennom Haugland si forklaring vart tilhøyrarane godt kjend med hans private bakgrunn for vala han har teke i studiesamanheng. Han valte å ta ein bachelor i psykologi ved Kingston University og gjekk vidare på master ved ELTE-universitetet.

— Eg las eit intervju med ein norsk psykolog som hadde studert ved ELTE på ANSA sine nettsider. Der kom det fram at ein hadde kliniske fag og praksis, og at ein fekk innvilga lisens og deretter autorisasjon i Noreg. Alle eg prata med som hadde gått der hadde fått innvilga lisens etter endt studium, seier Haugland frå vitnestolen.

Les også: Bakgrunnen for rettssaka

Stridens kjerne

Dei 163 studentane som no sit på motsett side av staten sine representantar, kjempar ein kamp for å få anerkjent sine kvalifikasjonar. I 13 år før dei vart uteksaminerte, har psykologar utdanna ved ELTE-universitetet hatt rett til å jobbe i Noreg på lisenstid i eit eller to år, for så å bli autoriserte.

I 2016 endra Helsedirektoratet praksis og sidan har dei uteksaminerte studentane frå det ungarske universitetet fått avslag på sine søknader om både lisens og autorisasjon.

Difor gjekk ei stor gruppe av dei til søksmål mot staten.

Målet til saksøkarane er å få retten til å slå fast at avslagsvedtaka er ugyldige.

Stridens kjerne er tolkinga av EU-direktivet om yrkeskvalifikasjonar, som Noreg er forplikta til å følgje gjennom EØS-avtalen. Partane er usamde om saksøkarane har utdanna seg til deg same yrket som ein norsk psykolog.

B-stempelet

I partsforklaringa til Haugland vart det mykje fokus på innholdet i studiet, spesielt med tanke på dei kliniske faga og kor mykje praksis ein hadde i studiet i Ungarn. For dette er blant det som har blitt påpeika som manglar frå norske styresmakter i deira utdanning.

Advokaten til studentane, Per Andreas Bjørgan. Foto: Ketil Blom Haugstulen.

— Når fekk du nyss i at norske helsestyresmakter kunne kome til å endre praksis?, spør Bjørgan.

— Eg hugsar ein avisartikkel frå hausten 2015, der ein norsk psykolog utdanna ved NTNU skreiv om B-psykologane, blant anna Ungarn-studentane, som kom til å kome. Psykologar som hadde utdanning med lågare kvalitet. Eg tenkte at forfatteren hadde misforstått kva utdanninga vår inneheldt og at dette var heilt absurd, svarer Haugland og legg til:

— Dette skapte jo reaksjonar i sosiale medium og fleire byrja å diskutere dette. Men vi høyrte ingenting frå norske styresmakter om at endringar var i ferd med å skje.

Ingen informasjon om praksisendring

Vidare fortel Haugland om eit besøk frå Norsk psykologforeining tidleg i 2016. Dei kom for å halde eit seminar for ELTE-studentane med informasjon om korleis det var å jobbe som psykolog i Noreg.

— Etter besøket vart det publisert ein artikkel i Dagens næringsliv der Christian Zimmermann i psykologforeininga sa at ingen utdanningar i utlandet var jamngode med den norske, fortel Haugland.

— Når fekk de handfast informasjon om at det kunne bli vanskeleg å få godkjent utdanninga frå ELTE?, spør Bjørgan.

— Det var i september 2016, då fekk plutseleg alle uteksaminerte frå ELTE avslag på same tid. Så byrja det å gå rykter. Framleis var det ingen som hadde fått noko meir informasjon om dette frå verken helsestyresmaktene, lånekassen eller ANSA. Det gjekk via-via i sosiale medium, seier Haugland og held fram:

— Eg hadde nyleg byrja på mitt andre år på masteren og dette var eit stort sjokk. Vi var lamslåtte heile gjengen. Når ein har brukt så lang tid på utdanninga, så blir den plutseleg ikkje godkjent? Det var heilt uverkeleg.

I avslaga vart det poengtert at kandidatane hadde for lite klinisk teori og praksis. Så studentane i samråd med det ungarske universitetet, byrja å leite etter moglegheiter for å fylle på med fleire kliniske fag.

— Universitetet fekk også leigd inn ein norsk psykologspesialist som var utdanna ved ELTE, for å undervise i mellom anna norsk helselov, journalføring og rolla som psykolog i Noreg.

Avslag på avslag

Haugland søkte om lisens 24. juli 2017. Han venta i 11 månader før han fekk avslagsvedtaket frå Helsedirektoratet. Han gjekk så laust på ein ny master ved Kings college i London, i håp om å fylle på med nok praksis som krevd av norske styresmakter.

