Erna Solberg opna: Stao pao, Vestlandet!

PublisertTirsdag, 10. januar 2017 - 18:24-OppdatertOnsdag, 11. januar 2017 - 12:38
Statsminister Erna Solberg opna offisielt Høgskulen på Vestlandet tysdag. Foto: Christian Blom, På Høyden
Opning. Erna Solberg delte ut 39 millionar kroner under opninga til den hardbalne Høgskulen på Vestlandet.

Sogndal, Bergen, Haugesund (På Høyden): – Gratulerer med dagen, og stao pao, var helsinga frå statsminister Erna Solberg til den ti dagar gamle høgskulen, skriv På Høyden.

Det var topptung representasjon frå regjeringa til stades på opninga av den nyfusjonerte Høgskulen på Vestlandet, tysdag. Statsminister Erna Solberg klipte snora på Campus Sogndal, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen markerte hendinga på Campus Bergen og statssekretær Bjørn Haugstad på Campus Haugesund. 

Rikare rike

Med seg i Widerøe-flyet til Sogndal hadde statsministere og 39 nye millionar som Høgskulen på Vestlandet skal bruke på fusjonsprosessen.

— Vi er blitt eitt rike, og litt rikare, repliserte rektor Berit Rokne under lunsjen etterpå.

Og Solberg var ikkje i tvil om at det er ei god investering: 

— Gevinsten for samfunnet blir stor om ein lukkast, sa ho om fusjonsprosjektet.

– Viktig i heile landet

Det var ikkje tilfeldig at statsministeren drog til den mest gjenstridige av dei tre partnerane då ho skulle opne den nye høgskulen, og temaet om dei hardbalne vestlendingane gjekk igjen på opningsfesten.

— Eg kan trygt seie at her i Sogn og Fjordane responderte de på denne utfordringa frå sentrale styresmakter i beste vestlandstradisjon: Ved å stritte imot av alle krefter. Motstandarane av strukturreforma og fotballsupporterane fann eit felles slagord i: «Stao no pao!» sa Solberg i talen sin.

Rektor Rokne (biletet) henta óg inspirasjon frå idéen om ein sterk, men eigenrådig vestlending.

— Det er sett høge mål for Høgskulen på Vestlandet men det er all grunn til å tru at vi skal lukkast når vi ser tilbake på det arbeidet som er gjort så langt. Det er kraft og uthaldenheit i vestlandsfolket. Ditt (statsministerens red.mrk) besøk seier at høgskulen ikkje berre er viktige på Vestlandet, men for heile landet, sa Rokne. 

I Sogn var den harde motstanden mot fusjon mest nemnd som anekdotar i helsingstalane til den nye høgskulen. Sjølv blant studentane er oppslutninga no stor kring fusjonen.

– Dette er ein gledens dag for studentane her, seier leiar for Studentparlamententet i Sogn og Fjordane, Knut Almås Anfinset.  

– Så ingen er bitre over at det ble fusjon?

– Eg håpar ikkje det er nokon bitterheit meir. No gjeld det å nyte dagen og krysse fingrane for framtida, seier Anfinset til På Høyden.

Les også: Ny hovudveg for kunnskap på Vestlandet

Isaksen: Dette er starten

Medan Erna Solberg stod på Campus Sogndal og løfte ei forgylt saks, og med denne virtuelt klipte over snora for den nye Høgskulen på Vestlandet, blei hendinga vist på storskjerm på dei øvrige nærregionane Bergen og Stord/Haugesund. Like etter kunne kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ta ordet, og snakke til heile den nye høgskulen.

(Foto: Tor Farstad, På Høyden)

— Dette er ein viktig dag for Norge, og Vestlandet. Dette er på mange måtar opning av ein ny kunnskapshovudveg på Vestlandet. Den vil binde regionane saman, sa Isaksen (biletet) i sin tale og minna om at det er no reisa kan starte.

Kunnskapsministeren hadde éi klar melding til dei tilsette:
– Fusjonen er ikkje punktum. Dette er starten. Det å bli større, gjev i seg sjølv ikkje høgare kvalitet. Men moglegheitene ein får, gjer at det er verdt det. Ein får høve til å markere seg på ein heilt annan måte, sa statsråden.

Ingenting utan studentane

Studentpolitikar Kristine Elsa Krokli minna om at det er studentane det handlar om under opninga av den nye høgskulen.

— Tilgi meg, alle forskarar, lærarar, skuleeigarar, men kor hadde de vore utan oss studentar? Me fyller klasseromma frå Haugesund i Sør til Førde i nord. Det er me som er quiz om kveldane, skippertak i november, studiemiljø, og dykkar framtidige fagfellar, sa Krokli (biletet) i sin tale.

(Foto: Jan Kåre Ness, På Høyden)

Den tidlegare leiaren av Studentparlamentet ved Høgskulen Stord/Haugesund er nøgd me at ein valde å gå for ei samanslåing.

– Eg har tru på at Høgskulen på Vestlandet kjem til å bli ein av landets viktige aktørar i å utdanna flinke og dyktige studentar som tar hand om vår framtid. Vi får eit nytt studentting som med 16 000 studentar i ryggen kjem til å bli eit slagkraftig studentdemokrati. Vi får større og sterkare fagmiljø for å heva kvaliteten. Det einaste som manglar er at vi hadde hatt økonomi til å vera heiltidsstudentar, sa Krokli. 

Usikker på fusjon

Statssekretær Bjørn Haugstad vedgjekk til forsamlinga at han ikkje alltid var like sikker på at fusjonen kom til å komme i hamn. 

— Hadde du bede meg om å inngå eit veddemål i fjor sommar på at vi kom til å vera her i dag, hadde eg ikkje satt meir pengar på det enn eg er villig til å tapa, sa Haugstad (biletet).

— Det var ein thriller i Sogndal. Her i Haugesund og på Stord har ein heile tida vore tydeleg på at dette er eit smart prosjekt. Prorektor, Liv Reidun Grimstvedt, har heile tida vore ein god pådrivar, det same med Ole-Gunnar Søgnen i Bergen. Ufordringa har vore at Bergen er storebror. Så har vi måtta venta på at ting skulle modnast i Sogndal.

— Eg er veldig glad for at vi hadde tålmod til å la Sogndal få tid på seg, og sjølv ta den avgjerda. Det gjer at det blei mykje betre enn om vi skulle ha trekt ein beslutning ned over hovudet på dei, seier Haugstad til På Høyden.

Les også:

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Fra seksjonene

Siste

Debatt

Karriere

Campus

Samfunn

Mest lest

Debatt

Etikk. Hans Christian Paulsen, leder for Studentparlamentet på Universitet i Oslo, mener å ha sett flere saker denne høsten, deriblant Kissinger-saken, som tilsier at UiO må etablere et etikkutvalg. 
Kvalitet. Studentenes hverdag vil stå i sentrum når kvalitetsmeldingen legges fram på nyåret, skriver Høyres stortingsrepresentant, Kristin Vinje.  
Forsking. Vi må innsjå at Noregs forskingsråd er eit dyrt og overflødig mellomledd, skriv førsteamanuensis Erik Døving, i dette innlegget. 

Karriere

Campus

Samfunn