Niqab og høgare utdanning

Dei praktiske utfordringane ved bruken av andletdekkjande plagg let seg løyse, meiner studentprestane i Den norske kirke, og ønskjer ikkje forbod mot niqab ved norske lærestader.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I desse dagar er det ein debatt på alle dei høgare læresinstitusjonane om bruken av anletdekkjande plagg. Eller niqab, om vi skal kalle ei spade for ei spade. Vi helsar denne samtalen velkomen. I Noreg har staten ein open og aktiv religionspolitikk. Alle dei høgare lærestadene legg til rette for studentane sin tru- og livssynspraksis, gjennom mellom anna kapell, mosalla, rom for tro og tanke og gjennom studentforeningane. For dei studentane som har eit aktivt forhold til livssynet sitt er det viktig å kunne velje fellesskap og tilrettelagte rom på lærestaden.

I samtala om kvinner kan være niqab og samstundes ta høgare utdanning har det vore føreslått eit forbod og at departementet skal stå for eit slikt forbod slik lærestadane skal sleppe å nytta tid på det. Etter vår meining vil eit forbod bryte med heilt fundamentale rettar om tru og livssynsfridom, og lik rett til utdanning. Samtala om kvar desse rettane står i konflikt må finne stad. Den tar tid – men lærestadene må være tru mot si oppgåve: Nemleg å møte unge menneskje sin vilje til å søke kunnskap og utdanning positivt.

Det ikkje vår oppgåve å forsvare plagget niqab. Men det er vår oppgåve å halde grunnleggjande verdiar i hevd. Lik retten til utdanning er ein slik verdi. I følgje FN si menneskerettserklæring artikkel 26 skal ikkje etnisitet, språk, kjønn, religion, politisk oppfatning, nasjonalt eller sosialt opphav eller annan status vere til hinder for utdanning. Grunnlova §2 seier at alle borgarar har fridom til å utøve sin religion, artikkel 9 i menneskerettskonvensjonen om «Tanke-, samvittighets- og religionsfrihet» og artikkel 18 i FNs konvensjon om sivile og politiske rettar er grunnleggjande rettar som lærestadane er forplikta på.

Dei praktiske utfordringane ved bruken av andletdekkjande plagg let seg løyse. Det gjeld trygg identifisering der lærestaden treng det, som på eksamenar, og ved tilgang til bygg og stader som krev særleg sikkerheit. Tryggheit skal ivaretakast og har sjølvsagt prioritet over religiøse behov. Ikkje noko trus- eller livssynssamfunn ville være usamde i det.

Andletet har stor betydning for kommunikasjon. Det kjem vi ikkje unna. Men vi trur at vi tåler nokre kvinner i mellom oss med niqab. Kvinnene vel eit plagg som provoserer mange. Det veit også dei som bærer det ved lærestadane. Studiestadane bør vere ein god stad for refleksjon over eiga rolle i framtidig yrkesutøving for alle studentar.

Etter vår meining vil eit niqab-forbod bryte med heilt fundamentale rettar om tru og livssynsfridom, og lik rett til utdanning. 

Bjørn Eirik Bjerkreim-Bentzen, Arne Jor, Inger Anne Naterstad og Anne Anita Lillebø

Om ei kvinne i niqab til dømes vel å bli pedagog eller lærar skal ho reflektere over korleis ho kan være ein trygg vegleiar for born og foreldre som ikkje er vane med ansiktsdekkjande plagg. Denne samtala må skje med verdigheit på fleire stader i samfunnet; i den kritiske samtala mellom lærar og student, mellom studentar som sjølv bærer niqab og hjå den som kjenner provokasjonen dette plagget kan skape.

Samtala føregår no i offentlegheita, på lærestadane og mellom muslimar. Kvaliteten på samtala mellom oss alle fortel kven vi er og kva samfunn vi kan klare å skape. Vi meiner forbod er ikkje vegen å gå.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS