Min doktorgrad

Han fekk publisert undervegs og fekk i tillegg to barn medan han var stipendiat. Det siste kom like før disputasen. Ei god oppleving å vera stipendiat, synest Mikkel Ekeland Paulsen.

Tilrår å få barn undervegs i stipendiatperioden

Kva er det med ord som løvetann som gjer at dei skal ha plass i ordbøkene? Det har Mikkel Ekeland Paulsen forska på — i tillegg til at han har fått to barn.

— Kva har du forska på?

Fakta

Mikkel Ekeland Paulsen

  • Har levert avhandlinga «Å skille klinten fra hveten»
  • Disputerte ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen 31. mai 2024

— Eg var tilsett som vikar ved Universitetet i Bergen (UiB) og jobba med revisjon av ordbøkene. Oppgåva mi var då å velja ord som skal vera med i Bokmålsordboka og Nynorskordboka, nærare bestemt kva samansette ord som skulle vera med. Eg erfarte då at eg mangla fullgode kriterium for å avgjera kva ord som fortener å bli med. Så då eg skulle ta doktorgrad, vart forskingsprosjektet mitt å forska på korleis ein skal velja kva samansette ord som skal vera med. Prosjektet var knytt til ordboksprosjektet ved UiB.

— Kan du presentera prosjektet i korte trekk?

— Eg skreiv ei artikkelbasert avhandling. I den første artikkelen ser eg på dei semantiske eigenskapane til orda. Når ein set to ord saman, korleis vert då den nye tydinga? Ta eit ord som båthus. Det kan vera eit hus på ein båt, eller til ein båt. Og løvetann. Mange vil nok tenkja på blomen, men det kan òg vera ei løve si tann. Det eg har sett på er korleis ein kan avgjera kor gjennomsiktig samansetninga er, mellom anna basert på om tydinga til til dømes løve og tann er lik i og utanfor samansetninga.

Dei to andre artiklane er basert på meir kvantitative analysar. Eg har sett på kva ord brukarane av Bokmåls- og Nynorskordboka faktisk søkjer på og metodane me brukar for å måla kor mykje eit ord er i bruk.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva ord søkjer ein faktisk på?

— Veldig mykje ulikt! Ein stor andel av dei rundt tusen samansetningane i utvalet mitt vert søkt etter relativt ofte. Når søka er så ulike, kan det tyda på at brukarane har behov for at ordbøkene inneheld mange samansetningar. Me veit at ein del av brukarane av ordbøkene er personar som jobbar med tekst, som forfattarar og omsetjarar.

— Og så finst det jo journalistar som slår opp «korleis var no preteritum på bokmål i dette ordet» …

— Ja, mykje av bruken av akkurat Bokmåls- og Nynorskordboka er nok farga av at me har to skriftspråk i Noreg.

— Kva finn du?

— Dei orda brukarane søkjer på, er i stor grad dekte av ordbøkene slik dei er i dag, det var ei lette! Men om ein skal predikera kva ord brukarane søkjer etter, treng ein langt fleire enn ei handfull variablar.

— Journalisten såg ein fysisk telefonkiosk her ein dag, og tenkte at det er jo noko ein ikkje brukar lenger. Korleis bestemmer ein kva ord som skal vera med og ikkje?

— Det er jo ein del ord som namngir det ein etter kvart kan kalla alderdommelege fenomen — men desse finst framleis i litteraturen. I revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka konsentrerer me oss om ord som har eit visst belegg etter 1970. Eg veit ikkje kor ofte ordet telefonkiosk vert nytta, men det kan vera verdt å ta med sidan det er ein uvanleg bruk av ordet kiosk.

Når ein kjem tilbake tilbake etter foreldrepermisjon vert ein ikkje kasta til ulvane med ein gong slik ein vert i ein del andre jobbar.

Mikkel Ekeland Paulsen

— Kva var mest utfordrande med å ta doktorgrad?

— Eg har vore heldig. Eg hadde god flyt, og eg fekk publisert undervegs. Det var ikkje slik at eg skulle levera ein diger kladdeis til slutt. Som stipendiat har ein full fleksibilitet. Det er jo eit litt tviegga sverd, dette med sjølvdisiplin og fleksibilitet. Men eg synest det har vore fint. Eg har fått barn undervegs i stipendiatperioden, og det vil eg tilrå! Fleksibiliteten gjer til dømes at ein kan vera heime med småsjuke barn utan å bryta sosiale plikter, og når ein kjem tilbake etter foreldrepermisjon vert ein ikkje kasta til ulvane med ein gong slik ein vert i ein del andre jobbar. Det er ingen krav om at ein skal rett inn og prestera.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, for meg har det å ta doktorgrad vore ei veldig god oppleving. Eg har vore heldig.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Eg har eit vikariat knytt til ordbøkene, ut dette året. Så får me sjå. Men ordbøkene skal jo vidareførast. Eg ser at doktorgradsarbeidet mitt har gjort at eg har eit anna syn på kva ord som bør inn og ikkje. Når eg veit at folk søkjer på så mykje forskjellig, er eg no meir liberal i inntaket av samansetningar.

 

Powered by Labrador CMS