Høgskulen i Volda

Krass kritikk i Volda: Vil avslutta avtale og ha pengar tilbake

— Ei vanskeleg og uheldig sak, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim om økonomisaka som nok ein gong var på høgskulestyret sitt bord. Styret vedtok at det vil ha pengar tilbake frå den lokale kulturnæringshagen.

Dette biletet er frå styremøtet i mai, då styret hadde pause for å verta samde om eit vedtak. Det same skjedde i dagens møte. Randi Bergem, nummer to frå høgre, ivra for å avslutta avtalen med kulturnæringshagen.

«Styret er svært kritisk til at det har tatt så lang tid å få lagt fram dokumentasjon i saka, og at styret framleis ikkje har fått ei tilfredsstillande saksutgreiing. Det har dermed ikkje vore lagt godt nok til rette for at styret kan ivareta sin kontrollfunksjon».

Slik lyder det første punktet i vedtaket frå torsdagens møte i høgskulestyret ved Høgskulen i Volda. Då hadde styret drøfta saka i godt over ein time.

— Dette er ei vanskeleg og uheldig sak for høgskulen, samstundes som eg meiner at det er viktig å få klarheit i kva som har skjedd, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim i innleiinga si.

I tredje møte på rad hadde styret saka om samarbeid med Sunnmøre kulturnæringshage på sitt bord. I førre møte, i mai, var styret kritisk til sakshandsaminga, og bad om å få meir dokumentasjon. Det fekk styret, men som vedtaket viser, var det kritiske røyster også i junimøtet.

— Veldig mange av desse dokumenta er datert for lenge sidan. Kvifor har me ikkje fått dei før no, spurde styremedlem Randi Bergem.

Saldo: Over 600.000 kroner

Som Khrono har skrive før, har det eksistert ein avtale mellom Avdeling for kulturfag (AKF) ved høgskulen og Sunnmøre kulturnæringshage. Både i 2021 og 2022 overførte AKF om lag ein million kroner til kulturnæringshagen på tampen av året. Dette er overføringar både noverande og tidlegare rektor har stilt spørsmål ved, og som òg har vore problematisert i styret i fleire møte. 

— Det er ingen dokumentasjon her i forkant av at ein har gjort økonomiske transaksjonar. Ingen av dei faste krava er på plass i det prosjektet har starta. Dette er heilt uakseptabelt. For meg framstår dette veldig uryddig og kritikkverdig, sa Bjørn Gunnar Tafjord. 

Det har òg vorte stilt spørsmål ved den faglege forankringa til prosjekta.

— Det er for så vidt positivt at høgskulen spelar på lag med samfunnet rundt og driv med kulturvern og anna. Men kva er det rett at våre midlar vert brukte til? Når eg ser på kva som har kome ut av dei prosjekta som er omtala, vert det vist til at ein professor har fått skrive ein vitskapeleg artikkel og ein annan tilsett har teke kurs i universitetspedagogikk. Det er flott, men det er jo vanlegvis avdelingane og fagmiljøa som betalar slikt, sa Per Halse.

Han var den som i møtet først stilte spørsmål ved om høgskulen kan avslutta avtalen.

— Om eg har lese papira rett, så er det ein saldo att på 641.950 kroner når ein har betalt det ein har inngått avtale om. Desse pengane bør høgskulen få tilbake frå kulturnæringshagen, sa Halse.

Randi Bergem stilte spørsmål ved om ein treng å ha den avtalen som er inngått, som varer til 2027.

— Går det an å avslutta avtalen, føra tilbake midlar, men at høgskulen tek ansvar for å fullføra prosjekta Tonehimmel og Bjørkedalsbåten. Eller er det noko som tilseier at må vara til 2027, spurde ho.

Direktør: Skal ikkje auka aktiviteten

Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem sa at ein jobbar med å finna ei ordning for Bjørkedalsbåten.

— Og eg har hatt møte med dekanen angåande Skjerven (båt, journ.anm) i dag. Det er ikkje aktuelt å auka aktiviteten.

Direktøren sa òg at det vert jobba med å fullføra prosjekta Tonehimmel og Bjørkedalsbåten.

— Tonehimmel vert avslutta til sommaren, Skjerven vert avslutta no. Fagmiljøet vil nytta denne båten, men utan økonomiske plikter. Når det gjeld prosjektet med Bjørkedalsbåten er det løfta vekk frå Avdeling for kulturfag, utdjupa dekan Jon Are Steen.

— Men kvifor står ikkje dette i ei saksutgreiing? Dersom det er starta ei opprydding, kvifor får ikkje styret vita det, spurde Silje Louise Dahl.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem under dagens møte.

Under grensa

Det har vorte hevda, mellom anna av tidlegare rektor Johann Roppen, at Avdeling for kulturfag har overført pengar til kulturnæringshagen for å koma under grensa på fem prosent avsetnad. Høgskulestyret har tidlegare vedteke at større overskot enn det skal gå inn til høgskulen sentralt.

— Ved nyttår i 2021 låg Avdeling for kulturfag under femprosentgrensa med 649.000 kroner, og frå 2022 trekte me inn 311.000 kroner. Det har ikkje vore noko nullsumspel, sa økonomidirektør Jannicke Driveklepp i styremøtet.

Rasmus Stokke og Kjersti Kleven er begge eksterne styrerepresentantar. Dei stilte spørsmål ved om det no var på tide å tenkja seg om.

— Når kan det vera aktuelt å setja foten ned, spurde Stokke.

No, meiner styret.

Vil ha ny orientering

Dei tre siste punkta i firepunktsvedtaket i styremøteter at: 

  • Styret er svært kritiske til avtalen som er inngått med Sunnmøre kulturnæringshage om forskotsfakturering og ber om at avtalen vert avslutta. Styret ber om at attståande midlar vert ført tilbake til Høgskulen i Volda.
  • Styret forventar at ein går gjennom dei planlagde aktivitetane, som Høgskulen i Bolda har ansvar for, og vurderer om og korleis dette skal vidareførast innanfor gjeldande regelverk ved Høgskulen i Bolda.
  • Styret ber om å få ei orientering om oppfølging av vedtaket i neste styremøte.

Samstundes som styret var kritiske til handsaminga som har skjedd internt på høgskulen, var det fleire i styret som uttrykte at det ikkje var kulturnæringshagen dei var kritiske til. Som Khrono har skrive, har dagleg leiar der, Martin Foldal, uttrykt at dei ikkje har tent pengar på avtalen med høgskulen.

Høgskulestyret har neste ordinære møte 5. september.

Powered by Labrador CMS