Debatt ● Stig J. Helset

Støre og Kjerkol: Maktspelarar i Arbeidarpartiet

Måten statsminister Jonas Gahr Støre til no har handsama plagiatsakene syner at den machiavellianske maktpolitikken framleis dominerer på Statsministerens kontor.

Støre kastar statsrådar som ikkje er så viktige for han eller Partiet, medan han skjermar statsrådar som han og Partiet treng i posisjon, skriv kronikkforfattaren. — Sjølv om dei aktuelle statsrådane har gjort om lag dei same tillitsbrota.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

I den populære tv-serien med det talande namnet Makta fekk vi tydelege illustrasjonar på korleis Arbeidarpartiet har lange og tunge tradisjonar for machiavelliansk nettverksbygging og maktpolitikk, ikkje minst når det kjem til utpeiking av personar til politiske verv og posisjonar. 

Måten statsminister Jonas Gahr Støre til no har handsama plagiatsakene for den avgåtte statsråden Borch (Sp) og den framleis sitjande statsråden Kjerkol (Ap) syner at den machiavellianske maktpolitikken framleis dominerer på Statsministerens kontor. Dette er for så vidt ikkje overraskande all den tid Støre har gått i lære hos Gro og andre tidlegare Ap-toppar som er sentrale rollefigurar i Makta, men det er ikkje dess mindre lite tillitvekkande.

Vi ser nemleg korleis Støre kastar statsrådar som ikkje er så viktige for han eller Partiet, medan han skjermar statsrådar som han og Partiet treng i posisjon, sjølv om dei aktuelle statsrådane har gjort om lag dei same tillitsbrota. Rett nok var Borch (Sp) oppriktig og modig nok til å sjølv trekkje seg som statsråd etter avsløringane om plagiat i den no ti år gamle masteroppgåva hennar, men Støre var raskt ute og sa det var rett av henne å trekkje seg, fordi ho gjorde ein feil som «er uforenleg med hennes rolle som minister for høyere utdanning og forskning» (Dagbladet, 20.1.24).

Då det kom liknande avsløringar om den berre to år gamle masteroppgåva til Kjerkol, kom derimot Kjerkol raskt på banen med ein forsvarstale som ho stendig har måtta endra på etter kvart som det blei avdekt stendig større omfang av tekstlikskap utan kjeldetilvising i oppgåva hennar, medan Støre på si side har uttalt at «alle i min regjering har min tillit» (NRK Debatten, 23.1.24). 

No har Nord universitet, etter grundig vurdering av Nemnda for studentsaker, konkludert med at masteroppgåva til Kjerkol blir underkjent på grunn av omfattande plagiat og fusk. Det bør få statsministeren til å kaste Kjerkol ut av regjeringa, for verken han eller nasjonen er tent med å ha ein helseminister, som mellom anna har ansvaret for å forvalte milliardar av kroner til medisinsk forsking, som nokså nyleg og i godt vaksen alder har prøvd å fuske seg til ein mastergrad i kunnskapsleiing. 

Dessverre er det all grunn til å frykte at Støre likevel vil freiste å skjerme Kjerkol på same måte som han skjerma Brenna, medan Trettebergstuen måtte gå. I så tilfelle viser han med all mogleg tydelegheit at machiavellianismen framleis rår grunnen i Arbeidarpartiet og på Statsministerens kontor, noko han og Arbeidarpartiet truleg vil bli straffa for ved det komande stortingsvalet.

Powered by Labrador CMS