Men i førre veke fekk han eit nytt avslag på lisens frå Helsedirektoratet. Årsaka var mellom anna at han hadde seks studiepoeng som var feil kategorisert, fortel Haugland.

— Føler du at du har naudsynt kyndigheit for å jobbe som psykolog i Noreg?, spør Bjørgan.

— Eg har blitt vurdert herfrå til månen og har aldri fått ei negativ vurdering om at eg ikkje er skikka. Eg har blitt rettleia av fleire psykologspesialistar og er vurdert på lik linje som norske psykologar. Om eg hadde så store manglar i utdanninga, så hadde jo det vore synleg i praksisen, svarer Haugland.

Regjeringsadvokat Torje Sunde som representerer Helse- og omsorgsdepartementet i saka, stiller Haugland ein del spørsmål mot slutten av partsforklaringa. Han ynskte å fokusere ein del på praksis-mangelen, fordi dette vart trekt fram i avslaget om lisens.

Spørsmåla dreide seg om kor mange pasientar Haugland hadde hatt med å gjere, om han hadde følgt dei heile behandlingsløpet og korleis han hadde blitt rettleia undervegs.

Tilfeldig utslag av praksisendring

Dei to andre partforklaringa denne dagen var frå Alexander Lundgreen Flattorp og Håkon Strøm Nordnes.

Sistnemnde er i kategorien ELTE-studentar som har fått innvilga lisenes, for deretter å få avslag på autorisasjon. Også Nordnes fortalte mykje om sin utdanningshistorikk og gjekk detaljert til verks i si forklaring om kva slags type praksis han hadde hatt i samband med utdanninga.

Men historia hans er ganske talande om kor tilfeldig praksisendringa til Helsedirektoratet i 2016 har slått til.

Nordnes fortel at han vart tilsett i psykologfagleg stilling ved Helgelandssjukehuset i Mo i Rana i mai 2015, i god tru om at han skulle få innvilga autorisajon, på bakgrunn av at sjukehuset frå før hadde tre ELTE-studentar tilsette. På dette tidspunktet hadde han fått innvilga lisens.

— I november 2015, rauk kneet mitt i ein fotballkamp, så då eg hadde tenkt å søke om autorisasjon i august 2016, så sa rettleiaren min at eg måtte utsetje å søke sidan eg hadde vore sjukmeld ei periode. Ein medstudent frå ELTE som starta på same tid, søkte om autorisasjon på det tidspunktet og fekk innvilga ei veke etter i september 2016, fortel Nordnes.

Fleire av dei andre saksøkarane hadde møtt opp for å følgje dag fire i rettssaka. Foto: Ketil Blom Haugstulen

— Ei enorm påkjenning

Etterkvart søkte også Nordnes om autorisasjon og konklusjonen lét vente på seg. Men i same periode, i oktober kom det felles vedtak frå Helsedirektoratet om at fleire hadde fått avslag på sine søknader.

— Det var 4-5 av oss som fekk søkt i tide, medan 16 måtte utsetje det. Vi fekk ingen beskjed frå styresmaktene om at ei praksisendring var i emming, men plutseleg ser vi på heimesidene deira at det er dårleg kvalitet på utdanninga vår og at det er fare for pasientsikkerheita, seier Nordnes.

Eg opplever dette kompenserande tiltaket som politikk, forhasta og lite gjennomtenkt.

Håkon Strøm Nordnes

Basert på dei nye opplysningane frå Helsedirektoratet, så blir Nordnes trua med å bli oppsagt.

— Det har vore ei enorm påkjenning. Vi visste ikkje om vi kunne få fortsetje eller ikkje. Sjukehuset lét oss heldigvis til slutt få vere att, men i jula 2017 gjekk eg på ein ganske kraftig smell. Eg klarte ikkje halde motet oppe, så eg vart sjukmeld, seier ein følelsesladd Nordnes.

Nordnes fekk først vedtak om avslag på autorisasjon i april 2018. Han takka så ja til det kompenserande programmet.

— Eg hadde mykje forventningsangst. No skulle vi møte dei som hadde devaluert vår kompetanse. Det framstod veldig rart etter å ha jobba i to og eit halvt år i spesialisthelsetenesta, fortel Nordnes som seier at mykje av program-opplegget var repetisjon for han.

Etter endt program, fekk til slutt Nordnes innvilga autorisasjon i april i år. Men han påpeiker likevel at han er tre år forseinka og tusenvis av kroner fattigare enn han kunne ha vore.

— Eg føler framleis ikkje at devalueringa av vår kompetanse er retta opp i. Eg opplever dette kompenserande tiltaket som politikk, forhasta og lite gjennomtenkt, fortel Nordnes.

(Saka er oppdatert kl. 19.00 med sitat frå partsforklaringa til Håkon Strøm Nordnes)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS