Sommar i Khrono

Meiner det bør leggast betre til rette for studentar som slit

— Vi må ta innover oss at dagens unge opplever eit høgt press frå sosiale medium, seier Synne Tollerud Bull ved Westerdals institutt for film og medier.

Synne Tollerud Bull, ph.d, professor, instituttleder, Høgskolen Kristiania
Synne Tollerud Bull trivst med vind i håret, kanskje helst om bord i ein båt.
Publisert
Fakta

Sommar i Khrono

  • I sommar kan du bli kjend med ulike folk som er knytte til universitets- og høgskuleverda.
  • Khrono har stilt alle dei same spørsmåla om jobb, kvardag og framtida.
  • I dag: Synne Tollerud Bull. Ho er professor og instituttleiar på Westerdals institutt for film og medier ved Høgskolen Kristiania.

– Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb? 

 – Absolutt! Det er store optimaliseringsprosjekt på gang, men eg trur vi kan få noko bra ut av dette òg, som mellom anna meir tverrfagleg samarbeid fordi vi vert pressa litt tettare saman og må dele fleire ressursar. 

— Det kan vere ekstra utfordrande å vere kunstfakultet i denne tida. Vi er som kjent litt dyrare enn mange andre utdanningar. Det er tydeleg at vi er inne i ein stor endringsprosess i akademia som tvingar oss til å tenkje nytt, også i kunstfaga. Vi må finne gode løysingar som gjer at vi kan halde fram med å utdanne dei smale spesialistane samstundes som vi får til deling og nye faglege koplingar. I dag er vi knallgode på bransjenærleik, utdanningskvalitet og studentoppfylging, og det skal vi ikkje slutte med. 

– Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takke ja dersom du får tilbodet?

 – Nei. Eg lever og brenn for forsking og undervisning og kunne ikkje tenkje meg noko anna. Forskinga mi involverer også kunstnarleg utvikling, så eg er der eg ynskjer å vere. Det vi treng no er satsing på lagarbeid, slik at alle tilsette står saman om den oppgåva det er å halde oss flytande. Dette inkluderer nok nokre store endringar og innovasjonar i studietilbodet og korleis vi underviser. Det viktigaste her er at ikkje avstanden mellom kontoret til rektor og dei fagleg tilsette med dei kreative ideane og framlegga er for lang. 

– Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkje akademia framover?

– Dei endringane eg meiner vil vere mest skadelege for akademia framover, er avviklinga av SFU-ordninga og PKU-programmet. Nedlegginga av PKU-programmet set Noreg i utakt med internasjonale satsingar som anerkjenner kunst og kreative fag som essensielle for å løyse store samfunnsutfordringar. Både SFU og PKU har hatt positiv innverknad på kulturen i sektoren, der både kunstnarleg og pedagogisk utvikling har fått auka status og bidrege til mange verdifulle tverrfaglege prosjekt. Eg vil difor oppmode Hoel om å utvikle solide alternativ som demonstrerer ei ekte satsing på desse områda. Det bør òg kome på plass gode stipendordningar for å dekkje studieavgifta for internasjonale studentar.

 – Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk vanhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endre på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggje betre til rette for studentar som slit?

 – Ja, vi må ta innover oss at dagens generasjon unge opplever eit høgt press frå sosiale medium, både direkte og indirekte. Dei vaksne rollemodellane har heller ikkje kontroll på dette, og pandemien har ikkje gjort situasjonen lettare.

— Dei som underviser i dag kan gjere mykje for å skape gode utdanningsfellesskap gjennom lagbygging og trygge, men også modige, omgjevnader. Studentaktive læringsformer, der undervisarar legg til rette for læring mellom studentane, byggjer sjølvtillit og førbur dei på å handtere uvisse og å tileigne seg evna til livslang læring. Det er avgjerande at satsinga på dette området vert fylgd av nok pengar.

– To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering — og saka kjem opp i september. Blir plagiat/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia?

– Eg hallar mot nasjonale retningsliner som varetek nyansar i dei ulike sakene, som mellom anna retten til gjenbruk av eige arbeid. Her må rettstryggleiken til den einskilde sikrast. Dette må kanskje også sjåast på i samband med utdanningskvalitet.

— Ein kan spørje seg om det vert lagt nok vekt på etikk og det faktiske handverket det er å skrive i universitetsutdanninga. Her er det nok store skilnader mellom dei ulike fagfelta. Både retningsliner og det å utvikle betre metodar for utdanninga må til, særleg i lys av KI-assisterte digitale hjelpemiddel som kjem for fullt no.

– ChatGPT og kunstig intelligens er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter / trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?

 – Her ser eg både moglegheiter og utfordringar. Det er avgjerande at akademia fylgjer med i utviklinga og legg til rette for at både tilsette og studentar får bruke og lære diverse KI-verktøy i takt med resten av samfunnet. Det er sjølvsagt spenning knytt til korleis KI vil påverke dei ulike faga og bransjane i det kreative feltet. For oss er det viktig å liggje i forkant med forsking og internasjonalt samarbeid på tvers av utdanning og arbeidsliv for å sikre at vi utnyttar potensialet og møter utfordringane på ansvarleg vis.

5 kjappe

1. Vald eller tilsett rektor?

– Vald

2. Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen?

– Munnleg

3. Forskingstermin i Paris eller Svalbard?

– Paris

4. Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt?

– Som protesterer

5. Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse?

– Vi treng nok ikkje ei aude øy for dette, men eg ville ha nytta høvet til å samle leiarar for film- og medieutdanningane i Noreg, inkludert Eli Bø, Leif Holst Jensen, Ivar John Erdal, Tore Kirkholt og Katja Eyde Jacobsen, for å diskutere framtida for dette feltet i lys av nye teknologiar og samfunnsutfordringar.

Powered by Labrador CMS