samordna opptak

I fjor var det ingen som fylte lærarplassane. No håpar dei at trenden snur

Lærarutdannarane er usikre på korleis årets søkjartal til lærarutdanninga vert. Men for lærarstudent Christopher Aadna er det ikkje tvil: Han skal vera lærar resten av livet.

Christopher Aadna er andreårsstudent og har allereie jobba som ufaglært lærar. Nika Sabetrasekh gjekk rett frå vidaregåande skule til lærarutanning. Ho er heilt sikkert på at dette er rett utdanning for henne.

«Bli lærer, da vel!»

Slik marknadsfører Nasjonalt prosjekt for lærerrekruttering seg i VG. Det nasjonale prosjektet skal jobba for å få fleire søkjarar til lærarutdanning. Eit anna mål er å få eit større mangfald blant tilsette i barnehage og skule.

Prosjektet vart starta allereie i 2019. Då var søkjartala til dei ulike lærarutdanningane på veg nedover. I 2023 klarte heller ikkje dei store utdanningsinstitusjonane i dei største byane å fylla alle studieplassane sine.

— Me drøymer om at pila skal peika oppover, men er førebudde på at det kan ta lenger tid å snu situasjonen me er inne i.

Det seier Vibeke Bjarnø, instituttleiar ved Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning ved OsloMet.

Bjarnø viser til at synkande søkjartal til lærarutdanningane er ein internasjonal trend, der mellom anna Sverige og Danmark allereie har hatt fleire år med dårlege søkjartal.

— Når me spør dei som studerer hos oss, svarar dei at dei har valt lærararyrket fordi dei ønskjer å jobba med barn og unge, og dei ønskjer ein meiningsfull jobb. Ein veit at i urolege tider er det mange som ønskjer seg til trygge stillingar i stat og kommune. I gode tider er det annleis, seier Bjarnø.

Vil vita meir om kva som avgjer valet

Ingvild Brekke Myhre er seniorrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), med hovudarbeidsstad på Stord. Ho leier det nasjonale rekrutteringsprosjektet, som no har kome inn på statsbudsjettet.

— For HVL var det først Stord, og deretter Sogndal, som merka ein nedgang i søkjartal. I fjor kom denne trenden òg til Bergen, seier Myhre. 

Ho seier at det nasjonale prosjektet skal arbeida med å styrka kunnskapsgrunnlaget som kan bidra til auke i rekrutteringa til lærarutdanningane og læraryrket, og arbeida med tiltak som er relevante for fleire av lærarutdanningsinstitusjonane og for andre aktørar som har ansvar for rekruttering av barnehagelærarar og lærarar til skulen.

— Kva er det som gjer at unge ikkje vel læraryrket?

— Me veit for lite om dette. Som lærar er det enkelt å få jobb og ein kan bu kor som helst. Eg trur det handlar om både korleis media framstiller læraryrket og om korleis ein lærarprofesjonen framstiller seg sjølv. Kva oppfatningar finst om læraryrket? Ei av dei er at lærarar tener dårleg. Det stemmer ikkje, seier Myhre. 

Ho legg til at løn er relativt.

— Men nyutdanna lærarar får ei rimeleg god startløn med om lag kr 600 000.

Rekrutteringsprosjektet nyttar mellom anna det dei kallar rollemodellar, som er aktive lærarstudentar. Dei fortel historia si: Kvifor valde dei lærarutdanning?

— Ofte handlar det om kva røynsler ein har sjølv. Kanskje har ein fått prøva seg som vikar, eller kanskje hadde ein ein lærar som gjorde ein skilnad for ein sjølv. Desse rollemodellane nyttar me når me er på utdanningsmesser og skulebesøk.

Bildet viser Ingvild Brekke Myhre inne på HVLs campus i Bergen. Studenter sitter i bakgrunnen
Ingvild Brekke Myhre leier det nasjonale prosjektet som skal få fleire til å velja lærarutdanning.

Fornøgde lærarstudentar

To studentar som er sikre på at dei har teke eit rett val, er OsloMet-studentane Christopher Aadna (32) og Nika Sabetrasekh (19).

Aadna går andre året på grunnskulelærarutdanninga for elevar på 5. til 10. trinn. OsloMet-studenten er heilt overtydd om at læraryrket er rett for han.

