høgskulen på vestlandet

«Vi må plukke ein ny rektor frå øvste hylla»

Erik Kyrkjebø er redd for at Høgskulen på Vestlandet skal ende opp med «lokale pokalar» når dei skal tilsette ny rektor til hausten. Det er både interne og eksterne snakkisar.

Gjerne ein rektor som eg ofte kan vere ueinig med, men ein som berikar oss, utfordrar oss og stiller krav, er førsteamanuensis Erik Kyrkjebø sitt ønske. Han er sjølv nemnd som kandidat til rektorjobben, men seier at han ikkje vil vere søkar.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Stillinga som rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skulle etter ein tidlegare plan vore lyst ut i byrjinga av mai, men er enno ikkje lyst ut. Sannsynleg blir utlysningsteksten klar denne veka. 1.august går søknadsfristen ut. Og planen er at styret skal tilsette ny rektor i september.

Berit Rokne, som vart rektor i 2017, har allereie varsla at ho ikkje ønskjer ein ny periode som rektor. Rokne fyller 66 år i år.

Fleire snakkisar

Trass i pandemistengde campus og lite prat ved kaffimaskina er det likevel snakkisar rundt om kven som kan vere aktuelle rektorkandidatar.

Erik Kyrkjebø, førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Campus Sogndal er ein av dei som blir nemnd av fleire.

Kyrkjebø var også aktuell som prorektor for forsking i forrige runde, men trekte søknaden sin i finalen. No svarar han raskt og bestemt «nei» på spørsmålet om han er aktuell søkar denne gongen, når Khrono ringer. Han har bestemt seg for å konsentrere seg hundre prosent om forsking og familien.

Øvste hylle

— Men du har kanskje nokre aktuelle kandidater du kunne sjå for deg som rektor ved Høgskulen på Vestlandet, som sannsynleg også blir universitet i den neste rektorperioden?

— Ja, det har eg. Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal tenkje stort og plukke ein ny rektor frå øvste hylla til denne viktige jobben. Eg ser gjerne for meg ein Gunnar Bovim, Curt Rice, Dag Rune Olsen eller Svein Stølen, seier Kyrkjebø.

Han legg til at han er særs nøgd med å ha fått Arvid Hallèn som styreleiar ved HVL, ein person med forskingspolitisk tyngde og oversikt over sektoren, og set sin lit til han i rekrutteringsprosessen.

Frykt for «lokale pokalar»

— Eg er litt redd for at vi skal ende opp med «lokale pokalar» i rektorstolen. Vi hadde hatt godt av å få ein rektor med sterk vilje til å bygge noko, ein som vil noko med institusjonen og som kan bygge ei vi-kjensle. Ein rektor med vilje og visjon som kan markere seg, seier han.

— Og gjerne ein rektor som eg ofte kan vere ueinig med, men ein som berikar oss, utfordrar oss og stiller krav!

— Nei, no blei eg engasjert, merker eg, ler Kyrkjebø.

Då rektorstillinga vart lyst ut i 2016, var det etter det På Høyden den gongen skreiv tre søkjarar det stod mellom: Ho som fekk jobben; Berit Rokne, Ole Gunnar Søgnen, som den gongen var rektor ved gamle Høgskolen i Bergen, og dekan Geir Anton Johansen.

— Eg har ikkje teke stilling til om eg vil søkje, seier Johansen til Khrono no.

Søkte sist

Prorektorar f.v. Bjørg Kristin Selvik, Liv Reidun Grimstvedt og Gro Anita Fonnes Flaten. Berre ein av dei seier ho så langt vurdere å søke rektorjobben

I 2016 søkte òg Liv Reidun Grimstvedt. Ho var rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund før fusjonen. No er ho prorektor med nærområdeansvar for Stord og Haugesund, og har kontor i Haugesund.

Ho seier til Khrono at ho ikkje har tenkt på ein eventuell søknad til rektorstillinga denne gongen.

— Det er hyggeleg å bli nemnd, men dette har eg ikkje tenkt på, seier Grimstvedt på telefon frå heimekontoret sitt i Haugesund.

— Men er det noko du skal tenke på framover no?

— Det må eg kanskje vurdere, då, seier ho - og legg til:

— Men uansett så er eg sikker på at vi har mange gode kandidatar både internt og eksternt som burde vere aktuelle, så eg ser fram til mange søkarar.

Samdal er blitt oppmoda om å søke

Det vert snakka om både eksterne om interne kandidatar. Rokne kom frå stillinga som prorektor ved Universitetet i Bergen då ho vart tilsett ved HVL. No vert både rektor Dag Rune Olsen, som også rett før jul søkte stillinga som rektor ved NTNU, og viserektor Oddrun Samdal nemnde.

