medieforsking

Denne veka skal forskaren i gang med den årlege ekstremsporten

Det kan ta meir enn to år frå idé til publiserte forskingsresultat. Men når medievitar Erik Knudsen jobbar med Medieundersøkelsen, må alt gjerast på nokre månader.

Eg kan og kunne mykje om surveyforsking, og eg har stått på ei scene før, seier førsteamanuensis Erik Knudsen. 2. mai presenterer han den årvisse Medieundersøkelsen.

— Offentlegheita viser ofte berre kven som skrik høgast, seier Erik Knudsen.

Når Nordiske Mediedager startar onsdag denne veka, skal Knudsen i elden — slik han var i fjor og året før der og året før der.

Førsteamanuensen i medievitskap, som særleg forskar på mediebruks- og publikumsforsking, skal presentera den store Medieundersøkelsen. Kvart år, heilt tilbake til 1999, har representantar for journalistar, redaktørar og dei som vert kalla publikum svara på mellom anna om dei har tillit til media. 

Dette gir unike, langsiktige data, seier forskaren, der ein mellom anna kan seia noko om dei som skrik høgast har rett.

— Nokre av spørsmåla som vert stilte, har vorte stilte heilt frå 1999. Eg har funne data tilbake til 2005, seier Knudsen.

Det var professor Frank Aarebrot som saman med Thore Olaussen i Respons Analyse og Torgeir Foss i TV 2 som starta undersøkinga. Verken Aarebrot eller Foss lever lenger, og Knudsen presenterte si første medieundersøking i 2018.

— Undersøkinga har gitt gode data, og har vore utgangspunkt for forsking som har vore publisert på nivå 2. Det er òg mange studentar, både på bachelor- og masternivå, som tek kontakt og vil ha data dei kan bruka i oppgåvene sine, seier Knudsen.

Har stilt amerikanarar spørsmål

Men så var det igjen dette med dei som skrik høgast:

— Me høyrer gjerne om media si tillitskrise, men tilliten til norske media har ikkje gått ned dei siste åra, slår førsteamanuensen fast, og legg til at det er eit anna inntrykk enn ein kan få — kanskje nettopp gjennom media.

Han viser ein graf som tydeleg viser at tilliten gjekk ned i 2019, då det som vart kalla VG-saka var mykje omtala. Kort fortalt handla det om Trond Giske, nokre videoar og om korleis VG-redaksjonen handsama denne saka.

Men seinare har det vore ein auke; først under pandemien og seinare då Russland invaderte Ukraina. 

I år ser ein ein markant nedgang. Men nettopp fordi ein har ein tidsserie som strekkjer seg til 2005, ser ein at det som skjer er ein slags korreksjon tilbake til det som må kunne kallast eit normalnivå, forklarar Knudsen.

— Dersom ein hadde hatt data berre for tre-fire år, hadde ein ikkje skjønt kva som skjer med tilliten i år. Det at ein har data for så mange år gir ein unik sjanse til å seia noko om kva som er normalnivået, seier Knudsen.

I 2016 la Aarebrot inn eit spørsmål om ytringsfridom. Det har òg vorte med i undersøkinga fleire år etter det, og det er interessant å sjå på korleis haldningane her endrar seg, seier førsteamanuensen.

— I år har me også stilt amerikanarar spørsmål til undersøkinga. Frå USA vert det rapportert om fallande tillit, og mange av omgrepa som òg vert nytta i norsk debatt og i norsk akademia, som «ekkokammer», «kansellering» og «safe spaces», kjem i alle fall frå USA, seier Knudsen.

Frank Aarebrot hadde presentasjonen under Nordiske Mediedager frå 1999. Dette biletet er frå 2017.

Journalistar — og forskarar — sitt storting

Medan undersøkinga i år då, ikkje heilt ulogisk, har fått tittelen «amerikanske tilstandar», har ein dei siste åra mellom anna sett på svenske tilstandar, på kva dei unge vil ha og på klimaforskarar og det dei formidlar. I tillegg har ein sett på om journalistar har god nok forståing for kva det faktisk vil seia å ha lite pengar.

Til det siste er svaret truleg «nei».

— De er ei frykteleg homogen gruppe, de journalistar, seier Knudsen og humrar.

Han fortel om det som kvart år får mediemerksemd: Korleis ville Stortinget sett ut dersom det berre var journalistar hadde hatt røysterett?

I alle fall annleis. Raudt og MDG hadde vore større, og Frp hadde knapt nok eksistert.

— Men hadde det vore veldig annleis om det var de forskarar som vart spurde?

— Nei, undersøkinga vår frå 2022 viser at medlemmene i Forskerforbundet er raudare enn journalistar, seier Knudsen.

— Usikkerheit er usexy

Når mediedagane vert avslutta, er det ikkje lenge før Knudsen byrjar å tenkja på neste års undersøking. Sjølve spørjeskjemaet vert sendt ut på nyåret.

Han måtte gjera ting på sin måte, sa Knudsen til Khrono då han meir eller mindre fekk kasta eit ferdig opplegg i fanget hausten 2017. Sidan den gongen har han vorte tryggare, og har òg mellom anna jobba mykje med presentasjon.

— Det går an å visa statistikk på ein annan måte enn i excel. Samstundes er det viktig å få fram statistisk usikkerheit. Her har media vorte flinkare dei siste åra, det er ikkje lenge sidan ting vart presentert som ei stor endring — som låg godt innanfor feilmarginen. Men usikkerheit er jo noko usexy …

Når Knudsen køyrer eigne forskingseksperiment, gjer han det gjerne gjennom Norsk medborgarpanel.

— Då tek det gjerne fleire månader før eg kjem i gang med analysen, og kanskje meir enn to år før resultata vert publiserte. No har eg nokre veker på meg, til å vaska resultata, gjera analysane og skapa eit narrativ som fengjer, seier han.

— Eigentleg er det ekstremsport.

Powered by Labrador CMS