— Eg er fast bestemt på at eg skal vera lærar resten av livet. Det er nok nesten ingenting som kan endra synet mitt på læraryrket. Eg er veldig positiv til alt rundt det å vera lærar, og til sjølve lærarutdanninga.

Han grunngir den skråsikre haldninga med at han allereie har jobba seks år som lærar i engelsk i Burma, og at han jobbar som lærarvikar på sida av studia.

— Eg likar læraryrket fordi eg trivst med å formidla kunnskap til barn og unge og gjera det på ein måte som dei forstår. Det er også kjekt å jobba med andre i yrket som brenn for akkurat det.

For førsteårsstudent Sabetrasekh har valet falle på grunnskulelærarutdanninga fordi ho synest det er eit av dei mest meiningsfylte yrka.

— Eg har alltid hatt lyst til å verta lærar, og det er ingenting anna som eg føler passar for meg. Det er eit utruleg givande og viktig yrke, der eg ikkje ser for meg at det kjem til å verta ein einaste kjedeleg dag.

— Kan de tilrå å verta lærarstudent?

— Ja! svarar begge.

Christopher Aadna (til venstre) ønskjer å ta fokuset bort frå alt det negative ved læraryrket. — Det er ein grunn til at ingen trivst der. Eg vil at fokuset skal verta meir på dei positive sidene ved læraryrket. Her saman med Nika Sabetrasekh.

Søkjartalet gir ingen fasit

Asle Holthe er lærardekan ved HVL, og som kollega Bjarnø i Oslo er han spent på kva søkjartala viser i år.

— Me har sett ein nedgang dei siste to åra. Eg håpar først og fremst at nedgangen stoppar. Det er ikkje noko i samfunnet elles som har endra seg sidan i fjor, arbeidsløysa er til dømes framleis låg.

15. april er søknadsfristen. Men denne datoen er berre ein av fleire komponentar som har noko å seia for kor mange studentar som faktisk møter til studiestart.

— Søkjartalet seier ikkje noko om kor mange som faktisk er kvalifiserte for grunnskulelærarutdanning. Deretter kan søkjarane omprioritera søknaden sin fram til 1. juli. Neste spørsmål er om dei tek imot plassen, og så om dei møter til studiestart. Så sjølv om me ikkje får fleire søkjarar i år kan me sitja att med fleire studentar enn i fjor, seier Holthe.

Ikkje berre utdannings­institusjonane sitt ansvar 

Vibeke Bjarnø peikar på det ho tidlegare òg har sagt til Khrono: Det er ikkje utdanningsinstitusjonane åleine som kan ta ansvar for rekrutteringa til lærarutdanninga.

— Me må ha andre yrkesgrupper inn i skulen, som kan ta seg av dei utfordringane skulen står oppe i, slik at lærararne kan gjera det dei er utdanna til: Nemleg å vera lærar, sa ho til Khrono hausten 2023.

— Me må ansvarleggjera både styresmakter og skuleeigarar, seier ho no, og viser til den nye strategien for rekruttering til læraryrket og lærarutdanninga, som regjeringa la fram i vinter. Her vert det lista opp kva ansvar dei einskilde aktørane, som statlege styresmakter, partane i arbeidslivet og UHR, lærarutdanning, skal ha.

Ansvarleggjering er prosjektleiar Myhre samd i. Ho uroar seg over at mange som er utdanna lærarar ikkje jobbar i skulen.

— Skuleeigar må legga til rette for ein god overgang for nyutdanna lærarar. Dei bør få ein mentor og ha fast struktur på rettleiinga, og ein bør tenkja over kva klasse ein plasserer dei i. I tillegg bør fagforeiningane rettleia nyutdanna i kor mykje dei faktisk skal jobba. Ein må unngå at arbeidsmengda vert for stor, seier Myhre, som sjølv har mange års røynsle som grunnskulelærar.

Også Holthe er oppteken av at det ikkje er utdanningsinstitusjonane åleine som kan ta ansvar for rekrutteringa.

— Rekruttering til utdanninga går gjennom yrket. Det er òg viktig å hugsa på at alle som søkjer seg til lærarutdanning sjølve har gått 13 år på skulen.

