Høgskulen i Volda

Direktør tok oppgjer i styre­­møtet: — Eg vert gjeta av rektor

Forholdet mellom rektor og direktør ved Høgskulen i Volda er krevjande. — Det er inga sjølvstende i den jobben eg sit i, sa høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem til høgskulestyret, før ho gjekk frå styremøtet.

Biletet viser ein mann og ei kvinne, under eit styremøte. Dei sit ved møtebordet.
Direktør har lovfesta plikt til å informera rektor. Det har ikkje vore min intensjon å ikkje informera henne, og viss ho opplever det vil eg beklaga det, sa rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem sa i styremøtet at ho ikkje får informasjon om kor rektoratet er.

Studiedirektøren ved Høgskulen i Volda (HVO) har slutta og fått med seg ein sluttpakke. Som Khrono har skrive, visste ikkje rektor om at studiedirektøren hadde sagt opp. Han fekk heller ikkje innsyn i sluttavtalen, før Khrono bad om innsyn i han.

Dette kjem fram i ei ekstra sak til høgskulestyret 5. september.

Saka var fremja og førebudd av rektor, og det heiter i innleiinga at direktøren ikkje ville førebu saka. I saka heiter det at «sluttavtalar har fått stor merksemd i ålmenta, og fleire institusjonar har vorte kritiserte for å overskride eigne fullmakter på dette området. For at rektor skal kunne kontrollere at Høgskulen i Volda held seg innanfor regelverket på dette området er det naudsynt å både verte orientert om denne typen avtalar og få innsyn i dei».

I styremøtet tok direktøren eit oppgjer med rektor og styret. Etter at styret lenge hadde drøfta saka bak lukka dører, vart møtet opna. Rektor innleia med å seia at det er svært vanskeleg for han å ta vare på den kontrollfunksjonen rektor har på vegner av styret.

— Eg ber om klare retningslinjer for korleis kontrollfunksjonen skal praktiserast framover. Det er openbert at dette er ein ny praksis, og framand for meg, sa direktøren då ho fekk ordet.

Ho heldt fram:

— Eg vert gjeta dagleg. Det er ingen sjølvstende i den jobben eg sit i. Direktør er direkte underordna rektor som utfører styret sine kontrolloppgåver på detaljnivå.

Tidlegare rektor: Ein har leia i lag

Som kjent har styret ved høgskulen sagt opp høgskuledirektøren, og Kunnskapsdepartementet har hatt møte med høgskulen for å drøfta utfordringane i leiinga

I tilbakemelding frå etatsstyringsmøtet med departementet, som òg var ei eiga sak i styremøtet, heiter det at «HVO er for tiden i en krevende ledelsesituasjon som departementet oppfatter at tar oppmerksomhet bort fra det å drive høgskolen. Departementet forventer at styret følger denne situasjonen tett og sikrer forsvarlig drift. Departementet vil ta initiativ til videre dialog med høgskolen høsten 2024».

Per Halse har vore både rektor og direktør ved HVO. Han svara på direktøren sitt innlegg.

— Eg har vore med på mykje i denne organisasjonen i lang tid, og slik eg ser det, er det noverande direktør som ønskjer ny praksis. Det har vore sjølvsagt at ein er ei leiing i lag, sa Halse.

Han sa at det ikkje burde vera slik at styret måtte drøfta saker som den i dag.

— Til vanleg ville det vera sjølvsagt for styreleiar å få vita til dømes at nokon har sagt opp. Skal den delte leiinga i sektoren vår fungera, føreset det dialog på topplan.

Næringslivskvinne Kjersti Kleven, med mykje røynsle både som leiar og frå styrearbeid, støtta Halse.

— Sjølv om ein har fullmakter så er det heilt naturleg at ein i toppleiinga orienterer kvarandre. Sjølvsagt er det ting ein kan gløyma å informera om, men når ein av saklege grunnar ber om å få ei orientering om ting, må ein få det. Dette er kritisk for å kunne ha ei dagleg leiing, sa ho.

Oppmoda til å sjå heilskapen

— Eg oppfattar at signala går ein veg, sa Emblem, og oppmoda styret til å sjå på ein heilskap.

— No har rektor i månadsvis ikkje villa hatt møte med meg, fordi eg har sagt at eg ikkje vil møta rektoratet åleine. Og denne veka har rektoratet vore vekke tre dagar, utan at eg har hatt informasjon om kor dei har vore.

Rasmus Stokke understreka at informasjonen må gå att og fram.

— Det er veldig viktig for oss i styret å få innsikt i at dette ikkje har funka, sa han.

— Rektor opplever å vera motarbeidd når han spør om info, og det gjer dette annleis at enn ein gløymer å informera, sa Randi Bergem.

Før styret tok pause lufta ho eit vedtaksforslag i retning av at «styret meiner kritikkverdig at rektor har vorte motarbeidd». Etter at styret hadde hatt pause, mellom anna for å kunne arbeida fram konkrete forslag til vedtak, møtte ikkje direktøren.

Stolen til direktøren stod tom etter at styret hadde hatt pause .

Vedtok utveksling av informasjon

Fleire av styremedlemmene sa at det eigentleg ikkje burde vera naudsynt å fatta eit vedtak i ei slik sak. Styret drøfta òg kor spesifikke dei skulle vera. Til slutt vedtok det følgjande formulering: «På bakgrunn av saksframstillinga, understrekar styret kor viktig det er at leiinga ved HVO utvekslar informasjon i vesentlege saker».

Dette vart vedteke mot ei røyst.

Powered by Labrador CMS