Det kjem snart ein sommar, der UiB-rektor Dag Rune Olsen seier han mellom anna kan tenka på om han vil søkja ei ny rektorstilling i Bergen. Søknadsfristen er 1. august.

— Det har eg ikkje tenkt på, seier Samdal når vi spør om ho vil søkje.

— Betyr det ikkje tenkt på i «har ikkje tatt stilling til», eller «det er uaktuelt»?

— Eg har vorte oppmoda om å søkje, det kan eg seia, og det er kjekt. Men eg har ikkje tenkt å søkje, seier ho.

Ein annan potensiell kandidat, som ikkje vil vere ein «lokal pokal» er noverande rektor og Samdal sin sjef ved UiB, Dag Rune Olsen:

— Det har eg ikkje reflektert over, seier Olsen når Khrono ringjer.

Hans andre rektorperiode går ut 1. august 2021, så tidspunktet for å ta over ein ledig rektorstilling ved HVL vil nesten passe. Olsen har då to års forskingstermin som ventar.

— Eg har jo eit professorat ved UiB, og har har ikkje tankar om å søkje stillinga ved HVL nett no. Men eg har litt tid til å tenkja meg om på, seier Olsen.

Kanskje ein førsteamanuens frå Sogndal?

Førsteamanuensis Gunnar Yttri ved Institutt for samfunnsvitskap i Sogndal er han som blir nemd oftast av dei Khrono har vore i kontakt med. Yttri er styremedlem, jobba tidlegare ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, er førsteamanuensis og dr.philos i historie og har også vore dekan i to periodar ved HiSF.

Yttri sjølv ønsker ikkje å seie noko om spekulasjonane eller om han eventuelt kjem til å søke.

Gunnar Yttri sit i styret ved HVL. Han har doktorgrad i historie, og vert nemnd som ein mogleg rektorkandidat.

I tillegg vert Gro Anita Fonnes Flaten nemnd. Ho er prorektor ved HVL, og har arbeidsstad i Bergen. Før fusjonen var ho høgskuledirektør ved Høgskolen i Bergen.

Flaten vurderer å søkje, skriv ho i ein sms til Khrono.

— HVL er ein spennande institusjon med store ambisjonar. Rektorstillinga er difor interessant. Eg vurderer å søkje, men har ikkje bestemt meg enno, skriv Flaten.

Bjørg Kristin Selvik er sitjande prorektor for utdanning ved HVL og tidlegare prorektor ved Høgskolen i Bergen. Ho seier til Khrono at ho så langt ikkje har tenkt å søke toppstillinga ved det kommande universitetet.

Vestlandsperspektivet

Ein av nestorane ved HVL, og nyleg pensjonerte Georg Arnestad, vil heller ikkje koma med nokre spekulasjonar eller namn på kandidatar som han meiner kan passe.

— Men eg ser for meg at ein ny rektor bør vere ein som kan vere synleg og profilere HVL som Vestlandsuniversitetet og ta vare på og bygge opp vestlandsperspektivet her, seier Arnestad.

Styreleiar Arvid Hallèn seier til Khrono at han ser fram til mange gode kandidatar, og har nyleg hatt møte med rekrutteringsfirmaet som er hyra inn for å hjelpe dei med å finne den rette kandidaten.

— Eg kan ikkje tenke meg noko anna enn at dette burde vere ei attraktiv stilling, seier han og vil ikkje røpe om han har nokon spesielle i sikte, eller om nokon allereie har vore i kontakt med han om jobben. Dei leiter breidt.

— Men interne kandidatar då?

— Det ville jo vore synd for instiusjonen viss vi ikkje har nokre interne kandidatar, seier han.

Høg vitskapeleg kompetanse

Ifølge utlysingsteksten så stiller dei ikkje formelt krav til doktorgrad for å søke stillinga.

— Nei, men vi krev høg vitskapleg kompetanse, helst innanfor eitt av høgskulen sin fagområde, seier Hallèn.

Då Høgskulen på Vestlandet vart oppretta, vart det plassert ein prorektor i Sogndal og ein i Haugesund, som har ansvar for kvart sitt nærområde. Men rektor skal ha hovudarbeidsstad i Bergen, heiter det i utlysingsteksten som høgskulestyret vedtok i april. Det vert elles sagt at rektor skal ha:

  • Kunnskap om UH-sektoren og forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Solid leiarerfaring frå kunnskapsorganisasjon
  • God kjennskap til dei politiske prosessane som set rammevilkåra for UH-sektoren

Rektor må òg ha god økonomiforståing, meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk og ha ein motiverande og inkluderande leiarstil.

Powered by Labrador CMS