Flyttar utdanning frå campus

For to år sidan starta Nord universitet LæreriNord-prosjektet. Her handla det særleg om å få ufaglærte, med jobb i barnehage eller grunnskule, til å få formell kompetanse.

— Me håpar å dobla talet på søkjarar som kjem frå LæreriNord i år, seier Nina Kjeøy.

Ho er teamleiar for kommunikasjon og leier LæreriNord-satsinga.

Representantar frå universitetet har vore i alle kommunar i Nordland og i tillegg besøkt ein god del kommunar i Trøndelag. Målgruppa er delt i to: Tilsette i barnehage og skule som ikkje har formell utdanning, og i tillegg unge som ikkje ønskjer å flytta kjempelangt for å ta utdanning.

— Mange av kommunane er engasjerte. Dei har stort behov for både barnehage- og grunnskulelærarar, seier Kjeøy.

Mange av dei som vert rekrutterte via LæreriNord-satsinga ønskjer å ta ei nett- og samlingsbasert utdanning. Kjeøy seier at heile tanken bak satsinga er at det ikkje berre er lærarutdannarane som skal ta ansvar.

— Frå hausten flyttar me tjue barnehagelærarplassar frå campus i Levanger og til eit nett- og samlingsbasert tilbod i Nærøysund. Kommunen der har sagt at dei har eit stort behov for barnehagelærarar, og i tillegg har dei eit fødselsoverskot. Me har sagt at dette er eit tilbod me kjem til å ha der ein gong, og at for å starta opp må kommunen skaffa oss minst tjue studentar.

Prosjektet LæreriNord starta for to år sidan. Nord universitet har i år reist rundt til alle kommunar i Nordland for å rekruttera lærarstudentar. Dette biletet er frå Meløy kommune i 2023.

Vil har leiarar som heiar  

Ingvild Brekke Myhre seier ja takk både campus- og nettbaserte utdanningar.

— Det er viktig å sikra gode campustilbod, og majoriteten av studentane bør studera her. Men ein bør ha andre tilbod i tillegg, seier Myhre.

Ho seier at dei som alt arbeider i barnehage og skule som ufaglært, er gode kandidatar for å ta ei lærarutdanning. 

— Dei kjenner arbeidskvardagen og er motiverte for å halda fram i arbeidet, men av ulike grunnar verken vil eller kan dei flytta. Då må det vera fleksible studietilbod som passar for folk som bur ulike stader i landet, seier ho.

Men om ein skal ta ei utdanning på fem år, krev det noko å få det til.

— Ein må mellom anna ha leiarar som heiar på ein, dersom ein allereie er i jobb.

— Kva trur du om årets søkjartal?

— Eg er nøktern. Men eg håpar trenden har snudd.  Det vert jobba med fleire nasjonale og regionale tiltak, men det er eit langsiktig arbeid som det vil ta tid før me ser resultata av.

Søk i god tid 

Samordna opptak melder på sine nettsider at ein i år kan velja mellom 1364 studium ved 27 universitet og høgskular, og 496 studium ved 26 fagskular.

I fjor var det 135.980 søkjarar som ønska å ta høgare utdanning, ein auke på om lag tusen søkjarar samanlikna med 2022. I 2021 var talet rekordhøgt, med over 150.000 søkjarar.

Dag Hovdhaugen, divisjonsdirektør for godkjenning og opptak hos Samordna opptak, skriv i ein e-post til Khrono at dei trur søkjartalet har stabilisert seg på nivå med før pandemien.

— Er det mange som allereie har søkt?

— Søkjarar kan endra eller trekka søknaden sin så mange gongar dei ønskjer fram til frisen. Difor ser me ikkje på kor mange som har søkt før fristen, seier Hovdhaugen.

I 2021 var det problem med å få logga inn på nettsida til Samordna opptak like før fristen gjekk ut. Søknadsfristen vart difor forlenga.

— Har de sikra dykk mot at systemet går i kne når landets 18- og 19-åringar skal logga inn samstundes?

Det er Sikt som har ansvar for dei tekniske systema, svarar Hovdhaugen.

— Me tilrår uansett å registrera søknaden i god tid før fristen. Det kan skje at andre system me ikkje har kontroll over, som BankID, ikkje er tilgjengeleg akkurat når ein vil registrera søknaden sin. 

Powered by Labrador CMS