regjeringa

Gir 50 millionar til studiesenter: — Manglar lærarar og sjukepleiarar

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) seier at regjeringa vil sikre utdanninga av arbeidskrafta ein treng i Noreg framover.

Oddmund Hoel avbildet foran en tavle.
Oddmund Hoel peikar på at det er mangel på lærarar og sjukepleiarar i landet når han no offentleggjer kva for studiesenter som får tilskot frå regjeringa.
Publisert Oppdatert

Regjeringa gir no tilskot til 31 studiesenter i heile Noreg. Sentera er etablerte i tett samarbeid med lokalt næringsliv, kommunar og fylkeskommunar slik at dei best mogleg møter regionale behov.

Det skriv regjeringa i ei pressemelding.

Sjå kven som får kva i tabellen nedst i artikkelen.

— Vi må sikre utdanning av arbeidskrafta vi treng i Noreg framover. Vi manglar blant anna både lærarar og sjukepleiarar. Derfor held vi fram med å styrke fleksible og desentraliserte utdanningstilbod slik at endå fleire kan ta ei utdanning der dei bur, uttalar forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Det er sentera sjølv som har søkt om pengar.

Samiske søknadar

Sveinung Skule er direktør for Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som er instansen som har handsama årets søknadar. Han melder om gode søknadar:

— Vi opplever at alle jobbar etter føremålet om å tilby kompetanseheving tilpassa regionale behov og kompetanseplanar, seier Skule, som særleg gler seg over fleire samiske søknadar dette året.

— Samiskspråkleg utdanning vert styrka med tildeling av driftsmidlar til tre studiesenter i Nord-Troms, Helgeland og Oslo. Vi veit det er behov for samisk kompetanse, som å beherske samisk språk godt og god kulturforståing, seier Skule.

— Gode på å rekruttere folk

Ifølge regjeringa bidreg pengane frå dei til at fleire kan ta desentralisert utdanning ved universitet, høgskular eller fagskular utan å flytte eller reise langt.

— Studiesentera er gode på å rekruttere folk som elles ikkje ville søkt kompetanseheving. For mange er det avgjerande at dei kan kombinere studiane med jobb og familie.

— Eg vil at alle skal ha same moglegheit for karriereutvikling og livslang læring, same kvar i landet du bur, seier Oddmund Hoel

Desse får pengar til studiesenter

Studiesenter Fylke Tildeling 2023 Tildeling 2024 Tildeling totalt
Østre Agder IPR, Studiested Østre AgderAgder433 500375 088808 588
Studiesenteret Lister kompetanse ASAgder2 542 1962 009 4004 551 596
Setesdal IPR, studiested SetesdalAgder590 750509 0481 099 798
Gardermoakademiet ASAkershusIkkje søkt1 942 4201 942 420
Utdanningssenteret på GeiloBuskerud2 136 4701 660 2963 796 766
Sør-Varanger utvikling, Øst-Finnmark kunnskapssenterFinnmark935 0002 009 4002 944 400
Pro Barents AS, studiesenter HammerfestFinnmark1 190 0001 741 4802 931 480
Tynset studie- og høgskolesenterInnlandet2 550 0001 674 5004 224 500
Høgskolesenteret i KongsvingerInnlandet2 550 0002 009 4004 559 400
Studiesenteret RKK VefsnNordland2 550 0002 009 4004 559 400
Studiesenter KiGOKNordland2 537 7181 895 5344 433 252
Kunnskapsparken Helgeland, Ditt studiesenterNordland2 550 0002 009 4004 559 400
RKK studiesenter VesterålenNordland2 499 8501 661 4394 161 289
Studiesenter RKK Ytre HelgelandNordland2 550 0002 009 4004 559 400
Sami viessu Oslo OS/Samisk hus Oslo ASOsloIkkje søkt267 920267 920
Dalane utdanningssenterRogaland2 023 0002 009 4004 032 400
Ryfylke IKSRogaland2 550 0002 009 4004 559 400
Nissedal kommune, Nissedal studiesenterTelemark423 780773 7531 197 533
Gaivuona suohkan Kåfjord kommune Kaivuonon komuuniTromsIkkje søkt1 172 1501 172 150
Studiesenteret Midt-Troms ASTroms1 126 250977 9082 252 500
Campus Nord-Troms ASTroms2 776 3502 009 4004 785 750
Namdal regionråd, Namdal studiesenterTrøndelag2 503 2502 006 0514 509 301
Midtre Gauldal Kommune, Studiesenter Trøndelag SørTrøndelag1 275 0001 868 7423 143 742
Skaun Kommune, studiesenter Trøndelag SørvestTrøndelag1 007 2502 009 4003 016 650
Prios Kompetanse ASTrøndelag1 912 5001 808 4603 720 960
Fosenregionen IPR, Fosen studiesenterTrøndelag1 950 7501 798 4133 749 163
Grønt kompetansesenter TrøndelagTrøndelagIkkje søkt664 777664 777
Gloppen Kommune, Nordfjord studiesenterVestland1 255 4501 963 4683 218 918
Sogn Kompetanse ASVestlandIkkje søkt2 002 3672 002 367
Hardanger og Voss næringshage ASVestlandIkkje søkt1 132 6831 132 683
Aksello AS, studiesenter KystenVestland2 550 0002 009 4004 559 400

Kjelde: Regjeringa

Powered by Labrador CMS