Ønskjer opne dører
Det kan virke som at mange studentar var så nøgde med å ha kome inn på det dei oppfatta som eit prestisjefylt studium eller institusjon – og at dei kjende seg forplikta til å seie at dei alt i alt var nøgde – sjølv om undervisninga og oppfølgjinga ikkje nødvendigvis var så god.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) presenterte onsdag 14. september nye analysar frå Studiebarometeret 2015 på eit frukostmøte på NTNU i Trondheim.
Presentasjonane frå møtet er ikkje tilgjengelege på NOKUTs nettsider i skrivande stund, men ut frå det som eg oppfatta på møtet er det mykje som virkar svært interessant og relevant for alle i høgare utdanning. Så får eg vere open for at eg kan ha mistyda detaljar.
Hovudtema for møtet var ei gåte for NOKUT:
Kvifor er mange studentar nokså nøgde med studiet sitt – trass i at dei fortel om få tilbakemeldingar? Ein skulle tru at få og dårlege tilbakemeldingar og lite rettleiing ville gi dårlege vurderingar av studium og institusjonar – men mange studentar rapporterer altså om at dei likevel er nokså nøgde med studiet og studiestaden.
NOKUT såg nærare på tala og gjorde også nye studiar for å finne ut kva dette handla om. Blant anna har NOKUT i Studiebarometeret for 2015 spurt studentane om kor mykje rettleiing og tilbakemeldingar dei har fått, for å betre kunne seie noko om samanhengen mellom studentanes heilskapsvurdering og faktisk innhald i studiet.
Vonleg vil høgskule-kulturen påverke NTNU samla sett til å bli betre.
Johann Roppen
For det første kan det sjå ut til at studentar flest hadde få eller ingen forventningar på førehand til å få særleg med rettleiing og tilbakemelding før dei tok til på høgare utdanning. Så forventningane på førehand var låge.
Overordna sett fann NOKUT ut at det er omfang, kvalitet og engasjement i tilbakemeldingane frå fagmiljøet som er viktigast. At studantane kjende seg inkluderte i fagmiljøa tel også sterkt positivt.
NOKUT-tala tyder på at institusjonsstorleik ikkje gir noko god forklaring på heilskapsinntrykk av utdanninga. Studentar på store og små utdanningar er overordna sett like nøgde. Men kanskje av ulike grunnar?
Enkelt sagt kan det kanskje virke som at mange studentar var så nøgde med å ha kome inn på det dei oppfatta som eit prestisjefylt studium eller institusjon – og at dei kjende seg forplikta til å seie at dei alt i alt var nøgde – sjølv om undervisninga og oppfølgjinga ikkje nødvendigvis var så god.
I eit tidlegare blogginnlegg har eg notert meg at også kunnskapsministeren har omtala ideal for undervisning i høgare utdanning som er godt i samsvar med det som blir tilbode på mindre utdanningar og studiestader, som Høgskulen i Volda alltid har stått for: Sterkt engasjement for undervisning og kort avstand mellom studentar og lærarar.
Det kan også vere verd å merke seg at NOKUT fann ut at historisk-filosofiske fag og språkfag var blant studia der studentane både var mest nøgde og også fortalde om mest og best oppfølgjing.
Særskilt for NTNU synte resultata at studentane på dei tre tidlegare høgskulane – særleg Høgskolen på Gjøvik – rapporterte om betre resultat enn den Gamle NTNU. Så vonleg vil høgskulekulturen påverke NTNU samla sett til å bli betre. Faren er naturlegvis at sidan dei tre mindre høgskulane har blitt fusjonerte inn i NTNU og på dei fleste måtar må tilpasse seg den store institusjonen så vil også «Gamle NTNU»s arbeidsmåtar og ideal også påverke den nye organisasjonen mest.
NTNU-rektor Gunnar Bovim ser ut til å vere klar over utfordringa knytt til undervisning og har i det siste teke til orde for å oppgradere statusen til undervisning på institusjonar innanfor høgare utdanning.
Sjølv tykkjer eg at kommentarane frå eit lite studentpanel oppsummerte sine forventningar med å seie at det er viktig å ha opne dører og låge tersklar og at det er akseptert at studentane kan gå direkte til lærarar eller andre fagtilsette for å få tilbakemelding og hjelp.
Dette var også eit hovudtema i opningstalen min hausten 2016 – og eit teikn på at Høgskulen i Volda og vår måte å arbeide på har ein viktig plass i høgskulenoreg.
(Innlegget er først publisert på Rektors blogg).
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!