Høgskulen i Volda

Høgskulestyret sa opp direktøren i lukka møte

Eit samrøystes styre sa denne veka opp direktøren ved Høgskulen i Volda.

Ann Kristin Emblem, direktør ved Høgskulen i Volda, vil ikkje godta oppseiinga ho har fått.
Publisert Oppdatert

Ann-Kristin Emblem mistar jobben som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda. Det skriv avisa Møre-Nytt.

Avgjersla vart tatt i eit lukka, ekstraordinært møte tysdag 23. april, ifølgje avisa. 

Emblem har jobba som direktør ved høgskulen sidan hausten 2022.

Til Møre-Nytt seier Emblem at ho ikkje kjenner seg igjen i skuldingane og at ho kjem til å klage på oppseiinga til Kunnskapsdepartementet. Ho er også kritisk til saksgangen, og meiner at konfliktane kunne ha blitt løyst med dialog.

Vil klage

Emblem hevdar styret ikkje har tatt kontakt med henne sidan før jul.

Ifølgje ei pressemelding frå Høgskulen i Volda har Emblem fått høve til å uttale seg  «før oppseiing vart vedteke – både sjølv og gjennom advokat. Ho har også fått møte styret og gitt sin munnlege versjon».

Vedtaket var einstemmig.

I pressemeldinga frå Høgskulen i Volda heiter det «at styret og direktøren har ulike og motstridande syn i fleire viktige saker. Summen av desse sakene gjer at styret ikkje lenger har tillit til direktøren».

Til Khrono seier fungerande styreleiar ved Høgskulen i Volda, Silje Louise Dahl, at ho ikkje ønskjer å kommentere Emblems påstandar om at ho ikkje er blitt kontakta.

— Det har vore ei vanskeleg sak å handtere. Vi har hatt veldig mange møter, for å vere sikre på at vi handterer saka på rett måte, seier Dahl.

Langvarige konfliktar

Som Khrono har skrive dei siste månadane, har det lenge vore konfliktar ved Høgskulen i Volda: 

Fagforeiningar har levert varsel mot både høgskuledirektør og studiedirektør, høgskuledirektøren får kritikk for å ha blanda seg inn i eit forskingsprosjekt. Det har vore fleire ekstraordinære styremøte i samband med konfliktane.

Høgskuledirektøren skal mellom anna  ha prøvd å stoppe ei spørjeundersøking som vart sendt ut til tilsette ved høgskulen. Dette skjedde etter at rektor Odd Helge Mjellem Tonheim hadde sagt ja og undersøkinga var sendt.

Khrono har kontakta høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. Ho ønskjer ikke å kommentere saka.

Saka er oppdatert 26.4.2024 kl. 12.37 med kommentar frå Silje Louise Dahl. 



Powered by Labrador CMS